Tjukke jakker og vintersko måtte hentast fram frå lengst bak i kleskapet. Snøen kom uventa på mange, som også måtte finne fram snøskuffene.
Vanlegvis er temperaturen i november mellom 10 og 17 grader. Derfor var det mange som vart overraska då dei vakna til snø i dag tidleg.
– Eg var sjokkert! Det er for tidleg, seier Masaru Machida, på veg heim frå nattevakt.
Meteorologane har varsla både is på vegane og at snøen kan leggje seg på kraftleidningane. Dei har også åtvara mot at drivhus kan kollapse, ifølgje The Japan Times.
– Vêrvarselet sa at det kom til å snø, men eg var skeptisk sidan det framleis berre er november, seier Chieko Odo.
Sist gong det snødde i Tokyo i november var i 1962, men den gongen vart ikkje snøen liggjande. Ifølgje BBC er dette første gong snøen har blitt sett på bakken sidan dei starta målingane i 1875.