Hopp til innhold

Dette er dei mest aktuelle kandidatane til Høgsterett

Ein ny dommar som erstattar Ruth Bader Ginsburg i Høgsterett i USA kan vere nominert allereie i kommande veke. President Donald Trump ønskjer seg ei konservativ kvinne.

CPJcV5SGI9g

Amy Coney Barrett skal vere Donald Trump sin favoritt til den ledige plassen i Høgsterett.

Foto: MATT CASHORE/NOTRE DAME / Reuters

Den eldste dommaren i Høgsterett, Ruth Bader Ginsburg, døydde natt til fredag, 87 år gammal. Ho blei utnemnd til høgsterettsdommar av president Bill Clinton i 1993.

No er spørsmålet kven som skal fylle hennar plass, og om avgjerda kjem før eller etter presidentvalet 3. november.

Det er presidenten som utnemner høgsterettsdommarar og Senatet som godkjenner dei. Og Donald Trump vil handle raskt.

Brett Kavanaugh tas i ed

Republikanar og leiar for Senatet, Mitch McConnell (t.h.) ønskjer å finne Ginsburg sin etterfølgjar så raskt som råd. Men Demokratane meiner ein bør vente til etter valet. Dette biletet er frå seremonien då høgsterettsdommar Brett Kavanaugh blei tatt i eid i oktober 2018.

Foto: JONATHAN ERNST / Reuters

– Det blir ei kvinne

– Eg vil ha klar ein kandidat neste veke. Det blir ei kvinne, sa han under eit møte i Fayetteville laurdag.

Senatet, der Republikanarane har fleirtal, vil ta stilling til presidenten sitt forslag før presidentvalet, seier partiet sin leiar i Senatet, Mitch McConnell.

Men fleire republikanarar meiner at ein bør vente til etter valet. Det meiner også Demokratane. Og Ruth Bader Ginsburg sa, kort tid før ho døydde, at ein bør vente med å nominere ny kandidat til etter valet.

dkcuTlmmxMw

Barbara Lagoa er ein av favorittane til å få plass i Høgsterett.

Foto: FLORIDA SUPREME COURT / Reuters

Barrett og Lagoa på topp

Trump ønskjer seg ein konservativ kandidat. I ein telefonsamtale med Mitch McConnell i helga skal han ha trekt fram Amy Coney Barrett (48) og Barbara Lagoa (52) som to favorittar, ifølgje amerikanske medium. Dei er i dag dommarar ved føderale ankedomstolar.

Amy Coney Barrett er fødd i New Orleans, og arbeidde som jusprofessor ved Notre Dame Law School før ho blei dommar. Ho har stått på Trump si liste over aktuelle kandidatar sidan 2017. Barrett er praktiserande katolikk. Ho er uttalt abortmotstandar, og det er stilt spørsmål ved om dette vil påverke hennar standpunkt når slike saker skal opp i Høgsterett.

Barbara Lagoa er fødd i Miami, og er dotter av kubanske foreldre. Ho var den første med latinobakgrunn som blei dommar ved Høgsterett i heimstaten Florida.

Også to andre dommarar, Amul Thapar (51) og Allison Jones Rushing (38) skal vere med i ei lita gruppe av kandidatar som Trump vurderer. Thapar skal vere Mitch McConnell sin favoritt.

Amerikanske høyesterettsdommere

Dommarane i amerikansk Høgsterett, fotograferte i november 2018. Sitjande frå venstre: Stephen Breyer, Clarence Thomas, John G. Roberts, Ruth Bader Ginsburg og Samuel Alito jr. Bak frå venstre: Neil Gorsuch, Sonia Sotomayor, Elena Kagan og Brett M. Kavanaugh. No skal altså Ruth Bader Ginsburg erstattast med ein ny dommar.

Foto: JIM YOUNG / Reuters

– Svært respektert

Alle er nominerte av Trump til dei posisjonane dei har i dag, og skal ha stor støtte blant konservative juristar som har gitt Trump råd i slike saker.

Trump omtalte i helga Barrett som «svært respektert». Då han fekk spørsmål om Lagoa, svarte han at «ho er ein heilt spesiell person, eg har høyrt mykje godt om henne, ho er høgt respektert».

Tidlegare i september la Trump fram ei oppdatert liste med 20 namn på personar han meiner vil vere aktuelle som framtidige konservative kandidatar til Høgsterett. På det tidspunktet var det ingen ledige sete i Høgsterett.

Både Barrett, Lagoa og Thapar figurerer på denne lista, saman med dei republikanske senatorane Ted Cruz, Tom Cotton og Josh Hawley. Andre namn på lista er Gregory Katsas, Kate Todd, Christopher Landau, Paul Clement og Noel Francisco.

Laster Twitter-innhold

SISTE NYTT

Siste nytt