Hopp til innhold

Desse kjempar om å ta over etter Merkel: – Folket vil ha ein alvorleg kanslar

Tre juristar frå Vest-Tyskland kjempar om å overta etter Angela Merkel. Sosialdemokratanes Olaf Scholz er favoritt, til trass for at han blir skulda for å vere litt grå og kjedeleg.

Laschet, Baerbock, Scholz

VALDRAMA: Armin Laschet (Kristendemokratane, f.v.), Annalena Baerbock (Dei grøne), Olaf Scholz (Sosialdemokratane). Valkampen har hatt eit stort personfokus på dei utpeika kanslarkandidatane. Dei to første har fått kritikk for å ikkje vere seriøse nok, medan Scholz får kritikk for å vere litt for grå og kjedeleg.

Foto: TV-sendinger / NRK

For fyrste gang sidan 2005 skal Tyskland få ny forbundskanslar. På grunn av uvisse knytt til poststemmer, kan valdramaet i Tyskland først bli avgjort natt til måndag.

Landets avtroppande forbundskanslar Angela Merkel (67) har forsøkt å støtte opp om den litt trøblete valkampen til partikollega Armin Laschet.

Dette er favorittane når Tyskland nå veljar ny leiar:

Olaf Scholz, Sosialdemokratane (SPD)

  • 62 år.
  • Jurist.
  • Finansminister og visekanslar.
  • Tidlegare borgarmeister i Hamburg.
MckcP0kClJA

Olaf Scholz har hatt mykje vind i segla i det siste.

Foto: Friso Gentsch / AP

Scholz vaks opp i Hamburg og vart vald inn i Bundestagen for første gang i 1998.

Mellom 2011 og 2018 var han borgarmeister i Hamburg, og hausta heider for å få budsjettet i balanse.

Men kritikken hagla etter kraftige opptøyar under G20 møtet i 2017. Møtet skulle fremje Hamburg som ein moderne verdsby, men enda i gatekampar og Scholz måtte kome med ei offentleg orsaking til innbyggarane.

Scholz har blitt knytt til fleire store finansskandalar der det har forsvunne enorme pengesummar, men i valkampen har denne kritikken for det meste prella av. Det får fleire kommentatorar til å hevde at Scholz er ein «teflon-politikar».

«Søker ikkje jobb som sirkusdirektør»

Som finansminister har han hatt overoppsynet med redningspakken til det tyske næringslivet under pandemien. Ein jobb dei fleste tyskarar meiner han har skjøtta godt.

Scholz blir kritisert for å vere grå og kjedeleg, men i ei usikker tid er det mange tyskarar som føler at det er han som kan føre vidare den stødige og pragmatiske linja til Angela Merkel.

Scholz svarte på kritikken med å peike på at «han ikkje søker jobb som sirkusdirektør, men kanslar».

Veteranjournalist Peter Brinkmann frå Berlin meiner Scholz med dette har funne nøkkelen til å vinne valet:

– Scholz har skjønt at folket vil ha ein alvorleg kanslar. Ein som ikkje alltid ler. For
livet er alvorleg. Vi har klimakriser og finanskriser. Scholz er den som seier: «Mine damer og herrar, livet er alvorleg og vi må finne ei løysing», fortel Brinkmann til NRK.

Uventa favoritt

Som kanslarkandidat har han lenge vore den mest populære politikaren, og den siste tida har dette også smitta over på oppslutninga til partiet hans, som har slite tungt i skuggen av Merkel og regjeringspartnar CDU/CSU.

Scholz har blitt ein uventa favoritt, men har fått god draghjelp av tabbane til dei to rivalane Baerbock og Laschet.

Kampsakene hans har vore å auke minsteløna og a bygge fleire rimelege bustadar. Samt gjenreise den tyske økonomien etter pandemien.

Armin Laschet, Kristendemokratane (CDU/CSU)

  • 60 år.
  • Jurist og journalist
  • Regjeringssjef i delstaten Nordrhein-Westfalen.
  • Har arbeidd som journalist og redaktør.
Armin laschet

Armin Laschet låg an til å surfe inn i kanslarbygninga men tabbar skapar hovudbry.

Foto: ANNEGRET HILSE / Reuters

Laschet vaks opp i ein drabantby til Aachen, tre kilometer frå Belgia og Nederland.

Han er regjeringssjef i den mest folkerike delstaten i Tyskland, ein delstat som er dominert av tungindustri. Han har soleis heller ikkje ein veldig miljøvennleg profil.

Lenge såg det ut til at leiaren for CSU, søsterpartiet til CDU i Bayern, ville bli utpeika til den som skulle ta over stafettpinnen etter Angela Merkel.

Men partiet samla seg rundt Laschet, sjølv om han på landsbasis var den mindre populære kandidaten av dei to. Noko av grunnen var flaumen som gjorde stor skade i Nordrhein-Westfalen og Rheinland-Pfalz i sommar.

Fleire tabbar gjorde at Laschet blei sett på som useriøs.

– Smiler for mykje i debattane

Mellom anna fanga TV-kamera opp Laschet som flira og lo medan Tysklands president heldt ein alvorleg tale i ein landsby der mange hadde mista livet.

– Mange synest at Laschet smiler for mykje i debattane og han blir difor sett på som ein lettvektar, fortel Peter Brinkmann til NRK.

Laschet hadde frå før av hausta mykje kritikk for korleis han handterte koronapandemien. Nordrhein-Westfalen var lenge eit av dei hardast råka regionane i Tyskland.

Som regjeringssjef i ein av dei viktigaste industri-delstatane i Tyskland, får han også kritikk frå miljørørsla for å vere for lite tydeleg når det gjeld klimasaka og omstilling til grøn energi.

Annalena Baerbock

  • 40 år
  • Jurist
  • Medleiar av Det grøne partiet
  • Har vore vald inn i Forbundsdagen sidan 2013.
Baerbock

Annalena Baerbock tapte stort på meiningsmålingane etter fleire skandalar.

Foto: MICHELE TANTUSSI / Reuters

Baerbock vaks opp i ein landsby utanfor Hanover, og studerte jus og statsvitskap i London og Hamburg. Etterpå arbeidde ho for Dei Grøne i Europaparlamentet.

Ho har aldri hatt ein ministerpost, men meiner det kan vere ein fordel å kome inn i regjeringskontora med blanke ark.

Tidlegare i år gjorde Dei Grøne det svært så godt på meiningsmålingane, og det skapte eit håp om at dei for første gang kunne få kanslaren.

Etter flaumen vest i Tyskland var det mange som trudde at klima og miljø ville bli den viktigaste saka i valkampen.

I staden måtte ho bruke mykje krefter på å forsvare seg mot skuldingar om plagiat i den nye boka si og pynting på CV-en sin.

– Tenkjer på lommeboka

Baerbock har heller ikkje klart å profittere på sin klare miljøprofil, truleg fordi dei andre partia også har ein tydeleg miljøpolitikk.

Det er ikkje lenger sannsynleg at Baerbock vil bli kanslar, men Dei Grøne har gode sjansar til å hamne i ei framtidig regjering.

Mange ungdommar er skuffa of at klimasaka har forsvunne litt i valkampen, og på fredag var det ei stor klimamarkering i Berlin.

– Ungdom er ungdom og klima er klima, men til sjuande og sist tenkjer folk på kor mykje pengar dei har i lommeboka til jul, fortel den politiske kommentatoren Peter Brinkmann til NRK.

SISTE NYTT

Siste nytt