Hopp til innhold

Det «grønaste» ferielandet strammar inn: Avlyser festivalsommaren i Kroatia

Når kroatiske styresmakter strammar inn betyr det kroken på døra for mange populære sommarfestivalar. Men for ein relativt ukjend og lite besøkt musikkfestival har dette blitt ein sjanse til å formidle klassisk musikk til folket.

strandliv, Dubrovnik, Kroatia.

Kroatia er eit ynda feriemål for mange nordmenn. No strammar landet inn på smittevernreglane.

Foto: Antonio Bronic / Reuters

Kroatia blir no rekna for å vere det tryggaste ferielandet langs Middelhavet, og det siste store «grøne» ferielandet for nordmenn.

Men nyleg testa 94 personar frå Austerrike positivt på korona etter at dei deltok på ein populær festival, og frykta er stor for at smitten vil eksplodere langs kroatiakysten dei neste vekene.

Dette er grunnen til at kroatiske styresmakter no strammar inn reglane for kystfylka med til dømes avgrensingar kor mange som kan møtast og slik vart kroatiske landsbyfestivalar i praksis avlyst.

Nokre høgprofilerte musikkfestivalar har framleis løyve, men publikum må ha vaksinepass, og stengetida er sett til midnatt.

På ei av dei minste øyene i Kvarner-bukta, Susak, hadde dei 120 fastbuande gleda seg til den årlege landsbyfesten med tusenvis av tilreisande. Dei skulle by på grillmat, øl og lokal dansebandmusikk, men alt vart avlyst i siste liten.

– No må dei nøye seg med Bach

Men det er ein musikkfestival som får lov til å halde konsertar på den vesle øya Susak. Paradoksalt fordi dei aldri har hatt over 50 tilskodarar.

Minka Popovic

Festivalsjef Minka Popovic snakkar med NRK medan ektemannen Teodor Ganev øver fokusert på kveldens program.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

– Vi er så heldige at vi flyg under radaren til desse store festivalane, og vi får lov til å ha utandørskonsert, fortel primus motor Minka Popovic.

Ho er klassiske pianist og har med seg ektemannen frå Bulgaria og to vener på blåseinstrument frå Slovenia.

Til vanleg spelar dei i ulike klassiske orkester i Salzburg og Berlin, og den vesle festivalen er eit hobbyprosjekt der dei håpar å gjere vanlege folk meir interesserte i klassisk musikk.

Er det litt misunning for at de får gjennomføre festivalen dykkar?

– Ja, kanskje litt, for i år er det første gang vi ikkje har konkurranse frå den litt meir folkelege landsbyfestivalen.

– Så dei må nok lide seg gjennom Bach, Mozart og nokre andre klassiske komponistar, fortel Popovic og ler.

Festivalen reklamerer for at her kan du på høyre «upopulær klassisk musikk,» og har vore arrangert i femten år.

Susak musikkfestival i 2016.

Frå Susak musikkfestival i 2016. programmet fokuserer på klassisk musikk og er kjend for å ha lite publikum, noko som har blitt ein fordel i desse koronatider.

Foto: Susak musikkfestival

Smitten aukar i Kroatia

Kroatiske styresmakter meiner sjølv det er ein vellykka politikk som er grunnen til at dei har halde smitten nede.

Fulle ferger langs kroatiakysten

Fulle ferjer går i skytteltrafikk på kroatiakysten i høgsesongen.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

Men trenden er i ferd med å snu. Data frå ECDC viser at kroatiakysten, som no er full av turistar, har gått frå grøn til oransje.

Avisa politico.eu peikar på at Kroatia saman med Bulgaria og Romania enno ikkje har hatt eit større utbrot med Delta-varianten, og at dei difor ligg litt etter andre europeiske land som no slit med ei ny smittebølge.

Kroatia, Bulgaria og Romania er førebels grøne land for norske reisande.

Vaksineskepsis

Det er også ein trend at det går sakte å vaksinere befolkninga i Aust-Europa.

I Kroatia er om lag 40 prosent fullvaksinerte. Dette er godt under EU-gjennomsnittet, og det blir lokka med mellom anna spa-billettar ved vaksinesentera.

Politico siterer den kroatiske helseministeren Vili Beroš, som meiner anti-vaksine propagandaen på sosiale medium må ta på seg mykje av skulda for vaksinevegringa.

Dette er grunnen til at kroatiske styresmakter no strammar inn reglane for kystfylka med til dømes avgrensingar kor mange som kan møtast.

Frykt for smitte-eksplosjon.

– Ikkje bli sint på meg, men vaksine er løysinga som vil ta oss ut av denne krisa, sa helseminister Beroš nyleg under ein pressekonferanse.

Det er også på veg nye tiltak for å få fleire til å la seg vaksinere. Mellom anna må minst 70 prosent av dei tilsette vere vaksinerte for at ei bedrift skal få «koronastøtte» frå staten.

– Styresmaktene har stramma inn for kystfylka der auken har vore størst. Det er også desse fylka som har gått i gult, medan resten av landet er grønt, fortel den norske ambassadøren i Zagreb, Haakon Blankenborg, til NRK.

I tillegg drøftar styresmaktene om det skal vere krav om vaksinering for helsearbeidarar og lærarar.

Om lag 60 prosent av kroatiske helsearbeidarar er vaksinerte, noko styresmaktene meiner er for lite i tilfelle ein får eit større utbrot.