Utanrikskorrespondentane til NRK har vore viktige i dekninga av dei store hendingane i verda dei siste åra. Dei har blant anna bidrege til å opplyse og gi publikum innsikt i hendingar som koronapandemien, Brexit, uro i Hongkong og valet i USA.
I løpet av året skal fire av korrespondentane skiftast ut for dei neste tre åra. Gry Blekastad Almås blir London-korrespondent. Det var ho også i perioden 2010–2013.
Philip Lote vender tilbake til Beijing-kontoret, der han var korrespondent i perioden 2003–2007. Han har også vore NRKs korrespondent i Brussel.
I Istanbul blir Heidi Taksdal Skjeseth ny korrespondent. Ho har tidlegare vore USA-korrespondent for Dagsavisen, og jobba tett med USA-valet for NRK i fjor.
I Washington blir Lars Os ein av to korrespondentar. Han har jobba som fotograf og videojournalist for NRK i USA sidan 2017.
Viktig jobb
Utanrikssjef i NRK, Sigurd Falkenberg Mikkelsen, er godt nøgd med det laget NRK kan sende ut til desse byane.
– Det var ei veldig sterk søkarliste, og vi sender ut drivande dyktige utanriksjournalistar i felt i ein krevjande periode.
Koronapandemien gjer at det er ekstra viktig at NRK har korrespondentar som kan rapportere om det som skjer ute i verda.
– I den situasjonen vi er i no, der det nesten er umogleg å reise, blir korrespondentane våre auge og øyrer. Med det kjem også eit stort ansvar, som eg kjenner meg trygg på at dei vi no sender ut, vil løyse på ein god måte, seier Mikkelsen.
Philip Lote
- Ny Beijing-korrespondent. Han var i Beijing også mellom 2003 og 2007.
- Var Brussel-korrespondent i perioden 2015-2020
- Ein av NRKs mest erfarne utanriksjournalistar.
- Cand. mag. frå Universitetet i Oslo med vekt på Sør-Asia og master i sosialantropologi frå School of Oriental and African Studies, University of London.
Heidi Taksdal Skjeseth
- Ny korrespondent i Istanbul.
- Har tidlegare vore USA-korrespondent for Dagsavisen, og dekte USA-valet for NRK i 2020.
- Har skrive boka «Løgn. Hvorfor Trump lyver og hva det gjør med oss».
- Mastergrad i internasjonal politikk frå Université Libre de Bruxelles og ein master i journalistikk frå Colombia University i New York.
Lars Os
- Ny korrespondent i Washington D.C.
- Har vore fotograf og videojournalist for NRK i USA sidan 2017.
- Har jobba som presse- og informasjonsmedarbeidar i Forsvaret.
- Bachelor i Medier og kommunikasjon frå Høgskolen i Oslo
Gry Blekastad Almås
- Ny korrespondent i London. Ho var korrespondent same stad i perioden 2010-2013.
- Programleiar for Urix, og har brei erfaring som utanriksjournalist. Tidlegare har ho blant anna vore programleiar i Dagsrevyen.
- Har skrive boka «Norbritannia» om forbindelsane mellom Noreg og Storbritannia.
- Cand.mag. frå Universitetet i Oslo og Bergen.