Hopp til innhold

Det britiske parlamentet debatterer Trump

Eit statsbesøk frå Donald Trump vil vere pinleg for dronninga, meiner fleire enn 1,8 millionar britar. I kveld debatterer parlamentet det planlagde presidentbesøket.

Protestar mot Trump i London
Foto: JUSTIN TALLIS / AFP

1,85 millionar britar har signert ein underskriftskampanje om at dei ikkje ønsker Trump på besøk. Langt fleire enn dei 100.000 stemmene som må til for at parlamentet må ta opp ei sak. Også ei kampanje til støtte for Trump-besøket har vore i sirkulasjon, men den har berre oppnådd 311.000 stemmer.

«Say no to Trump» lyste opp parlamentsbygningen i går, og i dag hadde motstandarar av Trump-besøket samla seg utanfor parlamentet. Kampanjen vil protestere mot «hatet, rasismen og splittinga Trump prøver å skape».

Regjeringa: – Invitasjonen står ved lag

Og det er ikkje første debatten av sitt slag. Allereie før Trump blei valt til USAs president debatterte parlamentet om Trump skulle bli nekta innreise i landet etter fleire kontroversielle fråsegner. Og dei kontroversielle fråsegnene og handlingane har ikkje stoppa opp etter at Trump tok over i Det kvite hus – snarare tvert imot.

TRUMP-BRITAIN/ A couple walk past a wall mural depicting U.S. President Trump dancing with British Prime Minister May in London

Ein av mange parodiar på det mange ser som ein statsminister som prøvar å innynde seg i for stor grad hos "Uncle Sam".

Foto: TOBY MELVILLE / Reuters

Spesielt det mykje omtala innreiseforbodet har provosert, også leiaren for Underhuset, John Bercow. Sjølv om han sannsynlegvis ikkje kan stanse Trump-besøket kan han hindre den amerikanske presidenten i å tale i parlamentet.

Regjeringa har allereie avvist underskriftskampanjen, og seier at dei ser fram til besøket sjølv om dei anerkjenner dei sterke synspunkta.

Theresa May har allereie avlagt sin kollega på den andre sida av Atlanteren eit besøk, der ho understreka verdien av dei to landas såkalla «særeigne forhold» – eit forhold som står i stadig sterkare kontrast til det mellom Storbritannia og EU, etter at britane stemde for å forlate unionen. Det var i Washington D.C. at May inviterte sin amerikanske kollega til statsbesøk.

USA-TRUMP/BRITAIN A cyclist rides past a mural depicting U.S. President Donald Trump and British Prime Minister Theresa May, in London

Gatekunst som gjer narr av forholdet mellom May og Trump pregar gatebildet i London om dagen.

Foto: TOBY MELVILLE / Reuters

Synes besøket kjem for tidleg

Sjølv om debatten stort sett er symbolsk, og inga avstemming er planlagd, viser den korleis regjeringa har provosert opposisjonen, ikkje berre ved invitasjonen i seg sjølv, men også at den kom såpass tidleg i presidentskapen til Trump.

Trump fekk ein invitasjon frå Theresa May allereie ei veke etter at han blei innsett, medan Obama og Bush måtte vente høvesvis 758 og 978 dagar på ein invitasjon ifølge BBC.

Det er snakk om at besøket skal skje på seinsommaren, og då er det fleire som håpar at det vil skje når parlamentet har pause/ferie og dronninga er i sommarresidensen sin, skreiv The Guardian tidlegare denne månaden. Det har også vore forslag om at besøket blir eit såkalla offisielt besøk, som ikkje har like høg status som eit statsbesøk.

Sjå korrespondent Espen Aas om demonstrasjonane og debatten i Dagsrevyen.

SISTE NYTT

Siste nytt