NRK Meny
Normal

Den syriske opposisjonen er klare for direkte forhandlingar

Eit framleis uklart USA og ein syrisk president som står meir støtt enn på lenge dannar bakteppet for ein ny runde med fredssamtalar i Genève.

Salem al-Meslet, den syriske High Negotiations Committee

Opposisjonen er klare for forhandlingar med regimet, sjølv om dei står svakare enn før. Her er talsmann Salem al-Muslet.

Foto: FABRICE COFFRINI / AFP

I motsetning til i fjor, då FNs spesialutsending Staffan De Mistura måtte gå i skytteltrafikk mellom partane, er opposisjonen no klare for å møtest ansikt til ansikt. Likevel er tonen langt frå optimistisk.

– Vi har erfaring med dette regimet. Dei er ikkje her for å forhandle om nokon politisk overgang, men for å kjøpe seg tid og å gjere fleire brotsverk. Vi har ingen tillit til dette regimet, sa talsmann for the High Negotiations Committee (HNC) Salem al-Muslet.

Mindre press på Assad?

Optimistisk kan heller ikkje sjefsforhandlaren sjølv seiast å vere.

– Eg ventar ikkje eit umiddelbart gjennombrot frå denne runden, men ein start på ein serie med rundar som bør gjere oss i stad til å gå meir i dybden for å kome fram til ei politisk løysing i Syria, sa De Mistura onsdag.

Men som The Guardian peikar på, ser det geopolitiske landskapet ser ganske annleis ut enn då forhandlingspartane sist gong møttest i Genève, for snart eit år sidan. Leiarane av fredsforhandlingane i Kasakhstan førre månad viser kven som no er i førarsetet; Russland, Tyrkia og Iran.

I mellomtida har De Mistura tona ned ordbruken, og snakkar ikkje like mykje om politisk overgang, som lenge har betydd at Assad må gå. Opposisjonen, i alle fall den delen som er representert ved HNC, står framleis fast på at dette er eit absolutt krav.

Staffan De Mistura

Det har blitt mange forhandlingsrundar i Genève for Staffan De Mistura. Han har stadig eit håp om å finne ei løysing, men er budd på at det vil ta tid.

Foto: FABRICE COFFRINI / AFP

FN forlèt ikkje formelt prinsippet om ein politisk overgang, men prøvar å skifte debatten til tema som ikkje går direkte på Assad sin status, seier Aron Lund ved The Century Foundation til Al Jazeera, og peiker på Assads framgang på bakken.

Ventar på USA

I tillegg til dei mange eksterne aktørane som er blanda inn i den over seks år lange krigen er opposisjonen stadig meir fragmentert.

Og når det gjeld USA si rolle er den stadig uavklart etter presidentskiftet i januar. Så langt har Donald Trump berre signalisert eit tettare samarbeid med Russland i kampen mot IS, som har lova å slå hardt ned på.

Også når sjefen for dei amerikanske styrkane i Midtausten, general Joseph L. Votel, har besøkt regionen dei siste dagane, er det kampen mot IS som har stått sentralt. Han ser ikkje bort frå at USA kan «ta ein større del av byrden» i kampen mot IS ved å tilføre fleire soldatar.

De Mistura har varsla om at dei ikkje vil kome fram til noko politisk løysing før USA kjem med ei klargjering av sin Syria-politikk.

Nye angrep rundt Damaskus

I mellomtida er det stadig dei sivile på bakken som lid, under ei våpenkvile som i liten grad blir respektert. Dei siste dagane er det meldt om at regimet trappar opp bombinga av opprørskontrollerte område rundt Damaskus.

Luftangrep i Daraa, Syria

Også i Daraa sør i Syria har det brote ut nye kampar, her mellom ulike opprørsgrupper, nokre av dei knytt til IS. Det var her opprøret mot Assad starta i 2011.

Foto: MOHAMAD ABAZEED / AFP

Samtidig registrerer nabolandet Tyrkia stadig fleire flyktningar, mellom anna frå Syria. Den tyrkiske innanriksministeren annonserte førre veke at 551.000 flyktningar har kome over grensa dei siste fem månadene, som gjer at det no er 3,5 millionar flyktningar i landet.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt