Rådhus over heile Bosnia i brann: – Folk har fått nok

Folk i Bosnia har fått nok av udugelege politikarar og eit bysantinsk statsapparat som tappar landet for ressursar.

Demonstrantar brenn dokumenter ved rådhuset i Tuzla

Demonstrantar brenn kontormøbler frå rådhuset i Tuzla.

Foto: DADO RUVIC / Reuters

– Kvifor har dei ikkje sex på kontoret i offentlege etatar og bedrifter i Bosnia? Fordi alle er i slekt med kvarandre.

Denne vitsen har blitt eit slagord for demonstrantane i Bosnia. Og den fortel i eit nøtteskal kva som er årsaka til all frustrasjonen som har bobla til overflata denne veka.

Førre helg var det uansett ikkje anledning til å drive med utukt på offentlege kontor. Rådhus over heile Bosnia stod i brann. Sett fyr på av demonstrantar. Etniske motsetnadar var gløymde då folk gjekk mann av huse for å protestere mot den politisk eliten.

Tuzla protest.

Brannane i hovudsakleg muslimske Tuzla lyste opp natta.

Foto: Amel Emric / Ap
Rådhuset i Mostar

Rådhuset i Mostar i brann. Dette er den kroatiske delen av Bosnia.

Foto: STRINGER / Afp

Nok er nok i Tuzla

Det heile byrja med at fem selskap som nyleg hadde blitt privatiserte, gjekk konkurs i den muslimske byen Tuzla.

Politikarane vart skulda for å ha stole alt av verdi før dei selde fabrikkane. Bedriftene var dømt til å gå konkurs, og hundrevis av arbeidarar miste jobben. Rasande gjekk dei til angrep på rådhuset i Tuzla med rotne egg og stein.

Professor ved Tuzla universitet, Damir Arseijevic, seier til nyheitsbyrået Reuters at folk har god grunn til å vere sinte.

– Det som skjedde i Tuzla var at folk hadde fått nok av nepotismen, korrupsjonen og amatørskapen blant politikarane.

– Vi snakkar om ei regjering som i 20 år har nekta å lytte til folket og problema deira. Det er ei regjering som ikkje ser at folk er svoltne og arbeidsledige.

Protestane i Tuzla vekte opp resten av Bosnia. Det viste seg at folk sleit med dei same problema uansett konfesjon. Og to tiår etter borgarkrigen vart det igjen sett fyr på offentlege bygningar. Einaste forskjellen var at konflikten ikkje var etnisk, den var politisk.

– La det brenne i Sarajevo!

I helga gjekk folk til angrep på rådhuset og presidentskapets hus i Sarajevo. Eit naturleg mål då det er der dei «skamlause» politikarane arbeider. I fleire dagar måtte brannvesenet drive ettersløkking ved dei to bygningane. Mange stoppa opp for å sjå.

Ei kvinne blir fanga opp at eit nyheitskamera. Ho tørkar tårer. Ho syns synet minner litt vel mykje om borgarkrigen, då Sarajevo var omringa og bombardert med artilleri.

Sarajevo i brann

Fleire offentlege bygg vart sett fyr på i Sarajevo.

Foto: STR / Afp

I eit populært klipp på Youtube seier ein krigsveteran til bosnisk fjernsyn han syns det er leit å sjå bygningen brenne. Han hadde jo risikert livet for å forsvare den under krigen.

Men ein fnysande pensjonist bryt inn i samtalen.

– Leit? Eg syns det er eit flott syn, seier han til kamera medan krigsveteranen og reporteren står sjokkerte ved sidan av.

– Løyser det noko å drive hærverk då, spør journalisten?

– Ja, greitt, svarar pensjonisten og held fram.

– Dei kan forsegle bygningen og kvele politikarane, då skadar vi ikkje bygningen. Vi er nøydde til å bli kvitt desse skurkane, vi har ikkje noko val, i 20 år har desse kjeltringane halde oss nede.

– Lønna til statsministeren er 28 gongar meir enn pensjonen min. I tillegg får dei feriepengar og diett som er verdt to og ein halv gong meir enn pensjonen min. Eg stod på og jobba i 40 år, 7 månadar og 18 dagar. Pensjonen min er på 1300 kroner i månaden.

– Eg syns det er leit, seier pensjonisten, med klar adresse til den sentimentale krigsveteranen.

Ein kompleks stat forverrar problema

Etter fredsavtalen i Dayton i 1995, vart det oppretta 14 regjeringar i Bosnia. Det er snakk om ti kanton som blir delt mellom dei muslimske bosniakkane og dei katolske kroatane, i det som blir kalla «Føderasjonen».I tillegg er Brcko eit "nøytralt kanton.

«Føderasjonen» er ein av to delstatar. Den andre delstaten er «Republika Srpska», ein liten og nasjonalistisk versjon av nabolandet Serbia.

På toppen av desse to delstatane og ti kantona sit ei nasjonal regjering med ein statsminister, tre presidentar (som representerer dei etniske gruppene) og ein internasjonal representant frå EU.

Kompleksiteten i dette politiske systemet gjer at alle politiske prosessar stoppar opp.

Ei bieffekt av dette, er at Bosnia har uvanleg mange politikarar og byråkratar. Og det er politikarar og byråkratar som veit å utnytte posisjonane sine.

