NRK Meny
Normal

Det svenske kongehuset teier om modellfortida til Sofia

STOCKHOLM (NRK): Delar av fortida til Sofia Hellqvist er teken bort frå CV-en hennar i kongehuset si presentasjon av brura. Dei legg meir vekt på hjelpearbeid enn at ho har vore modell og deltakar i realityserien Paradise Hotel.

Deler av fortida til Sofia Hellqvist er strøket av cv’en hennar i kongehuset si presentasjon av hennar.

Sjå video: Sofia Hellquist angrar verken på modellarbeidet eller deltakinga i Paradise Hotel.

Sofia Hellqvist har sagt at ho ikkje angrar på modellarbeidet eller deltakinga i Paradise Hotel, fordi ho meiner at all erfaring er med og byggjer karakter.

Men perioden med lettkledd posering er likevel ikkje med i biografien kongehuset har lagt ut om sitt nye medlem, som trer inn i familien i morgon.

– «Project Playground» er ein fristad der borna kan kome etter skulen for å vere med på forskjellige aktivitetar. Ved å ta hand om borna blir deira sjølvkjensle sterkare, og dei får ein betre start på livet, seier styreleiar Sofia Bergholtz i organisasjonen.

Den vart starta etter at Sofia Hellquist og ei venninne hadde vore på ei reise til afrikanske land.

No jobbar «Project Playground» med å utvide verksemda, og snart også med ei prinsesse med på laget.

– Ho kjem til å vere ein aktiv part i «Project Playground» og vi har allereie opna vårt senter nummer to, seier Bergholtz.

Prins Carl Philip og Sofia Hellquist verte vigde i Slottskyrkan på laurdag.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt