Hopp til innhold

Dette er bunkeren til mafiabossen

Sist onsdag vart mafiabossen Michele Zagaria pågripen av politiet i Napoli. No har politiet frigitt ein video frå dekkhusværet hans fem meter under bakken.

Video Her heldt mafiabossen seg skjult i 15 år

Her heldt mafiabossen seg skjult i 15 år

53 år gamle Michele Zagaria, leiar for den frykta Casalesi-klanen i Camorra-mafiaen, var ein av dei mest ettersøkte personane i Italia då politiet tok seg inn i den underjordiske bunkeren som har vore skjulestaden hans i 16 år.

Udatert bilde av mafiabossen Michele Zagaria, som ble arrestert 7.12.2011 ved Napoli

53 år gamle Michele Zagaria var ein av dei mest ettersøkte i Italia då han vart pågripen.

Foto: HANDOUT / Reuters

Han har gått under kallenamnet «Capa Storta», som på norsk skulle bli noko slikt som «forskrudd hovud». Ei forklaring på tilnamnet er at han har asymmetriske ansiktstrekk, ei anna er at det spelar på sinnstilstanden hans.

LES OGSÅ: Politiet boret seg inn i underjordisk bunker og pågrep mafiaboss

LES OGSÅ: Italiensk mafiaboss pågrepet

Fleire livstidsdommar

Han er dømd til fleire livstidsdommar in absentia for drap, korrupsjon, bortføring, ran og anna organisert kriminalitet, og politiet meiner han er tungt inne i narkotikakriminalitet

Bunkeren er innreidd som eit normalt husvære, og her har han hatt datamaskin, fjernsyn og elles alt det ein finn i ein moderne heim. Han var dekorert med krusifiks, ikon og andre religiøse bilete.

Gøymestaden var vel 50 kvadratmeter stort, og det var skjult bak ein fem meter tjukk mur med armert betong. Bunkeren hadde ein elektronisk opne- og låsemekanisme.

Bunkeren låg under huset til ein venn i småbyen Casapesenna utanfor Napoli, der han har hatt mange støttespelarar. Det blir sagt at han har bevega seg ganske fritt i nærmiljøet, der ingen har hatt interesse av å sladre til politiet. Eller at ingen har teke sjansen på å gjere det.

Kutta straumen

Men politiet må ha fått eit tips. Då dei kjende seg sikre på at Casalesi-sjefen verkeleg oppheldt seg i husværet, kutta dei like godt straumen. Det viste seg at ventilasjonsanlegget var kopla til det offentlege straumnettet, og dermed vart mafiabossen tvungen ut av mangel på frisk luft.

Samstundes borra dei seg veg inn i husværet med kraftige boremaskinar.

Då den mektige mafiosoen kom tuslande ut, sa han til politiet: – Staten har vunne!

Den italienske fjernsynsstasjonen RAI tok med seg kamera og mikrofon rundt om i gatene i Casapesenna for å spørje folk om deira syn på arrestasjonen av Michele Zagaria.

Video 4e9a2a7e-379c-4197-bf40-d0633ab22329.jpg

VIDEO: Camorra-topp gikk i garnet

Inga glede i nabolaget

Folk svarte i hovudsak at dei var triste for at han var arrestert. For dei såg på han som ein vanleg nabo, og mange meinte at politiet hadde fabrikkert bevis mot han. Fleire sa at dei var lojale overfor mafiaen, fordi organisasjonen skaffa dei arbeid. Og at det offentlege var ikkje eksisterande i dette området.

Ein mann svarar slik:

– Eg er lei meg. Familien til Zagaria har alltid gitt hjelp til fattige arbeidsfolk utan jobb. Vi har aldri frå hjelp frå staten.

Et udatert bilde av mafiabossen Michele Zagaria

Dette var biletet politiet brukte i etterlysinga av Michele Zagaria.

Foto: HANDOUT / Reuters

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt