Hopp til innhold

Dette dyret har ikkje levd i Storbritannia på 6000 år – no skal det prøve å redde økosystemet

I eit nytt bevaringsprosjekt skal ein liten flokk med visentar setjast ut i England. Målet er å sikre at arten overlever og å styrke dyrelivet på den britiske øya.

Visent, også kalla europeisk bison er det største landdyret i Europa. Ein fullvaksen okse kan bli opp mot to meter høy og vege nærare 900 kg.

Arten er utryddingstrua og lever verna på utvalde stader.

For fleire tusen år sidan levde den no utdøydde steppevisenten i Storbritannia. Europeisk bison er den nærast slekta arten.

No skal ei lita gruppe visentar setjast ut i Blean Wood i Kent i England. Prosjektet har som mål å sikre at arten overlever og å gi nytt liv til britisk fauna.

Påkosta prosjekt

Dyrelivet i Storbritannia er blant dei mest svekka i verda. Sidan 1970 har fleire viktige artar mista 60 prosent av bestanden, skriv The Guardian.

– Dette prosjektet vil bevise at ein villare, naturbasert løysing er den rette for å takle den pågåande klima- og naturkrisa, seier Paul Hadaway til den britiske avisa.

Blean wood

BLEAN WOOD: Visentane skal leve i denne skogen i Kent i England.

Foto: Wildwood Trust/Ray Lewis

BLEAN WOOD: Visentane skal leve i denne skogen i Kent i England.

Foto: Wildwood Trust/Ray Lewis

Han jobbar for organisasjonen Kent Wildlife Trust, som saman med Wildwood Trust står bak det nye initiativet. Prosjektet har fått støtte på ein million pund, nærare 12 millionar kroner.

Ein økosystemskapar

Liknande prosjekt er blitt gjennomført i fleire land gjennom dei siste åra. I Polen, Romania og Nederland har europeisk bison klart å attskape berekraftige habitat.

bison visent

INGENIØRER: Visentane skal prøve å redde økosystemet i Storbritannia. I Nederland har arta allerede fått eit godt fotfeste.

Foto: Wildwood Trust/Amanda Fegan

INGENIØRER: Visentane skal prøve å redde økosystemet i Storbritannia. I Nederland har arta allerede fått eit godt fotfeste.

Foto: Wildwood Trust/Amanda Fegan

– Bisonen er kjend som ein «økosystem-ingeniør» på grunn av si evne til å skape og betre levekåra for andre artar, skriv The Wildlife Trusts i ein pressemelding.

Petter Bøckman, zoolog ved Naturhistorisk museum i Oslo viser stor iver for at bisonen no skal returnere til Storbritannia.

– Dette er eit veldig kult prosjekt. Det at dei no prøver dette i England er eit skritt i riktig retning, seier han.

Petter Bøckman er zoolog ved Naturhistorisk museum

POSITIV: Zoolog Petter Bøckman viser stor iver for prosjektet. Han mener visenten kan gjøre samme nytten som elefanten i Afrika.

Foto: Karsten Sund

POSITIV: Zoolog Petter Bøckman viser stor iver for prosjektet. Han mener visenten kan gjøre samme nytten som elefanten i Afrika.

Foto: Karsten Sund

Bøckman forklarer at det er storleiken og åtferda til visenten som gjer at han evnar å skape betre levekår for andre artar. Visenten behandlar jorda, grev hol, feller tre og beitar ned vegetasjon.

Det fører til landskapsendringar i stor skala, som gir andre artar betre moglegheiter til å boltre seg.

Bøckman samanliknar dette med kva elefanten gjer i Afrika. Han forklarer at store delar av det som er opne savannar, eksisterer nettopp fordi elefanten held dei opne.

Bøckman er sikker på at visenten vil klare seg i dei kentiske skogar, sjølv om det er tusenvis av år sidan sist.

– Dette er eit europeisk dyr. Den skal kunne overleve fint i europeiske lauvskogar. Det er det han er tilpassa, seier han.

Visentokse

EUROPEAR: Visenten er det største landdyret i Europa. No skal han returnere til Storbritannia.

Foto: Wildwood Trust/Tom Cawdon

EUROPEAR: Visenten er det største landdyret i Europa. No skal han returnere til Storbritannia.

Foto: Wildwood Trust/Tom Cawdon

Det er planlagt å setje visentane ut våren 2022. Før det skal konserveringsbiologar gjere klart eit område på fem kvadratkilometer. Dette vil gi visentane god plass til å etablere seg, skriv The Guardian.

Er rovdyra dei neste?

Bøckman seier det at det blir òg snakka om att viktige rovdyr bør få ein retur til Storbritannia.

Rovdyrpolitikk er eit betent tema også i Storbritannia, ifølgje naturhistorikar Stephen Moss. Mangelen på rovdyr har ført til eit betydeleg tal hjortedyr som dominerer habitata.

– Dei burde nok vore haldne litt i sjakk av ei sunn rovdyrstamme, seier Bøckman.

Bøckman legg til at dette kan på den andre sida gå utover husdyrhald.

Kent Wildlife Trust/Tom og George Cawdon.

SISTE NYTT

Siste nytt