Hopp til innhold

Store demonstrasjonar etter drap på 17-åring i Florida

17 år gamle Trayvon Martin vart skoten og drepen av ein vaktmann i Sanford i Florida sist månad. Dette har ført til store demonstrasjonar over heile USA, og no har også president Barack Obama engasjert seg.

Frå ein demonstrasjon i St. Louis i Missouri fredag 23. mars.

Dei siste dagane har det vore demonstrasjonar over store delar av USA. Her frå ei markering i St. Louis fredag.

Foto: Johnny Andrews / Ap

Barack Obama

Barack Obama uttrykkjer støtte Trayvon Martin sine foreldre.

Foto: JASON REED / Reuters

– Den viktigaste bodskapen er til Trayvon Martin sine foreldre. Dei veit, at dersom eg hadde hatt ein son, ville han ha likna på Trayvon, sa Barack Obama i Det kvite hus i går. Han kravde at saka blir grundig etterforska, og han la ikkje skjul på at han identifiserer seg sterkt med familien til 17-åringen.

Obama, som er den første svarte presidenten i USAs historie, kalla drapet for ein tragedie, og at han tenkjer på sine eigne born når han tenkjer på Trayvon.

På veg heim

Trayvon Martins var på veg heim etter å ha kjøpt godteri i ein butikk. Han høyrde på musikk og drakk iste. Han hadde ein hettegenser på seg, med hetta på på hovudet, ein populær habitt for amerikanske ungdomar, ikkje minst blant dei med afroamerikansk bakgrunn.

Trayvon Martin vart skoten og drepen av ein vaktmann.

17 år gamle Trayvon Martin vart skoten og drepen av ein vaktmann i Florida sist månad.

Foto: Ap

Vaktmannen, som sjølv har europeisk/latinamerikansk bakgrunn, syntest ungguten såg skummel og rusa ut, så han kontakta politiet over telefon. Politiet åtvara vaktmannen mot å følgje etter 17-åringen, men han valde ikkje å følgje rådet. Han konfronterte Trayvon Martin.

Kva som seinare skjedde er uklart, men det enda med at Trayvon vart skoten og drepen av vaktmannen. Han seier sjølv at han måtte skyte for å forsvare seg, men det verkar klart at 17-åringen ikkje var væpna.

Advokaten til vaktmannen avviser at det ligg rasistiske motiv bak skytinga, og at klienten hans handla i sjølvforsvar.

«Stand your ground»

Vaktmannen er ikkje pågripen etter skytinga på grunn av ei lov som blir kalla «Stand your ground» eller «Line in the sand». Det går kort fortalt ut på at ein person som kjenner seg trua på livet har rett til å drepe personen som truar.

Stor demonstrasjon i Philadelphia i USA.

Eg er Trayvon Martin, står det på ein av plakatane i den store marsjen i Philadelphia fredag kveld.

Foto: Ron Tarver / Ap

Over halvparten av dei amerikanske statane har desse lovene, og denne hendinga har fått mange til å krevje ein revisjon av dei amerikanske sjølvforsvarslovene.

I starten fekk ikkje saka mykje merksemd. Det var eit tilfelle av mange der ein ungdom blir skoten og drepen.

Men så byrja ein del menneske å stille spørsmål om kva som eigentleg hadde skjedd i Sanford i Florida denne kvelden i februar i år. Det skjedde i første omgang gjennom sosiale medium som Facebook og Twitter, og det har ført til store demonstrasjonar over heile USA.

Solidaritetsmarkering på baskeballsko.

Basketballstjerna Le Bron James skreiv 'Kvil i fred, Trayvon Martin' på skoene sine før kampen mot Detroit Pistons fredag.

Foto: Duane Burleson / Ap

Det føderale politiet FBI har overteke etterforskinga av saka, etter at politiet i Sanford konkluderte med at det ikkje var noko som tyder på at vaktmannen ikkje hadde forklart seg korrekt om det som hadde skjedd.

Mot rasisme

Mange meiner at Trayvon vart drepen fordi han var svart, og demonstrasjonane som har følgt har fått mange til å trekkje samanlikningar med dei store borgarrettsmarsjane i USA på 1960-talet.

Demonstrasjonane har fått namnet «Million Hoodie Marches», som refererer til hettegenseren Trayvon hadde på seg då han vart drepen. Mange meiner at rasismen er like levande i USA i dag som i 1960-åra.

Ifeoma Ike (t.v.) og Nina Smith demonstrerer på Capitol Hill.

To byråkratar på Capitol Hill, Ifeoma Ike (t.v.) og Nina Smith.

Foto: J. Scott Applewhite / Ap

Minst 20.000 menneske tok til gatene i Trayvon sin heimby Sanford torsdag kveld. Fredag kveld var Philadelphia åstad for ein marsj der minst like mange deltok, og i hovudstaden Washington D.C. var det også fleire støttemarkeringar for Trayvor Martin.

Markering på Capitol Hill

Blant anna hadde tilsette på Capitol Hill, det amerikanske parlamentet, sine eigne markeringar fredag for å markere støtte til familien til Trayvon Martin og solidaritet med svarte ungdomar i USA.

«Hoodies on the Hill» vart markeringa kalla, med klar referanse til hettegenseren Trayvon Davies hadde på seg då han vart skoten. Fleire hundre byråkratar, politikarar og andre deltok i markeringa.

Også Mitt Romney, favoritt til å bli Barack Obamas motstandar ved presidentvalet seinare i år, har også kommentert Trayvon Davies-saka. Han kallar det som skjedde for ein tragedie, og ber om at saka må bli grundig granska for å sikre rettferd.

Tilsette på Capitol Hill demonstrerer.

Tilsette på Capitol Hill under ei markering til støtte for familien til Trayvon Martin.

Foto: J. Scott Applewhite / Ap

SISTE NYTT

Siste nytt