Hopp til innhold
Urix forklarer

Difor er det kraftige samanstøytar i Kosovo

Over 80 personar vart skadde da demonstrantar og KFOR-styrken barka saman i Kosovo. Valden kjem samtidig med at presidenten i nabolandet Serbia er under press.

TIqcssASpxA

KFOR-styrken under press i Kosovo. No kjem det forsterkingar.

Foto: Reuters

Tysdag samla demonstrantar seg igjen framfor rådhusa i landsbyane Zvečan, Leposavić og Zubin Potok, der borgarmeistrane no er kosovoalbanarar.

Serbarane, som ønskjer at regionen blir gjenforeina med Serbia, er rasande, og måndag vart KFOR-soldatane bombarderte med bensinbomber, stein og flasker då dei freista å verje desse rådhusa.

Ein politipatrulje blei omringa, og demonstrantane trua med å drepe. I åtte timar blei det forhandla. Då forhandlingane ikkje førte fram bestemt KFOR-styrken å berge ut politifolka med makt. Ein demonstrant blei skoten to gangar og er hardt såra.

hGn16NY71rU

Ein av dei pansra politibilane som blei halden som gissel i åtte timar. Bilen har blitt måla med eit nasjonalistisk serbisk symbol og «Z.»

Foto: Reuters

Det var politiet si oppgåve å frakte borgarmeistrane til rådhuset, men det er uklart om det var kosovoalbanske politikarar i politibilane då dei blei tekne som gissel.

30 soldatar frå den internasjonale KFOR-styrken blei skadde, hovudsakleg soldatar frå Ungarn og Italia. Tre av desse skal ifølgje lokale medium ha skotskadar. Andre skal igjen ha brote bein eller ha brannskadar.

53 demonstrantar vart skadde.

YN7rnahwIzo

Ein demonstrant i kamp mot KFOR-styrken.

Foto: Reuters

Betent lokalval

Konflikten har bakgrunnen sin i at kosovoalbanske parti for nokre veker sidan vann lokalvalet i den serbisk-dominerte regionen nord i Kosovo.

Det kjem av at nesten heile den serbiske minoriteten boikotta valet slik at valdeltakinga enda på 3,5 prosent.

Mange serbarar er opprørte over at det no er kosovoalbanske borgarmeistrar i dei serbisk-dominerte kommunane nord i Kosovo. Og difor demonstrerer dei utanfor dei aktuelle rådhusa for å hindre at desse borgarmeistrane kjem seg til kontoret.

Den serbiske minoriteten som bur nord i Kosovo anerkjenner ikkje at Kosovo erklærte seg som ein uavhengig stat i 2008. Dei ser framleis på Beograd som sin hovudstad.

Serbisk president under press

Serbias president Aleksandar Vučić sette tysdag hæren i høgste beredskap. Støtte til den serbiske minoriteten i Kosovo er ei kampsak for Vučić, som sjølv reiste ned til grensa for å følgje situasjonen på nært hald.

Kosovos president Vjosa Osmani skuldar sin serbiske kollega for å iscenesette valden ved å bruke kriminelle gjengar.

Begge sider skuldar kvarandre for å vere den aggressive part medan dei sjølve er den som ser etter ei fredeleg løysing.

Uansett kan det sjå ut som at uroa i Kosovo kjem lagleg for Vučić.

I Serbia har det vore store demonstrasjonar mot regjeringa etter to masseskytingar i mai. Serbiske politikarar blir skulda for å fremje ein valdskultur i media og i måten dei handterer politiske konfliktar.

Ved å rette fokuset til ei konflikt utanfor Serbia kan Vučić vise handlekraft og styre fokuset vekk frå interne problem.

For KFOR-styrken var dette den mest alvorlege dagen sidan opptøyane i 2004.

SISTE NYTT

Siste nytt