I ein liten landsby utanfor Dohuk i Nord-Irak bur Nemat Gasim på 55 år og hans eit år yngre søskenbarn Jordo Zbrahim. Dei godt vaksne mennene har opplevd mykje i sitt liv, ein del godt og ein del vondt.
Men lite er verre enn dei siste åra.
Dei er begge jesidiar, og vart omringa av Den islamske stat på Sinjar-fjellet i fjor sommar. Samstundes som dei to søskenbarna kjempa for liva sine oppi fjella, utan mat og vatn, så vart ei heil verd kjent med jesidifolket gjennom media.
- LES OGSÅ:
Overskriftene som vart borte
Historiene om jenter som vert selte som sexslavar, grupper med menneske som vert massakrerte og folk på flukt utan mat og vatn har sjokkert mange. Men jo fleire historier som kjem, jo mindre sjokkerande vert dei.
No er ikkje overskriftene like mange, men situasjonen er framleis prekær og særs alvorleg for dei det gjeld. For som jesidiar er Nemat og Jordo eit av IS sine mål, saman med andre ikkje-muslimske grupper.
Og opphavleg var det mange ikkje-muslimar i Nord-Irak. Tilbake i 2003 var det rundt ein og ein halv million kristne i regionen.
– Vil berre leve i fred
No snakkar ein derimot om religiøs utreinsking, og fleire hundre tusen ikkje-muslimar har anten døydd eller flykta ut av området. Og feilen dei har gjort? Å ikkje ha same tru som folka som har sett seg sjølve som dommarar over død og liv i Irak og Syria.
- LES OGSÅ:
Nemat og Jordo har begge opplevd å få døtrene sine kidnappa av IS, og fleire familiemedlem er drepne. Alt dei no ønskjer seg er at dei kan få leve i fred med si tru og sitt liv.
– Me yeizidiar har respekt for alle andre si tru og vil leve i fred og harmoni. Vårt største ønskje er å vende heim, seier Nemat då den katolske hjelpeorganisasjonen Caritas besøkte leiren kor han no held seg.
- LES OGSÅ:
Det humanitære behovet er enormt, og vil vekse så lenge freden er like fjern som den er i Nord-Irak i dag.