I Tuzla kostar det 20.000 kroner å få seg ein trygg jobb som vaskedame, skriv Tim Judah i The Economist. Dei som drøymer om ein jobb i det statlege telefonselskapet må ut med snart 100.000 kroner. Samtidig blir desse prestisjebedriftene fylt opp av tilsette som ikkje er kvalifisert for jobbane sine.

Den oppblåste og korrupte staten er ein stor utgiftspost for eit fattig land som Bosnia.

(Saka held fram under bilete.)

Samanstøyt i Sarajevo

I helga var det dei hardaste samanstøytane i Sarajevo sidan borgarkrigen.

Foto: STRINGER / Reuters

Håplaus økonomisk situasjon

På grunn av det tungrodde og korrupte politiske systemet har reformene som skulle bringe landet inn i NATO og EU, stoppa opp. Og mange unge har mista trua på at dei kan bli ein del av det europeiske felleskapet, slik at dei fritt kan søke lykka i andre europeiske land.

Den økonomiske utviklinga har og stoppa opp. Arbeidsløysa blir berre verre og verre.

Ifølgje statistikken er 44 åprosent arbeidsledige i Bosnia, det er snart halve landet. Men mange tar seg arbeid i den grå økonomien, så det realistiske talet ligg på rundt 30 prosent.

Men det betyr samtidig at 14 prosent av arbeidsstokken driv med arbeid som ikkje genererer skatteinntekter, og kan vere knytt opp mot organisert kriminalitet.

Bosnia Anti Government Protests

Byråkratane ved rådhuset i Tuzla kjem seg ikkje på arbeid. Rådhuset er nedbrent. Men dei er framleis blant dei privilegerte som har ein trygg jobb i Bosnia.

Foto: Amel Emric / Ap

Stor frykt for at politikarane vil spele det etniske kortet igjen

Konspirasjonsteoriane florerer. Fleire politikarar hevdar demonstrasjonane er organisert av bråkmakarar, framande makter eller andre etniske grupper.

I den serbiske delstaten prøvde den nasjonalistiske leiaren å avleie kritikken mot seg sjølv ved å skulde på bosniakkane og kroatane i Føderasjonen.

Milorad Dodik

Presidenten i 'Republika Srpska', Milorad Dodik.

Foto: ELVIS BARUKCIC / Afp

– I alt for mange år har Føderasjonen vore ei kjelde til uro i Bosnia. Landet er i ei institusjonell krise, landet er ikkje liv laga fordi det ikkje finst noko intern semje om at landet skal eksistere, sa presidenten i Republika Srpska, Milorad Dodik.

Opposisjonsleiaren Mladen Bosic skulda Dodik for å stikke hovudet i sanden. Han meiner at forholda er verre i Republika Srpska enn i Føderasjonen, men at folk er redde for represaliar frå serbiske nasjonalistar dersom dei demonstrerer.

Bosic får støtte av den serbiske visestatsminister Aleksandar Vučić. Han reagerte sterkt på utsegna frå den bosniaserbiske leiaren Dodik.

– Politisk, økonomisk og regional stabilitet er heil essensielt for oss. Det er beskjeden frå Serbia. Vi vil ikkje risikere framtida til Serbia med eitt einaste vondt ord, sa Vucic.

Kroatia smir mens jernet er varmt

Samtidig kom den kroatiske statsministeren Zoran Milanovic på uventa besøk til Mostar. Byen blir rekna som den uoffisielle bosnisk-kroatiske hovudstaden.

På den kroatiske regjeringa si heimeside står det å lese at Milanovic ville sjå på skadane etter opptøyane og bidra til å roe ned situasjonen.

– EU sin bosniastrategi må bli mykje tydelegare, sa Milanovic under besøket.

Men han hausta kritikk frå den nasjonale regjeringa i Sarajevo. Kvifor besøkte han berre Mostar og ikkje Sarajevo? Og kvifor annonserte han ikkje besøket sitt på førehand?

Det er inga hemmelegheit at bosniakroatane ynskjer seg ein eigen delstat, og at samarbeidet med bosniakkane er trøblete.

(Saka held fram under bilete.)

Serbisk støtte til Tuzla

Ei muslimsk kvinne i Serbias hovudstad Beograd viser solidaritet med demonstrantane i Bosnia.

Foto: STRINGER / Reuters

Plenum skal redde den bosniske våren

Men trass mørke skyer på horisonten, det blir framleis snakka om ein «bosnisk vår».

Årsaka til dette er at det i fleire byar er oppretta sokalla Plenum.

Dette er råd som består av arbeidslause og intellektuelle som prøver å gjere motstanden mot den politiske eliten meir organisert. Og dei arbeider no med å utvikle program der ein kan gjere dei politiske krava meir realistiske.

Og det blir no opp til desse plenumsråda å vidareføre og kanalisere frustrasjonen som har bygd seg opp sidan borgarkrigen tok slutt i 1995.

Det koker over i Sarajevo

Demonstrantane retta raseriet sitt mot den politiske eliten dei meiner lever i sus og dus, medan dei økonomiske forskjellane aukar.

Foto: ANTONIO BRONIC / Reuters
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt