Hopp til innhold
Urix forklarer

Den store saka som aldri fekk prege valkampen

Valet i USA kan bli avgjerande for om den internasjonale klimadugnaden blir vellukka. Men i valkampen har det vore lite snakk om den globale oppvarminga.

9-IGht6zjoY

Oljepumpe i solnedgang i delstaten Texas, USA. Donald Trump og Joe Biden har svært ulike syn på om dette er ein industri å satse på.

Foto: Eli Hartman / AP

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

I Parisavtalen lovar alle land å gjere ein innsats for å bremse oppvarminga. Også USA var med på laget. Men Donald Trump har meldt landet ut av Parisavtalen.

I morgon, dagen etter valet, er USA ute. Men dersom Joe Biden vinn, vil han få USA med igjen.

På kvar sin planet

Kontrasten er stor. Valkampen har vist at dei er på kvar sin planet i spørsmålet om klimaløysingane.

Som ei stormakt, og som landet med nest mest CO₂-utslepp i verda (ca. 15 prosent av totalen), er det svært viktig kva slags klimapolitikk USA fører, både nasjonalt og internasjonalt.

Mange vil nok seie at klima burde ha vore eit brennheitt tema i den amerikanske valkampen. Men i eit år med pandemi og tusenvis av døde, har ikkje klima blitt den heilt store saka.

Det har heller ikkje prega debattane mellom Donald Trump og Joe Biden i særleg grad. Men i den siste debatten kom temaet opp heilt på tampen.

Joe Biden og Donald Trump under den siste presidentdebatten

Klima blei tema under debatten i Nashville, Tennessee.

Foto: JIM BOURG / AFP

– Vi er i ferd med å sleppe opp for tid, så no må vi over på klima, sa ordstyrar Kristen Welker.

Nokre få minutt med klimadebatt var nok til at usemja kom tydeleg kom fram.

Donald Trump: – Eg vil ikkje ofre titals millionar arbeidsplassar på grunn av Parisavtalen. Den avtalen øydelegg for næringslivet. Biden vil øydelegge oljeindustrien. Hugs det Texas, Pennsylvania, Ohio!

– Vi har eit moralsk ansvar og vi er moralsk forplikta til å handle, svarte Biden, som lova 50.000 nye elektriske ladestasjonar dersom han blir vald.

Mat på bordet og pengar i banken

Guri Bang er seniorforskar på NUPI og forskar på amerikansk klimapolitikk. Ho følgjer valkampen tett, og ser at koronapandemien har dominert.

– Den meir akutte krisa, som har fått alvorlege konsekvensar for helse og økonomi for millionar av amerikanarar, er vektlagt meir enn klimakrisa. Forskinga viser også at generelt i slike krisesituasjonar blir det å ha mat på bordet og pengar i banken viktigare for folk enn det som handlar om klima og miljø, seier Bang.

Guri Bang, forskningsdirektør, CICERO

Seniorforskar på NUPI, Guri Bang.

Foto: Monica Bjermeland / CICERO

Men klimasaka har ikkje vore heilt fråverande. Biden har snakka om klimaplanen sin, Trump har snakka om rein luft og reint vatn.

Brannar og ekstremvêr

Klima har også dukka opp som eit tema i samband med dei mange skogbrannane dette året. Fem av dei seks største skogbrannane i Californias historie har funne stad i 2020. Forskarar meiner klimaendringane er ei viktig årsak til dei mange brannane i delstaten, ifølgje New York Times.

Viq2FDqXOO0

Under valkampen er California blitt råka av enorme skogbrannar. Biletet viser brannmannen Raymond Vasquez, som måndag prøvde å sløkkje ein brann i byen Irvine.

Foto: Jae C. Hong / AP

Andre stader er det sett temperaturrekordar, som i Phoenix i Arizona. Der har det vore 53 dagar med temperaturar over 43,3 grader celsius i år. Og ute i Atlanterhavet har ein serie med tropiske stormar herja.

– Har skogbrannane i California hatt noko å seie i valkampen?

– Dei har gitt merksemd til klimaproblemet, men California er ikkje ein vippestat, og er derfor ikkje så viktig i valkampen. Alt tyder på at Demokratane vil vinne i den delstaten uansett, og derfor bruker ikkje kandidatane mykje tid på å føre valkamp der, seier Bang.

– Den mest ambisiøse klimaplanen

Joe Biden sin klimaplan blir omtalt som svært omfattande, og krevjande å gjennomføre.

– Dette er den mest ambisiøse klimaplanen som er presentert nokon gong av ein kandidat som har vore med i sluttspurten om presidentvervet. Han fokuserer langt meir på klima i valkampen enn både Obama og Clinton gjorde, seier Guri Bang.

Ho meiner dette er eit resultat av at klima er blitt ei stadig viktigare sak for fleire veljarar.

