Dette er namnet til den svenske prinsen

Den nyfødde prinsen i Sverige skal heite Gabriel Carl Walther, hertug av Dalarna. Han er det andre barnet til prins Carl Phillip og prinsesse Sofia.

photo@royalcourt.se Stockholm 1 september 2017.Prinsfamiljen hemma på Villa Solbacken.Torsdagen den 31 augusti föddes Prins Carl Philips och Prinsessan Sofias son på Danderyds sjukhus. Prinsfamiljen har nu lämnat sjukhuset och är hemma på Villa Solbacken.

Prins Carl Phillip og prinsesse Sofia viste fram den nye prinsen for første gong i førre veke. No har han fått namnet Gabriel Carl Walther.

Foto: photo@royalcourt.se

Fredag la det svenske prinseparet ut dei første bileta av barn nummer to, som blei fødd dagen før. I dag kjem meldinga om at den nye prinsen skal heite Gabriel Carl Walther, hertug av Dalarna, opplyser det svenske hoffet.

Guten skal til dagleg bli kalla Gabriel, og blir nummer seks i den svenske arverekkja, etter storebror Alexander.

Namnet til Gabriel Carl Walther var klart allereie då han blei fødd på Danderyd sjukehus torsdag førre veke, men blei først kunngjort under kongens råd på slottet måndag. Ifølge Expressen er verken Gabriel eller Walther vore vanlege namn i kongefamilien.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt