NRK Meny
Normal

– Minst 640 mennesker drept i Libya

En menneskerettighetsorganisasjon har lagt frem nye dødstall etter demonstrasjonene i Libya, hvor uroen har fortsatt onsdag.

Tunisarar passerer grensa til Tunisia

Desse tunisarane kom seg over til tunisisk side, men inne frå Libya blir bønene om redningsaksjonar desperate.

Foto: FRED DUFOUR / Afp

Video Muammar al-Gaddafi holder tale på libysk stats-TV

Valden held fram i Libya etter at Muammar al-Gaddafi talte på libysk TV tysdag kveld.

Foto: Nyhetsspiller

Etter flere dager med opprør mot den libyske lederen Muammar al-Gaddafi, har det kommet nye meldinger om voldshandlinger fra landet.

I går sa Gaddafi at han vil kjempe til siste mann , og ga hæren og militæret ordre om å knuse opptøyene.

FN har fordømt Gaddafis handlinger.

Etter talen ble det meldt om nye opprør i Libya . Tirsdag har utlenlandske arbeidare som fremdeles er inne i Libya bedt om å bli reddet ut.

Dette har skjedd i Libya i dag (saken blir ikke lenger oppdatert):

20.45: Det har vært sporadiske meldinger om kamper i og rundt Tripoli onsdag, melder BBC. En BBC-reporter øst i landet sier at hele området nå ser ut til å være kontrollert av Gaddafi-kritiske styrker, en blanding av avhoppede soldater og lokal milits. I områder vest i landet er situasjonen langt mindre oversiktlig. Styrker som støtter Gaddafi kontrollerer grenseposter og veikontrollposter, men virker å miste kontrollen i noen byer og tettsteder.

19.14: Oljeprisen i USA har passert 100 dollar per fat for første gang siden 2008, etter opprøret i Libya.

19.14: Israel vil la 300 palestinere som er i Libya komme tilbake til de palestinske områdene, opplsyer statsminister Benjamin Netanyahu.

19.04: USA vil vurdere å fryse verdier tilhørende den libyske regjeringen og lederen Muammar al-Gaddafi, sier talsperson P. J. Crowley i utenriksdepartementet, ifølge nyhetsbyrået Reuters.

17.46: EU er klar til å innføre sanksjoner mot Libya, opplyser en diplomat til nyhetsbyrået AFP.

17.40: EU-kommisjonens sjef Jose Manuel Barroso sier at han har snakket med italienske myndigheter om en mulig strøm av flyktninger til landet, melder BBC. Barroso sier at EU må håndtere situasjonen i tråd med unionens verdigrunnlag.

17.16: Minst tre laster med olje har forlatt libyske havner de siste 24 timene, til tross for uroen i landet, sier handels- og shippingkilder til nyhetsbyrået Reuters. Tankskip har gått ut fra havnen Es Sider, terminalen Ras Lanuf og fra et ukjent tredje sted.

16.49: Minst 640 mennesker har blitt drept i Libya i demonstrasjoner mot Gaddafis regime, sier menneskerettighetsorganisasjonen IFHR ifølge nyhetsbyrået AFP.

16.38: Journalister som tar seg ulovlig inn i Libya er «fredsløse», erklærer et libysk departement, ifølge nyhetsbyrået AFP.

16.20: Al Qaida har etablert et islamsk emirat i Derne øst i Libya, som er ledet av en tidligere fange ved den amerikanske fangeleiren Guantanamo. Det opplyser Libyas viseutenriksminister til EU-ambassadører i Tripoli, ifølge nyhetsbyrået AFP.

16.06: Demonstranter har tatt kontroll over byen Misurata vest i Libya, melder nyhetsbyrået AP.

Luis Moreno-Ocampo

Sjefsaktor Luis Moreno-Ocampo ved Den internasjonale straffedomstolen.

Foto: Francois Lenoir / Scanpix/Reuters

15.57: Stortbritannia utelukker ikke å sende militære kampfly inn i Libya uten tilltalelse, for å evakuere britiske statsborgere fra landet. Det opplyser utenriksminister William Hague. Han sier også at Storbritannia og allierte land vil gjøre hva de kan for å holde personer som har begått eller gitt klarsignal til menneskerettighetsbrudd i Libya.

15.46: Sjefsaktor Luis Moreno-Ocampo ved Den internasjonale straffedomstolen sier han ikke kan etterforske forhold i Libya hvis ikke landets myndigheter aksepterer domstolens myndighet, eller hvis FNs sikkerhetsråd ber ICC ser på situasjonen.

15.31: Et kampfly fra det libyske luftforsvaret styrtet ved byen Benghazi øst i Libya onsdag. Mannskapet nektet å adlyde ordre om å bombe byen, og skjøt seg ut i fallskjerm. Det sier en militærkilde til den libyske avisen Quryna, ifølge nyhetsbyrået Reuters. Flyet var et russiskprodusert Sukhoi-22.

Deler av Pan-Am-flyet som styrtet i Lockerbie i 1988.

Deler av Pan-Am-flyet som styrtet i Lockerbie i 1988.

Foto: AP

15.00: General Suleiman Mahmoud, hærkommandør i den libyske byen Tobruk, sier til Al Jazeera at han og hans soldater støtter folket i demonstrasjonene mot Muammar al-Gaddafi.

14.30: Det tyske oljeselskapet Wintershall har stanset oljeproduksjonen i Libya på grunn av sikkerhetssituasjonen i landet, opplyser en talsperson for selskapet.

Fra nå av kommer oppdateringene på bokmål.

13.50: Den avåtte justisministeren i Libya, Mustafa Mohamed Abud Al Jeleil, seier Muammar al-Gaddafi personleg gav ordre om Lockerbie-attentatet.

Han seier dette i eit intervju med den svenske avisa Expressen.

Før jul kom det fram at Muammar al-Gaddafi pressa fri Abdel Baset al-Megrahi som har site fengsla i Skottland for å ha delteke i aksjonen.

13.42: Alle hamner og terminalar i Libya er stengde på grunn av opprøret i landet, opplyser den franske shippinggruppa CMA CGM. Det ligg ikkje føre noko informasjon om når hamnene kan opne igjen, melder nyheitsbyrået AFP.

Al Jazeera sender live frå Tobruk, Libya

Al Jazeera sender live frå Tobruk, Libya

Foto: Ap

13.34: Al-Jazeera sender direkte frå innsida av Libya. Frå byen Tobruk, aust i landet, viser dei bilete av ein demonstrasjon mot Muammar al-Gaddafi. Demonstrantane held opp skilt med påskrifta «Slepp Libya fri».

13.23: EU-president Herman Van Rompuy fordømmer valdshandlingane i Libya, og krev at dei kriminelle handlingane ikkje må få halde fram utan å bli møtt med konsekvensar for dei som står bak, melder nyheitsbyrået AFP.

13.07: Ein britisk oljearbeider melder at han og 300 andre sit faste i ein leir aust i Libya, og ber om bli redda frå det han kallar eit «mareritt».

Han seier til BBC at han er saman med andre britar, i tillegg til tyskarar, pakistanarar, austerrikarar, rumenarar og folk frå Bangladesh.

– Vi har mat og vatn nok til kanskje ein dag, seier han ifølgje Al-Jazeera.

Han seier også at innbyggjarar frå landsbyar i nærleiken kjem til leiren om natta og stel utstyr.

– Frå den tyske leiren like ved har dei stelt alt. Vi er desperate etter å bli redda, seier han.

Evakueringskø i Tripoli

Folk står i kø på flyplassen utanfor Tripoli for å komme seg ut av landet på grunn av valdshandlingane som skjer der.

Foto: STR / Reuters

12.37: EU står klare til å evakuere 10.000 europearar som sit fast i Libya, opplyser Europakommisjonen. Evakueringa vil skje også sjøvegen, skriv nyheitsbyrået AFP.

EU skal bestemme seinare i dag om dei vil innføre sanksjonar mot Libya, skriv dei vidare.

12.10: Ein tyrkisk arbeidar er skoten og drepen av ein ukjent gjerningsmann i utkanten av hovudstaden Tripoli, ifølgje CNN Tyrkia.

Statsminister Ahmet Davatoglu har tidlegare meldt at ein tyrkisk statsborgar døydde i området tysdag, ifølgje Reuters.

Den iranske presidenten Mahmoud Ahmadinejad

Den iranske presidenten Mahmoud Ahmadinejad.

Foto: SEYLLOU DIALLO / Afp

12.09: Den iranske presidenten Mahmoud Ahmadinejad rasar mot regimet i Libya og ber verdas leiarar om å lytte til folket, melder nyheitsbyrået Reuters.

11.33: 15.000 kinesiske statsborgarar vil bli henta ut frå Libya med fire chartra ferjer som vil frakte dei til Hellas.

Ferjene kan ta 1500 passasjerar kvar og vil frakte dei kinesiske arbeidarane til Kreta, der dei vil bli sendt vidare heim med fly, rapporterer nyheitsbyrået AFP.

11.10: Den franske presidenten Nicolas Sarkozy ber EU om å innføre konkrete sanksjonar mot Libya. Han ønskjer å stanse økonomisk og finansielle relasjonar med landet.

Dette samsvarer med det den franske toppdiplomaten Jean-David Levitte har sagt tidlegare.

Frankrike-president Nicolas Sarkozy i regjeringsmøte

Frankrike-president Nicolas Sarkozy etter møtet med justisminister Michel Mercier, statsminister Francois Fillon og energi- og industriminister Eric Besson.

Foto: ERIC FEFERBERG / Afp

10.56: Oljeprisen går framleis opp etter at uroen i Midtausten braut ut. I skrivande stund står kursen i 108 dollar fatet, ifølgje Oslo Børs.

10.51: Den franske oljegiganten Total vil stanse delar av oljeverksemda si i Libya, melder AFP. Dei følgjer dermed i fotspora til fleire andre oljeselskap.

I går vart naturgassforsyninga frå Libya stansa.

10.40: Menneskerettsrådet i FN skal møtest fredag for å diskutere krisa i Libya. Dei gjer dette etter oppmoding frå EU, ifølgje ein talsperson frå rådet.

10.34: Utanriksminsteren i Italia, Franco Frattini, seier at 1000 personar er drepne i samanstøytane i Libya, melder AFP.

Han seier også at Gaddafi har mista kontrollen i provinsen Kyrenaika, aust i Libya.

Italia er eitt av landa i EU som har tettast band til Libya. Statsminister Silvio Berlusconi skal ha snakka med Gaddafi i går, og fått forsikringar om at alt står bra til, melder det libyske nyheitsbyrået JANA.

Franco Frattini og Silvio Berlusconi

Statsminister Silvio Berlusconi (til høgre) og utanriksminster Franco Frattini på eit møte om situasjonen i Libya i går.

Foto: MAX ROSSI / Reuters

10.17: Ein fransk toppdiplomat ber land i Europa om å innføre sanksjonar mot Libya etter valden i landet.

– Kriminelle må forstå at det internasjonale samfunnet kjem til å stille dei til ansvar for det dei gjer, seier Jean-David Levitte til Reuters.

Han seier likevel at ein militæraksjon ikkje blir vurdert.

10.00: Den libyske ambassadøren til Indonesia går av. Det opplyser utanriksdepartementet i landet til Reuters. Som mange andre diplomatar, går også han av i protest mot måten Gaddafi slår ned på opprøret i Libya.

09.46: Ein av rådgjevarane til Saif al-Islam Gaddafi, ein av sønene til leiaren, har gått av i portest mot valden i landet, melder Reuters.

– Eg har trekt meg frå Gaddafi-stiftinga for å uttrykkje mi misnøye med valden, seier Youssef Sawani i ei tekstmelding til nyheitsbyrået.

09.33: Gaddafi har gitt ordre til sikkerheitsstyrkane sine om å sabotere oljeinstallasjonar i landet. Det hevdar etteretningspesialisten Robert Baer i magasinet Time.

Ifølgje Baer har Gaddafi gitt ordre om å sprenge røyrleidningar til Middelhavet i lufta, skriv NTB.

Fleire internasjonale oljeselskap har stansa produksjonen i Libya, som er den tredje største oljeprodusenten i Afrika.

09.17: NRK-reporter Erik Aasheim fortel frå grensa mellom Tunisia og Libya at utlendingar flyktar frå landet. Han har møtt mange som fortel at dei er blitt banka opp av politiet eller fengsla.

Tunisiar viser forslått rygg

Ein mann som nektar å oppgi namnet sitt til nyheitsbyrået AP, viser fram skadane han seier han er påført av politiet i Libya.

Foto: Lefteris Pitarakis / Ap

09.02: Gaddafi skal ha teke tilbake kontrollen i fleire byar i den austlege delen av landet, havdar regimet. Demonstrantane feira i går at dei såg starten på ein ny periode som frie .

I natt har sikkerheitsstyrkane og hæren teke over kontrollen, og reetablert posisjonane sine, fortel presidenten i nasjonalforsamlinga, Mohamed Zwei til nyheitsbyrået AFP.

08.53: Den britiske avisa The Times melder at dei har bevis for at brutal vald skjer i Libya. Dei har fått ein video frå eit sjukehus i byen Benghazi, som dei ikkje vil legge ut på Internett, fordi han er for grusom, seier redaktør Martin Fletcher.

08.30: – Miltæret skyt alle dei ser. Ein bil køyrer først og skyt alt som rører seg. Bil nummer to plukkar opp lika og brenn dei, fortel Abdul frå Tripoli til australske ABC Radio.

Han fortel også om jagarfly og helikopter, men seier at han ikkje har sett desse skyte, ifølgje Al-Jazeera.

Ifølgje Abdul får alle som seier dei støttar Gaddafi våpen, og beskjed om å skyte alle.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt