NRK Meny
Normal

Michelle avslørte kva Barack får til jul

– Ikkje skriv dette i avisene, fordi då kjem han til å lese det i morgon. Men eg kjem kanskje til å kjøpe nokre treningsklede til han, avslørte den amerikanske fyrstedama Michelle Obama i går.

USAs førstedame Michelle Obama avslører hva hun har tenkt å gi sin ektemann Barack Obama til jul.

Ei veke før jul, avslører Michelle Obama kva som vil ligge til USAs president under juletreet.

– Eg kjem ikkje til å tvinge mannen min til å trene meir, spøkte Michelle Obama, og møtte latter frå pasientar og foreldra deira, då ho i går besøkte barnesjukehuset «Children’s National Medical Center» i Washington.

Michelle Obama Sunny Obama, Bo Obama

Bo og Sunny kan vente seg nye tyggeleikar til jul.

Foto: Jacquelyn Martin / Ap

Ifølge kona skal treningsklede også ha vore ønsket til ein av verdas mektigaste menn. Hundane, Bo og Sunny kjem derimot til å få tyggeleiker til jul, medan presidentens døtrer ikkje har noko særleg lang ønskjeliste.

– Malia ville ha ein mobiltelefon, men så kjøpte faren hennar ein mobil til ho. Då sa eg «Du øydela alt! Det skulle vere ei julegåve», fortalde Michelle til borna på sjukehuset, ifølgje nyheitsbyrået AP.

Det er uvisst om fyrstedama eigentleg hadde planar om å røpe såpass mykje om kva som hamnar under Obama-familiens juletre, og ho sa heller ikkje så mykje om det ville kome fleire gåver frå ho til familien.

Men Michelle fortalde derimot meir om kva filmar og mat ho likar best til jul. Gresskarpai er favorittmaten, medan ho helst ser «A Christmas Story», «It’s a Wonderful Life», og «A Charlie Brown Christmas» på TV-en.

Over nyttår er det duka for ytterlegare festing for presidentkona når ho feirar sin 50-årsdag. Då kunne det fort hende at det vart litt fest og dans, sa Obama til dei frammøtte på barnesjukehuset i Washington.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt