Hopp til innhold

Diana-sjåfør var full

Nye undersøkingar stadfestar at sjåføren til prinsesse Diana verkeleg var full då ulukka som kosta Diana og Dodi Al Fayed livet i 1997, skjedde.

Prinsesse Diana og Dodi al Fayed i St. Tropez i 1997.

Prinsesse Diana saman med Dodi al Fayed i St. Tropez kor tid før dei omkom i ei trafikkulukke i Paris.

Foto: PATRICK BAR / AP

Dette kjem fram i ein dokumentar som blir sendt på BBC i morgon. Familien hans har nekta å godta at Henri Paul verkeleg var rusa, og dei har heile tida hevda at det vart tukla med dei opprinnelege prøvene.

No har franske etterforskarar DNA-testa blodet hans, og desse prøvene stadfestar resultatet i dei gamle prøvene.

Mohammed al Fayed fram for ein statue av Diana og Dodi i Harrods i London.

Dodi al Fayed har aldri godteke at det som skjedde med sonen Dodi og prinsesse Diana i Paris var ei ulukke.

Foto: Alessandro Abbonizio / AFP

DNA-test

Dei har til og med samanlikna DNA frå Henri Paul med DNA frå andre familiemedlemer for å vere sikre på at det var hans DNA.

Etterforskinga av det som skjedde i Paris 31. august 1997 konkluderte med at Henri Paul var skuld i ulukka. Han var påverka av både alkohol og antidepressiva, og han køyrde for fort, meinte politiet. Også Henri Paul omkom i ulukka i ein tunnel under sentrum av den franske hovudstaden.

Faren til Dodi al Fayed, den rike forretningsmannen Mohamed al Fayed, har aldri godteke denne konklusjonen. Han meiner at ulukka var sett i scene av det britiske kongehuset fordi dei aldri ville godta at prinsesse Diana, som var skild frå prins Charles og mor til ein tronfølgjar, skulle vere saman med ein muslim.

- Aldri tvil

I eit intervju med den britiske avisa Daily Mail i dag seier Martine Monteil, som leidde den franske etterforskinga, at det aldri har vore den minste tvil om at ulukka skuldast at Henri Paul var påverka, og at han køyrde altfor fort.

Ho avviser på det sterkaste at det skjedde noko ureglementert med blodprøvene etter ulukka i Paris i 1997.

Ei gransking av denne saka, som har vore leidd av den tidlegare politisjefen i London, John Stevens, er venta å leggje fram sin rapport komande veke. Denne granskinga har gått føre seg i tre år.

Fleire aviser skiv i dag at konklusjonen av denne etterforskinga er at det som skjedde var ei tragisk ulukke.

Ei ny offisiell britisk gransking av saka er venta å starte i januar 2007.

Det var denne bilen prinsesse Diana og Dodi Al Fafyed var passasjerar i då dei omkom i 1997.

Vraket av bilen til prinsesse Diana og Dodi al Fafyed

Foto: PIERRE BOUSSEL / AFP

SISTE NYTT

Siste nytt