NRK Meny
Normal

Dette har ikkje skjedd sidan 1962

Innbyggjarane i Tokyo fekk seg ei stor overrasking då dei vakna i dag. For første gong på 54 år opplever dei at det snør i november.

Torsdag morgen lavet det ned over Japans hovedstad. Hele 54 år har gått siden sist innbyggerne i Tokyo våknet til snø i november.

OVERRASKA: Mange av innbyggjarane i Tokyo har aldri opplevd at det har vore snø i november.

Tjukke jakker og vintersko måtte hentast fram frå lengst bak i kleskapet. Snøen kom uventa på mange, som også måtte finne fram snøskuffene.

Vanlegvis er temperaturen i november mellom 10 og 17 grader. Derfor var det mange som vart overraska då dei vakna til snø i dag tidleg.

– Eg var sjokkert! Det er for tidleg, seier Masaru Machida, på veg heim frå nattevakt.

Meteorologane har varsla både is på vegane og at snøen kan leggje seg på kraftleidningane. Dei har også åtvara mot at drivhus kan kollapse, ifølgje The Japan Times.

– Vêrvarselet sa at det kom til å snø, men eg var skeptisk sidan det framleis berre er november, seier Chieko Odo.

Sist gong det snødde i Tokyo i november var i 1962, men den gongen vart ikkje snøen liggjande. Ifølgje BBC er dette første gong snøen har blitt sett på bakken sidan dei starta målingane i 1875.

Gå til forsiden

Snø i Tokyo for første gong på 54 år

Snø i Tokyo

Snø i Tokyo for første gong på 54 år

7 bilder

    Laster innhold, vennligst vent..
    Laster innhold, vennligst vent..

    SISTE NYTT

    Siste nytt