– Splitta i klimasaka

Ei meiningsmåling frå Pew Research Center, som blei tatt opp i månadsskiftet juli/august, viser at to tredelar av amerikanske veljarar meiner at klima er ei viktig sak.

Av desse, er det rundt 80 prosent av veljarar som vil stemme på Joe Biden, mens 20 prosent av dei som vil stemme på Donald Trump-veljarar har same syn.

– Meiningsmålingar viser at klima er blitt meir og meir viktig over tid. Denne målinga viser også at veljarane er svært splitta i denne saka, seier Bang.

BEJb3eJaQLA

Donald Trump ønskjer framleis å satse på olje og kol. Som president har han trekt USA ut av Parisavtalen og oppheva ei lang rekkje miljø-reguleringar.

Foto: Evan Vucci / AP

– Ser krisene i samanheng

Kritiske røyster meiner at dette ikkje er tida for å rope høgt om klimakrise. Det er jo så mange andre kriser som synest viktigare å ta tak i, og som er tettare på kvardagen til folk. Men Joe Biden ser ein samanheng mellom desse krisene.

I klimaplanen sin knyter han økonomikrise og klimakrise saman. Han fokuserer på grøne investeringar og grøne arbeidsplassar.

– Biden vil ha ei storstilt investering i fornybar energi og infrastruktur som hurtigtog, ladenett for elbilar, og smart straumnett, noko som både er gode klimatiltak, og som får folk i arbeid. Biden viser til at det er eit stort potensial for grøn økonomisk vekst i USA, seier Bang.

– Korleis pregar dette talane hans i valkampen?

– Når Biden snakkar om å få fart på økonomien igjen, snakkar han samtidig om klima. Han snakkar om klimaomstilling som ei løysing både for å få ned utsleppa, og for å stimulere økonomien.

qQtD4S0ahDI

Joe Biden på snakkar om klimapolitikk i Wilmington, Delaware.

Foto: LEAH MILLIS / Reuters

Nye grøne arbeidsplassar

Joe Biden la fram klimaplanen sin i sommar, i heimstaten Delaware.

– Når Donald Trump tenkjer på klimaendringar, er det ordet «bløff» det einaste han kan komme på. Det ordet som eg vil trekkje fram, er «arbeidsplassar», sa han mellom anna i talen han heldt ved elvebreidda i Wilmington, ifølgje Delaware online.

– Men når han ut i det breie lag av folket med dette?

– Fokus på økonomisk vekst og sikre jobbar er noko dei fleste veljarane prioriterer høgt. I tillegg legg Biden vekt på at sårbare grupper kan få fordelar av grøn omstilling fordi det er familiar med låg inntekt, og minoritetar som vil bli hardast råka av klimaendringane. Han har lova at 40 % av investeringane i klimaplanen skal gå til desse gruppene, seier Bang.

– Snakkar lite om klima

1. juni 2017, berre nokre månader etter at han blei president, annonserte Trump at han ville trekkje USA ut av Parisavtalen. Han har gitt tydeleg uttrykk for at han tvilar på om vi menneske i særleg grad har skuld i klimaendringane.

Biden seier at menneskeskapte klimaendringar er ei av dei største utfordringane i verda i dag.

– Trump har i løpet av sin presidentperiode lagt vekt på å fjerne flest mogleg klimatiltak, og omtalar klimapolitikk som eit hinder for økonomisk utvikling. Han meiner at amerikanarane ikkje kan ta seg råd til klimareguleringar som han meiner kan bremse økonomisk vekst, seier Bang.

– I kva grad har dette temaet prega talane hans?

President Donald Trump Holds Rally

Donald Trump har vist stor støtte til kolindustrien i USA. Den svært forureinande industrien er under press frå konkurrentar som driv med gass og fornybar energi.

Foto: Saul Loeb / AFP

– Trump nemner ikkje klima så mykje i talane sine, det blir meir eller mindre ignorert. Men han snakkar mykje om å støtte kolindustrien, og om kor viktig det er å ha minst mogeleg med reguleringar for olje- og gassindustrien, seier Bang.

Nye arbeidsplassar viktig

Å skaffe nye arbeidsplassar har vore, og er, ei kampsak for Donald Trump. I valkampen har han snakka mykje om den store veksten i skiferolje og -gass, og om at USA skal ha ei dominerande rolle i verdsmarknaden framover.

– Dette appellerer til veljarane i delstatar der desse industriane står sterkt, og som har stor del av arbeidsstyrken i desse delstatane. Nokre av desse er vippestatar, som for eksempel Pennsylvania, der skifergassindustrien er ein stor og viktig arbeidsgjevar.

Når kampen om å vinne presidentvalet no snart er over, vil det komme for ein dag om klima var ei vinnarsak eller ikkje. Og om det har appell å snakke om klimakrise midt i ei krisetid for landet.

SISTE NYTT

Siste nytt