Hopp til innhold

Dette er «Ikaros» – ni milliardar lysår borte

Amerikanske astronomar har ved hjelp av romteleskopet Hubble fotografert ei stjerne som ligg 9,3 milliardar lysår frå jorda. Det har aldri tidlegare blitt observert ei så fjerntliggjande stjerne, ifølgje Smithsonian Magazine.

Ikaros - langt der ute i verdsrommet.

Stjerna som no er oppdaga ligg 9,3 milliardar lysår frå jorda.

Foto: Nasa / Reuters

Stjerna, som har fått namnet sitt etter den greske himmelflygaren Ikaros, er gedigen. Ho er opp mot to millionar gonger meir lyssterk enn vår sol, og dobbelt så varm. Faguttrykket på ei slik stjerne er «blue supergiant», «blå supergigant» på norsk.

«Ikaros» er meir enn 200 gonger lenger unna enn tidlegare oppdaga stjerner i universet, ifølgje Smithsonian Magazine, ei nettside som ligg under det amerikanske nasjonalmuseet Smithsonian. Ein har tidlegare oppdaga store supernova-eksplosjonar så langt unna, men dette er første gongen det har vore mogleg å identifisere ei enkelt stjerne.

Eksisterer ikkje lenger

Tidlegare er det oppdaga galaksar like langt unna, men det har aldri vore mogleg å identifisere ei enkelt stjerne i desse galaksane.

Så langt borte er «Ikaros» («Icarus» på engelsk) at ekspertane kan slå fast at stjerna ikkje lenger eksisterer. Det er ifølgje astronomar ikkje mogleg for ei så stor stjerne å overleve i ni milliardar år, og mest truleg har stjerna forsvunne i eit svart hol eller i ei nøytronstjerne langt tilbake i tid.

Den greske segnfiguren Ikaros, som den nyoppdaga stjerne har fått namnet sitt frå, prøvde på si side å flyge frå fangeskap ved hjelp av heimelaga vengjer festa til kroppen med voks. Då han kom for nær sola smelta voksen, vengjene datt av og han fall i havet og drukna.

Det offisielle namnet til «Ikaros» er MACS J 1 149+2223 Lensed Star 1.

Supernovaen «Refsdal»

Det var astronomar frå den amerikanske romfartsorganisasjonen Nasa og Universitetet i Minnesota som oppdaga den nye stjerna. Det skjedde medan dei studerte supernovaen «Refsdal», som er kalla opp etter den norske astrofysikaren Sjur Refsdal.

For å undersøke supernovaen brukte forskarane teknikken «gravitational lensing». Ved hjelp av lyset frå enorme galaksesvermar langt ute i universet, blir objekt endå lenger ute i verdsrommet synlege. Dette skjer ved at tyngdekrafta frå tunge objekt fungerer som brennglas og forsterkar biletet av galaksar langt borte.

– Vi kan sjå stjerner berre frå ein liten del av verdsrommet, Men dette naturfenomenet gjer det mogleg for oss å få auge på objekt langt borte, som elles ville ha vore usynlege for oss, seier astronomen Patrick Kelly ved Universitetet i Minnesota.

SISTE NYTT

Siste nytt