NRK Meny
Normal

Lærerinna med BMW og konto i Sveits

Da ungarske gravejournalistar byrja undersøke Panama-dokumenta, fann dei ei ungdomsskulelærarinne som eigde eit offshoreselskap med sveitsisk bankkonto, og som køyrde BMW X5 til arbeid.

BMW

BMWen som lærarinna nyttar når ho køyrer til arbeid ved ungdomsskulen. Fotografiet har NRK fått av dei ungarske gravejournalistane Direkt36.hu

Foto: Direkt36

Det er ingen overrasking at det finst menneske i Ungarn som har uforklarleg formuar. Ifølgje Transparency International har utviklinga gått feil veg dei siste åra.

Det nye er at Panama-dokumenta kastar lys over korleis vanlege lønnsmottakarar kan eige offshoreselskap med sveitsisk bankkonto.

Lærarinne med sveitsisk bankkonto

For ungdomsskulelærarinna byrja skatteparadis-eventyret med oppkjøp av selskapet Tanka Ltd., som var registrert i Samoa.

Saman med selskapet kom ein sveitsisk bankkonto i ein av dei aller mest prestisjefulle sveitsiske bankane, Vontobel.

Dei spesialiserer seg på pengesterke kundar, og som tek godt betalt for tenestene sine, ifølgje Direkt36.

Og same dag som ho tok over selskapet, vart det betalt tilbake ei gjeld til selskapet på 255.000 Euro, kunne dei ungarske journalistane frå Direkt36 avsløre.

SWITZERLAND/

Den sveitsiske banken Vontobel sine kontor i Zurich. Den har tidlegare vore i søkelyset til europeiske skattemyndigheiter. Det var her den ungarske lærarinna hadde konto.

Foto: ARND WIEGMANN / REUTERS

Gift med kjend politikar

Villa

Villaen til ekteparet.

Foto: Direkt36

Lærarinna er gift med den kjende politikaren László Boldvai. Han har vore representant i nasjonalforsamlinga og kasserar for sosialistpartiet i Ungarn. Han er ikkje lenger folkevald, men blir framleis rekna som ein person med ein viss profil.

Ifølgje Direkt36 var Boldvai involvert i det som kanskje var den største korrupsjonsskandalen i Ungarn på 90-talet. Den sokalla Tocsik-saka, som omhandla korrupsjon i samband med privatisering av statseigde selskap.

László Boldva

László Boldvai har vore aktiv i ungarsk politikk i over 20 år for Sosialistpartiet.

Foto: Direkt36

– László Boldvai har blitt kritisert for akkumulering av verdiar gjennom åra. Men eg vil understreke at vi ikkje har funne bevis på at han har gjort noko ulovleg i denne samanhengen, fortel journalist Andras Petho i Direkt36 til NRK.

– Eg har ikkje fått svar på om kona hans har oppgitt selskapet i Samoa til skattemyndigheitene i Ungarn.

Boldvai har nyleg sagt at han forlèt Sosialistpartiet.

BMW X5 til skulen

I heimbyen Salgótarján har Boldvai og kona bygd seg ein luksusvilla.

Og journalistar frå Direkt36 seier dei observerte lærarinna sette seg inn i ein ny BMW X5 utanfor skulen.

Ei lærarløn i Ungarn er rundt 5000 kroner i månaden. Ifølgje Direkt36 kostar den billegaste versjonen av BMW X5 rundt 455.000 kroner.

– Det var nokre lokale folk som sa at dei løfta på augebryna da dei såg kona til Boldvai køyre ein slik eksklusiv bil, fortel Petho til NRK

  • PRESENTASJON AV DIREKT36:

Inntektene står ikkje i stil med formuen

Direkt36 forklarar i artikkelen sin at frå 1997 måtte alle representantar i nasjonalforsamlinga erklære formuen sin.

I 2001 gav opp Boldvai at han var deleigar i herskapshuset i heimbyen, han hadde kjøpt 1,8 dekar land utanfor hovudstaden Budapest, ein BMW og hadde 106.000 Euro i sparepengar.

Samtidig gav opp han at han tente i tidsperioden 1998-2001, 84.000 Euro.

Direkt36 har forsøkt å få ein kommentar frå ekteparet utan hell.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt