NRK Meny
Normal

Dette er Trumps nye klimalov som splittar USA

Det er venta at president Donald Trump kjem til å setje ein stor strek over eit av Barack Obamas tiltak mot global oppvarming. – USA kan miste det politiske presset landet treng for å nå klimamåla, meiner forskar ved Cicero.

Donald Trump sitter med hånden i ansiktet

SKEPTISK: President Donald Trump trur ikkje klimaendringane er menneskeskapte, og meiner det bør bli satsa meir på kolkraft.

Foto: NICHOLAS KAMM / AFP

Tysdag skal truleg president Donald Trump signere ein ny presidentordre som vil gjere om på delar av klimapolitikken president Barack Obama innførte.

Trump ønskjer å bygge opp at det amerikanske kolgruve-industrien, slik at USA er sjølvforsynte på energi. Under valkamp lova Trump at han skal fjerne lover, som han meiner har ført til store problem for kolindustrien dei siste åra.

No er det venta at Trump skal avvikle planen til Obama-administrasjonen om «clean power». Eit slikt tiltak ville ha lagt restriksjonar på klimagassutslepp frå amerikanske kolkraftverk.

Vil sikre jobbar

Ordren signaliserer at Trump-administrasjonen «kjem til å gå i ei anna retning» i klimapolitikken, sa ein tenestemann til Washington Post i går.

– Det er eit problem som fortener merksemd, men eg trur presidenten har vore klar på at han ikkje kjem til å velje ein klima- eller miljøpolitikk som set den amerikanske økonomien i fare, sa han.

Scott Pruitt

FORNEKTAR: Sjefen for det amerikanske miljødirektoratet, Scott Pruitt, seier at han ikkje trur klimaendringar kjem av menneskeskapte utslepp.

Foto: Susan Walsh / AP

Ifølgje leiaren for USAs miljødirektorat (EPA), Scott Pruitt, vil den nye presidentordren skape fleire arbeidsplassar i amerikanske kolgruver, og føre til lågare pris på straum.

Tilsetting av Pruitt har vore kontroversiell fordi han har sagt at han ikkje trur på at CO₂-utslepp fører til klimaendringar.

Ei anna omstridd avgjerd er godkjenninga av oljerøyrleidninga Keystone XL. Trump kalla det for «ein stor dag for amerikanske jobbar».

– Viser eit splitta USA

Guri Bang

FORSKAR: Guri Bang er forskingsleiar ved Cicero, og jobbar med internasjonale klimaavtaler og amerikansk klimapolitikk.

Foto: CICERO

– Kraftsektoren er den største utsleppssektoren i USA, og står for 30 prosent av dei totale utsleppa, seier forskar ved Cicero, Guri Bang.

Derfor meiner ho at det får store utslag når Trump vel å gå vekk frå forsøket frå Obama på å få til ein føderal klimapolitikk.

– Når ein fjernar desse reguleringane, så tar ein også vekk det politiske presset til å skunde fram overgangen til mindre forureinande energi, seier Bang.

Ordren kjem til å vise klare forskjellar mellom korleis Trump og Obama ser på USAs rolle i kampen mot klimaendringane.

– Dei som har arbeid i kolindustrien, og folk i Midtvesten kjem til å vere glade for ei slik avgjerd. Dei som bur i California og meir progressive delstatar kjem til å vere negative.

– Eigentleg er dette eit utslag på kor delt USA er, og kor polarisert landet er i klima- og energipolitikk, seier Bang.

Kan ta lang tid

Sjølv om Trump ønskjer å gjere om på politikken Obama innførte, så kjem det til å ta tid å endre, og skrive om på regelverket.

– Eit alternativ skal gjennom fleire høyringar med lange høyringsfristar, seier Bang, som trur det vil ta mange år før det vert endra.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt