Hopp til innhold

Desse barna tek ikkje sommarferie

Det blir ingen tid til sommarferie for dei syriske barna i Hellas. Dei bur seg på det dei håpar blir ein gresk skulestart i september.

GREECE-EUROPE-MIGRANTS-EDUCATION

6 og 7 år gamle flyktningar har engelsktime i ein konteinar som fungerer som midlertidig klasserom, i den greske flyktningleiren Skaramanga.

Foto: ARIS MESSINIS / Afp

– Det er berre ein drope i havet. Men det er ein retur tilbake til normalen for barna som har vore gjennom krig og eksil og er i fare for å bli apatiske frå eit liv på vent, seier den syriske ingeniøren Bazel Shrayyef til AFP.

I flyktningleiren Sakramangas i utkanten av Athen jobbar 20 flyktningar som frivillige med å undervise 670 elevar mellom 6 og 13.

Hellas har planar om å gi utdanning til 8500 flyktningbarn frå september, trass i dei økonomiske utfordringane dette fører med seg for det gjeldstynga landet. 50 000 flyktningar er stranda i Hellas etter at landa på Balkan stengde grensene i vinter.

Slit med konsentrasjonen

Barna i Sakramangos på lik linje med andre leirar veit ikkje kor lenge dei skal vere der før dei får reise vidare.

– Det er vanskeleg for elevane å konsentrere seg over lengre tid, vi må jobbe for å få dei til å følge med, seier Ianni Baveas, ein av dei lokale frivillige som lærer barna gresk, til AFP.

GREECE-EUROPE-MIGRANTS-EDUCATION

Ein liten gut på veg til engelsktime i flyktningleiren Skaramaga, sør for Aten. Her tek dei att det fortapte før ein eventuell skulestart på greske skular i september.

Foto: ARIS MESSINIS / Afp

Ifølge Redd Barna har flyktningbarna i leirane i Hellas ikkje vore på skulen på eit og eit halvt år i gjennomsnitt. Meir enn ein femdel av barna i skulealder har aldri gått på skulen.

Kun ein tredel av syrarar i Tyrkia går på skule

Og i transittlandet Tyrkia er naudhjelpsorganisasjonar uroa for det dei omtalar som ein tapt generasjon. Av dei nær tre millionar syriske flyktningane i landet er rundt 700 000 i skulealder, og minst to tredelar av dei får inga formell undervisning ifølge tal frå det tyrkiske utdanningsdepartementet, men talet på dei som får undervisning er aukande, skriv BBC.

Likevel går mange på midlertidige syriske skular med frivillige lærarar, ettersom kapasiteten ikkje er stor nok på dei tyrkiske skulane – i tillegg er språket ein barriere. Mange syriske barn må også arbeide for å hjelpe familien.

Tyrkiske myndigheiter har på lik linje med Hellas eit mål om å få skuleplass til alle syriske flyktningbarn innan året er omme.

Turkey Syria Child Labour Photo Gallery

Issa (10) frå Aleppo jobbar i denne tekstilfabrikken i Gazientep, Tyrkia, ti timar om dagen for 100 tyrkiske lire i veka (ca. 300 norske kroner). Mange av dei to tredelane av syriske flyktningbarn som ikkje går på skulen i Tyrkia må jobbe for å hjelpe familien.

Foto: Lefteris Pitarakis / Ap

SISTE NYTT

Siste nytt