Hopp til innhold

Difor er Kina med i russisk storøving

Kina vil sende signal til USA, roe ned Russland og trene militært. Dette er hovudgrunnane til at Kina er med i den største russiske militærøvinga sidan den kalde krigen.

A column of Russian tanks and armoured vehicles moves in the direction of Tskhinvali from the Georgian city of Gori

TETTARE SAMARBEID: Det kinesiske forsvarsdepartementet seier dei er med i øvinga for å skape et tettare militært samarbeid med Russland og for å styrke begge sider si evne til i fellesskap å reagere på ulike sikkerheitstruslar, ifølgje BBC. 36.000 militære køyretøy deltek i den russiske militærøvinga Vostok-2018 aust i Sibir.

Foto: Vasily Fedosenko / NTB scanpix

I dag starta ei gigantisk militærøving aust i Russland med namnet «Vostok-2018». Det kinesiske forsvarsdepartementet seier dei stiller med 3200 soldatar, 900 militære køyretøy og 30 fly og helikopter, ifølgje BBC.

Her er tre grunnar til at Kina er interessert i samarbeide med sin tidlegare rival under den kalde krigen, samt å vere med i den største militærøvinga sidan Sovjetunionen eksisterte.

1. For å sende signal til USA

På same måte som at Russland med øvinga ynskjer å sende eit signal om styrke til Nato, ynskjer Kina å signalisere det same overfor USA, meiner Øystein Tunsjø, professor ved Institutt for forsvarsstudier.

Øystein Tunsjø

TRE GRUNNAR: Øystein Tunsjø, professor ved Institutt for forsvarsstudier, skisserer tre grunnar til at Kina deltek i den store russiske militærøvinga aust i Sibir.

Foto: Institutt for forsvarsstudier / IFS

Ein kan forstå dette som eit ledd i kinesiske styresmakter sitt ynskje om å demme opp for USA sin globale dominans. I ein situasjon der dei er i handelskrig med USA, ynskjer dei knyte tettare økonomiske, men også militære band til Russland – noko dei to landa omtalar som eit strategisk partnarskap.

– Kina ynskjer å signalisere til USA at dei har ein partnar i Russland, seier Tunsjø.

Både Kina og Russland har samanfallande interesser om å vise høvesvis USA og Nato at dei har ein partnar i kvarandre.

2. For å roe Russland

I sterk kontrast til åra under den kalde krigen der Kina og Sovjetunionen var rivalar, har Kina heilt sidan Sovjetunionen fall arbeida hardt for å få eit godt forhold til Russland, forklarer Tunsjø.

I staden for å gå over grensa og ta seg til rette, gjekk dei i dialog med russarane om at dei ikkje ville krevje område frå dei. Kina ville heller rette fokus mot USA og ynsket om å bli ei betydeleg geopolitisk makt.

Xi Jinping og Vladimir Putin

VENNSKAPSBAND: Samstundes som stridsvognene rulla over landskapa aust i Sibir, tok president Vladimir Putin imot sin kinesiske kollega Xi Jinping i den russiske byen Vladivostok i samband med tredagersmøtet i Det austlege økonomiske forum. Dei to landa har knytt tettare band både økonomisk, politisk og militært dei seinaste åra.

Foto: Mikhail Metzel / AP

– I den samanheng ser dei seg ikkje tente med å ha Russland som fiende. Verken Russland eller Kina er tente med å vere i konflikt med kvarandre om dei skulle hamne i konflikt med ein tredjepart, seier Tunsjø.

Difor kan ein forstå den kinesiske deltakinga som eit teikn på at dei vil vise at dei står saman med Russland og ikkje mot dei.

Men Russland er på si side uroa over at dei har blitt «veslebror» i forholdet med Kina. Difor er det spesielt at militærøvinga skjer aust i Sibir, i eit område der det bur få russarar, er lite infrastruktur og eit område der Kina har stor innverknad, meiner Tunsjø.

– Ved å halde øvinga her kan russarane slå to fluger i ein smekk. Dei viser styrke overfor Nato, men samstundes kan dei ved å vise at dei også i dette området kan mobilisere i stor skala, signalisere til kinesarane at det vil vere svært kostbart for dei å trenge inn i desse områda, forklarer Tunsjø.

3. For å trene militært

Deltaking i denne store militærøvinga vil for Kina ha betydning reint militært.

Stein Tønnesson

TENE MILITÆRT: Stein Tønnesson, forskar ved Institutt for fredsforsking, PRIO, seier at Kina har eit sterkt militære, men at dei manglar kamperfaring.

Foto: NRK

– Dei får noko att både operasjonelt og taktisk. Det å få observere og få ta del i ei så stor øving vil kunne gi dei moglegheit til å teste sine soldatar, men også gi dei logistisk kunnskap, seier Tunsjø.

Stein Tønnesson, forskar ved Institutt for fredsforsking, PRIO, seier seg samd.

– Kina har eit sterkt militære, men dei har ikkje mykje kamperfaring dei seinare åra. Difor vil dette bety mykje reint militært.

Likevel påpeiker Tunsjø at 3200 soldatar ikkje er mange til samanlikning med dei rundt 300 000 som deltek frå russisk side.

– Russarane kan ha ein baktanke her. Det er ikkje sikkert kinesarane vil få så mykje innsyn som det kan sjå ut til. Eg trur nok russarane held korta tett mot brystet, seier Tunsjø.

SISTE NYTT

Siste nytt