Hopp til innhold

Tiåring blei drepen då ho prøvde å ringe 911

Fjerdeklassingen Amerie Jo Garza hadde nettopp fylt ti år då ho og 20 andre blei drepne i skulemassakren i Texas tysdag. Dette er offera etter skuleskytinga i Texas.

Amerie Jo Garza som held opp eit diplom.

Amerie Jo Garza blei berre ti år gammal.

Foto: Bilde gitt ut av familien

Amerie Jo Garza blei berre ti år gammal.

Foto: Bilde gitt ut av familien

19 barn og to lærarar blei drepne i skytinga på barneskulen Robb Elementary School i Uvalde, Texas.

Det tok over sju timar før faren til Amerie Jo, Angel Garza, fekk vite kva som hadde skjedd med dottera.

– Takk til alle for bønene og hjelp til å finne min baby. Ho har blitt funnen. Min vesle skatt flyr no høgt med englane, skriv han på Facebook.

– Ikkje ta eit sekund for gitt. Klem familien din. Sei at du elskar dei. Eg elskar deg Amerie Jo. Pass på veslebroren din for meg.

Amerie Jo Garza og faren Angel.

Amerie Jo og faren Angel i jula som var.

Foto: Privat

Ifølge bestemora skal Amerie Jo ha prøvd å ringe naudtelefonen 911 då ho blei skoten.

– Barnebarnet mitt blei skoten og drepen for å prøve å ringe 911. Ho døydde som ein helt mens ho prøvde å få hjelp for ho og klassekameratane, seier bestemora til The Daily Beast.

– Rasande over at skytingane held fram

Eva Mireles og Irma Garcia var begge lærarar for fjerdeklasse ved skulen. Dei gjekk tysdag på jobb, men kom aldri heim igjen.

– Eg er rasande over at desse skytingane held fram. Desse barna er uskuldige. Rifler burde ikkje vere lett tilgjengeleg for alle, seier tanta til Eva Mireles i eit utsegn.

Eva Mireles (44) var lærar ved Robb Elementary School.

Eva Mireles (44) var lærar ved Robb Elementary School.

Foto: Bilde delt ut av familien

– Alt vi kan gjere er å be hardt for vårt land, staten, skulane og spesielt familiane til alle, seier ho vidare.

Ti år gamle Xavier Lopez var blant dei første som blei identifisert som omkomne tysdag.

Berre timar før skytinga starta var mora med på ein prisutdeling for sonen på skulen.

Xavier Lopez

Xavier Lopez døydde i skulemassakren i Texas.

Foto: Bilde delt ut av familien.

– Nok ein familie har fått dei verste nyheitene

Mange foreldre måtte vente langt inn i natta før dei fekk svar på om barna deira overlevde eller ikkje.

Ifølge CNN venta dei på eit samfunnshus i nærleiken. Nokre av foreldra fortalde kanalen at dei måtte gi DNA-prøver til politiet, slik at dei lettare kunne identifisere barna.

– Vi høyrde nettopp skrik frå samfunnshuset. Nok ein familie har fått dei verste nyheitene mogleg, skriv journalist i TV-kanalen KSAT 12, Leigh Waldman, på Twitter.

Ein person sitt ved ein bil utanfor samfunnshuset, der pårørande hadde samla seg.

Ein person sitt ved ein bil utanfor samfunnshuset, der pårørande hadde samla seg.

Foto: Brandon Bell / AFP

Begynte å skyte i fleire klasserom

Guvernør Greg Abbott seier den 18 år gamle antatte gjerningsmannen var ein elev ved byens vidaregåande skule.

Rundt klokka 11.30 skal han ha gått inn på skulen og begynt å skyte i fleire klasserom.

Makenna Lee Elrod i cheerleader-uniform.

Foreldra til ti år gamle Makenna Lee Elrod stadfesta tysdag kveld at ho var blant dei drepne.

Foto: Bilde delt ut av familien.

– Skytaren er død, og det er antatt at politiet drap han, sa Abbot til nyheitsbyrået DPA.

Politiet opplyser om at han skal ha handla aleine og at han var væpna med eit handvåpen og kanskje ei rifle.

Les også 16 drept i skoleskyting i Texas

OmS6MSM4ryk

SISTE NYTT

Siste nytt