Beduinane held til i to landsbyar i fjella like utanfor Sharm el-Sheikh. Politiet meiner beduinane har halde dei mistenkte pakistanske statsborgarane i skjul.
Det er tett mellom kontrollpostane i utkanten av Sharm el-Sheikh. (Foto: AP/Scanpix)
Pakistan
Det er uklart kor mange pakistanarar det blir jakta på. Politiet snakkar offisielt om seks, medan egyptiske fjernsynskanalar meiner å vite at det er snakk om ni.
Turistar på rusletur i ruinane etter bombeangrepet natt til laurdag. (Foto: AP/Scanpix)
Det er heller ikkje kjent om det er skadde eller drepne etter kampane i Sinai-fjella i dag.
Ein talsmann for beduinane avviser at dei var innblanda i terrorangrepa i Sharm el-Sheikh natt til sist laurdag, der minst 64 menneske vart drepne. Nær 200 vart såra, mange av dei alvorleg.
Det er ein del forvirring om kor mange som verkeleg miste livet i den omfattande terroraksjonen mot turistområde i og rundt den egyptiske badebyen på Sinai-halvøya.
64 drepne
Sjukehuskjelder opplyste i går at 88 menneske har mist livet, men egyptiske styresmakter seier at talet er 64, og at dei fleste av dei drepne er egyptarar.
Samstundes opplyser britiske styresmakter at to britar er stadfesta døde, medan 10 andre er sakna. Det offisielle talet på drepne utlendingar er sju.
Over 100 menneske er hittil arresterte i den desperate jakta på dei som kan stå bak udåden i Sharm el-Sheikh på den egyptiske nasjonaldagen.
Politiet viste i dag fram bilete av 50 utlendingar, blant dei også pakistanarar, som kan vere innblanda i terroraksjonen.
Musharraf avviser
Pakistans president avviste i dag at Al Qaida i Pakistan er ansvarleg for terroraksjonen i Sharm el-Sheikh.
Over 100 menneske er hittil arresterte i den desperate jakta på dei som kan stå bak udåden i Sharm el-Sheikh på den egyptiske nasjonaldagen.
Politiet viste i dag fram bilete av 50 utlendingar, blant dei også pakistanarar, som kan vere innblanda i terroraksjonen.
- Kommunikasjonslinene til Al Qaida-nettverket i Pakistan er øydelagde. Det er berre tull at det sit terrorleiarar i Pakistan som gir ordre til terroraksjonar i London, Sharm el Sheikh eller andre stader i verda, sa han blant anna.
Musharraf sa at Al Qaida no er eit globalt "fenomen", og at det har utvikla seg til å bli ein sinnstilstand som ikkje kan overvinnast med militær makt åleine.
Bombene i Sharm el-Sheikh gjorde enorm skade på fleire turisthotell. (Foto: AFP/Scanpix)