Hopp til innhold
Urix forklarer

Duellen om USA

Kanskje er det den viktigaste TV-duellen nokon gong? Derfor sender NRK direkte – både denne og dei neste.

TOPSHOT-US-DEBATE-VOTE

Store bilder av Hillary Clinton og Donald Trump pryder en lastebil fra TV-selskapet CNN utenfor Hofstrra University i Hempsted New York foran den første TV-duellen mandag.

Foto: PAUL J. RICHARDS / Afp

Natt til tysdag; Clinton vs. Trump. Det blir klimaks – til no – i ein tidvis absurd valkamp. Der svært mykje står på spel. Symbolsk nok skjer det på dagen 56 år etter den første presidentduellen på TV. Duellen over alle duellar.

KENNEDY NIXON DEBATE 1960

Presidentkandidatene John F. Kennedy (t.v.) og Richard M. Nixon (t.h.) i Chicago 26.september foran den første av fire TV-debatter.

Foto: Ap

Den mellom John F. Kennedy og Richard Nixon. Ein ubarbert Richard Nixon hadde takka nei til TV-sminke (det var for femi). Den solbrune, dynamiske Kennedy vann presidentvalet der og då. Eller?

Diskusjonen om den duellen si betydning for valutfallet går enno.

Kan avgjere valet

For betydning har det. Stor betydning. Dei tre TV-duellane i haust kan bli heilt avgjerande for utfallet i november.

Begge kandidatar må mobilisere eigne veljarar og samtidig kapre dei som ikkje har bestemt seg. Det er venta rekordhøge sjåartal med opp mot 100 millionar sjåarar. Alle dei store amerikanske kanalane sender.

US-VOTE-DEBATE

TV-selskapet brukes stand-ins under lydprøvene foran den første TV-debatten mellom Hillary Clinton og Donald Trump i New York 26. september.

Foto: PAUL J. RICHARDS / Afp

Dominerer nyheitsbildet globalt

Saman med den tragiske krigen i Syria og følgene av den, er Clinton vs. Trump også den dominerande nyheitssaka verda over. Frå Cape Town til Reykjavík. Frå Beijing til Lima.

Derfor sender vi direkte i NRK, på alle plattformer. Både duellen natt til tysdag og dei to duellane i oktober.

APTOPIX Campaign 2016 Trump Donald Trump

Republikanernes presidentkandidat Donald Trump under et valgmøte i Roanoke, Virginia 24.september. Mandag møter han Hillary Clinton til debatt.

Foto: Steve Helber / Ap

"Duellen om USA" – eit døgn i NRK

Med duellen natt til tysdag går også startskotet for NRKs valinnspurt i USA. Vi startar med drygt 24 timar, i eitt strekk:

MÅNDAG:

  • Vi lanserer vår nye President-quiz på nrk.no måndag kl. 19.

  • Det blir USA-Spesial i Urix måndag kveld på NRK2.

  • Dokumentarserie om amerikanske val utover kvelden/natta, NRK2.

TYSDAG

  • Debatten direkte mellom Clinton og Trump på NRK-TV og nett frå klokka 03.00
  • Morgonsendingane tek over på radio og TV.
  • "Duellen om USA" held fram i P2/NRK2 frå kl. 0900 til kl. 1800.

  • Etter Dagsnytt 18 og Dagsrevyen sender vi heile debatten om igjen på i Urix Spesial kl. 1945.

  • Vi er på nrk.no og i sosiale medium fortløpande.

NRK-studio i New York

NRKs publikum kan vente seg lanseringar av stadig nye prosjekt i tida fram til valet. På alle våre plattformer. Det blir nyheiter, bakgrunn og debattar. Dokumentarar og ferske reportasjeseriar. Dette er haustens største og viktigaste sak internasjonalt.

US-VOTE-POLL-TRUMP-CLINTON

Mandag møtes Republikanernes presidentkandidat Donald Trump (t.h.) Demokratenes Hillary Clinton (t.v.) til den første TV-sendte duellen.

Foto: DESK / Afp

Sjølve "valnatta" vil strekke seg over meir enn eitt døgn. Store delar av dekninga vil skje frå vårt nye studio i New York. Og vi vil vere til stades med våre korrespondentar på valvaker og i vippestatar.

Campaign 2016 Clinton os-hillary-clinton-rally-orlando

Demokratenes presidentkandidat Hillary Clinton under et møte med sine tilhengere i Orlando 21. september.

Foto: Joe Burbank / Ap

Historisk

Aldri før har vi sett ein kvinneleg presidentkandidat. Ei heller ein kandidat av Trumps støyping. Kven vinn kampen om ein politikk som skapar amerikanske arbeidsplassar.

Sen. John Kennedy and Richard Nixon

Demokratenes presidentkandidat John F. Kennedy (t.v.) Republikanernes Richard M. Nixon i et TV-studio i Chicago 27. september 1960.

Foto: Anonymous / Ap

Ingen enkeltperson har større makt enn USAs president. Mykje står på spel. For mange.

SISTE NYTT

Siste nytt