NRK Meny
Normal

Difor er Trump kontroversiell

Den frittalande mangemilliardæren Donald Trump ser ut til å leva etter ordtaket om at «all PR er god PR». Her er seks av hans mange oppsiktsvekkjande utspel i forsøket på å gjera kometkarriere i amerikansk politikk.

Donald Trump

Donald Trump er full av sjølvtillit, stinn i gryn og glad i rampelyset. Presidentvervet kan den kontroversielle 69-åringen likevel sjå langt etter, meiner ekspertane.

Foto: SCOTT OLSON / Afp

Når Trump opnar munnen, ryddar avisene forsidene. Det er kanskje ikkje så rart. Den styrtrike forretningsmannen og TV-kjendisen er mildt sagt kontroversiell som politikar. Likevel ligg han no an til å bli republikanarane sin kandidat i kappløpet opp mot presidentvalet i 2016, etter å ha blitt slått av Mitt Romney i 2012.

Men at Trump vil få nok oppslutnad til å kunne kalla seg USAs president, er ifølgje politiske observatørar også denne gongen høgst usannsynleg. Her er nokre av grunnane til det.

1. Langar ut mot latinoane

Trump har den siste tida kome med fleire hardtslåande kommentarar om latinamerikanske innvandrarar, som ifølgje CIA Factbook utgjer over 15 prosent av folkesetnaden i USA.

Trump har blant anna skulda Mexico for å eksportera valdtektsforbrytarar og andre kriminelle til USA. I etterkant har han presisert at «det er ikkje nødvendigvis meksikanarar. Dei kjem frå alle kantar, frå heile Sør- og Latin-Amerika (..)».

Som om ikkje det var nok, følgde 69-åringen opp med denne brannfakkelen på Twitter:

Laster Twitter-innhold

2. – McCain er ingen krigshelt

Senator John McCain (R-AZ)

Donald Trump var ein av støttespelarane til John McCain i den amerikanske valkampen i 2008. No kallar Trump han for 'ein tapar' og meiner han ikkje fortener å bli omtalt som ein krigshelt.

Foto: HANDOUT / Reuters

Veteranar og krigsheltar har ei stor stjerne blant brorparten av amerikanske borgarar. Det skapte difor stor ståhei då Trump i eit TV-intervju nyleg avviste at den respekterte republikanske senatoren og krigsveteranen John McCain fortener å bli kalla ein krigshelt.

«Han er ikkje ein krigshelt. Han er ein krigshelt fordi han blei teken til fange. Eg likar folk som ikkje let seg fanga», sa Trump om partifellen sin.

Republikanaren McCain var flygar under Vietnamkrigen før han styrta i Nord-Vietnam. Han vart teken som krigsfange i fem og eit halvt år og utsett for tortur over lengre tid.

3. Vil ta IS ved å bomba oljefelt

Trump har tidlegare føreslått å «ta» olja frå Irak som premie for at dei vann krigen, og bruka militærmakt mot OPEC (organisasjonen av petroleumseksporterande land) for å jekka ned rekordhøge oljeprisar i USA.

No er olja til Irak nok ein gong tema, denne gongen som del av Trump sin strategi for å nedkjempa terrorgruppa IS.

«IS må handterast med fast og hard hand (..) Eg ville ha bomba helvete ut av oljefelta i Irak», sa Trump til CNN i starten av juli.

Med slike utsegn ville Trump som president ha vore på gyngande grunn i Midtausten, gitt kor mange amerikanske leiarar som har jobba hardt for å overtyda sine likemenn i regionen om at olja ikkje har vore bakgrunnen for USA sitt nærvær.

Trump sjølv avviser at strategien er problematisk.

4. Tvilte på at Obama var fødd i USA

Før presidentvalet i 2012 spreidde Donald Trump, i likskap med ei rekkje konspirasjonsteoretikarar, tvil om at Obama verkeleg var fødd i USA og kravde at han la fram fødselsattesten sin. Ifølgje grunnlova må ein amerikansk president vera fødd i USA, vera 35 år eller eldre og må ha budd i USA i minst 14 år.

Trump sitt engasjement medførte så mykje merksemd at Obama til slutt brukte to minutt på å setja punktum for den tre år lange debatten om opphavet hans. For ordens skuld: Obama vart fødd på Honolulu, Hawaii den 4 august 1961. Han blei valt som president som 47-åring og hadde då budd i USA sidan 1971.

Laster Twitter-innhold

5. Vil stengja ute ebolasmitta amerikanarar

Trump er svært aktiv på mikrobloggsamfunnet Twitter. Då ebolaepidemien herja på sitt verste i Vest-Afrika i fjor, la han ut ein lang tirade med kritiske ytringar delvis retta mot ebolasmitta pasientar.

Bodskapen var at USA har nok problem som det er, og at ebolasmitta amerikanarar bør bli utestengde frå USA og sjølve ta konsekvensane når dei har reist til Vest-Afrika.

Laster Twitter-innhold

6. Stein i glashus

Trump har proklamert at USA må produsera fleire av varene sine sjølv, og sagt til Fox News at amerikanarar må avstå frå å kjøpa klede produsert i Kina fordi dei «fell ifrå kvarandre etter halvanna år. Det er søppel».

Problemet er at Trump har sitt eige klesmerke med klede som vert produserte i nettopp Kina, i tillegg til Mexico og Bangladesh. Dette gjorde den amerikanske programleiaren David Letterman eit poeng ut av i 2012:

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt