Dette må Sverige gjere for å bli betre på val

Svenske veljarar må få avlegge røystene sine utan at nokon ser kva parti dei røyster på, konkluderer observatørar frå OSSE. Dei kjem med fleire råd til korleis vala i Sverige bør bli betre.

Røystesetlar

Hemmelege val er eit grunnprinsipp, men i Sverige ligg røystesetlane utanfor avlukka.

Foto: Jessica Gow / NTB scanpix

Det er første gong organisasjonen for samarbeid og tryggleik i Europa (OSSE) har sendt valobservatørar til Sverige, for å sjå at valet gjekk rett føre seg.

Like etter det siste riksdagsvalet i september, kom valobservatørane med kritikk av måten valet vart gjennomført på. No har organisasjonen kome med ein rapport med til saman seks råd for å gjere det svenske valsystemet betre.

Hemmelege val

Folk røyster i Sverige

OSSE ber Sverige om å sikre at folk skal kunne røyste utan at andre kan sjå kva parti dei røyster på.

Foto: Tt News Agency / Reuters

Eit av råda er at veljarane skal kunne ta røystesetlane utan at andre ser kva parti du har valt.

I Sverige har kvart parti sin eigen røystesetel, på same måte som i Noreg, men setlane ligg utanfor sjølve røysteavlukke.

Dette er eit tiltak som den svenske Riksdagen allereie jobbar med å innføre. Ifølgje Sveriges Radio godkjende Riksdagen onsdag eit forslag om å flytte røystesetlane, slik at ingen andre kan sjå kva parti ein vel. Dette skal tre i kraft frå årsskifte.

Finansiering

OSSE meiner også det skal vere meir openheit rundt kven som finansierer valkampanjane til dei ulike kandidatane.

I dag må svenske parti berre leggje fram inntekter, men ikkje utgifter, eigendelar eller gjeld. Det gjer det vanskeleg for folk å kunne granske korleis partia finansierer kampanjane sine.

OSSE slår også fast at den svenske lovgivinga er eit solid fundament for å gjennomføre demokratiske val.

Prøver å unngå nyval

Valet i Sverige vart halde 9. september og enda med at Socialdemokraterna vart største parti, Moderaterna nest størst og Sverigedemokraterna nummer tre.

Over to månader etter valet har Sverige enno ikkje fått ei ny regjering.

I førre veke prøvde Ulf Kristersson frå Moderaterna å danne regjering med Kristdemokraterna, utan å få støtte for forslaget i Riksdagen.

Stafettpinnen har dermed gått vidare til leiaren for Centerpartiet, Annie Lööf. Torsdag skal ho fortelje talmannen i Riksdagen korleis regjeringssonderingane har gått.

Dei folkevalde har i alt fire sjansar til å bli samde om ei ny regjering. Dersom dei ikkje klarar det, blir det utlyst nyval i Sverige.

The party leaders of the centre-right liberal conservative political alliance Alliansen, Ulf Kristersson, Annie Loof, Jan Bjorklund and Ebba Busch Thor attend a joint campaign meeting in Stockholm

Dei fire partia i den borgarlege Alliansen fekk ikkje nok røyster ved valet til å danne ei fleirtalsregjering. No er det Annie Lööf (t.h.) som skal prøvde å gi Sverige ei ny regjering.

Foto: Ints Kalnins / Reuters

SISTE NYTT

Siste nytt