Warsawa:
Mange hadde pynta syklane sine med EU-flagg.
Natalja kom til festen i Warsawa saman med mor og far og ein liten bror. Ho hadde måla eit polsk flagg på det eine kinnet, og eit EU-flagg på det andre. Ho vart straks fotografane sin yndling der ho gladeleg poserte midt i folkemengda.
Politi
Eg kom til Warsawa med fly frå Litauen fredag ettermiddag 30. mai. På vegen frå flyplassen inn til hotellet i sentrum av byen var det utplassert politibilar for kvar 200 meter. Det var stort frykt for terroraksjonar i samband med feiringa av EU-medlemskapen.
På veg til gamlebyen der den store festen skulle haldast fredag kveld var det også tungt oppbod og politi og militære. Dei heilt svartkledde polske politimennene kan sjå litt fryktinngydande ut, men det var ein avslappa atmosfære.
Folk i alle aldersgrupper hadde møtt fram på festplassen.
Klokka nærmar seg midnatt, og denne jenta byrja å bli trøytt.
Det store torget i Stare Miasto i gamlebyen, der konserten og markeringa skulle haldast, var alt fullt av folk tidleg på kvelden. Ei gigantisk scene var oppbygd, og her gjekk den polske delen av den felleseuropeiske direkte fjernsynssendinga frå.
Kontroll
På festplassen var det eit enormt oppbod av politi, militære og sivile vakter. Alle inn- og utgangar til og frå gamlebyen var tungt overvaka, det var tydeleg at polske styresmakter ikkje ville ta sjansar.
Polen er med i den USA-leidde okkupasjonsstyrken i Irak, og landet har motteke truslar frå islamistiske organisasjonar.
Einaste gongen eg såg at politiet var i aksjon var då dei måtte geleide eit par ungdomar ut av området. Dei såg ut til å ha fått i seg vel mykje vodka.
Då eurovisjonssendinga starta klokka 22.30 vart det skikkeleg fullt på det store torget. Det er vanskeleg å seie kor mange menneske som var til stades, men 50.000 var det nok. Folk tok det som ein fest. Heile byen var pynta med polske flagg saman med EU-flagget, og svært mange hadde med sine eigne flagg og banner.
Folk koste seg i den milde vårlufta.
Stemninga steig utover kvelden.
Desse jentene hadde kledd seg godt for kvelden.
Barnefamiliar
Det var mange barnefamiliar med. Borna vifta med flagg og koste seg i den milde vårkvelden. For ein nordmann minte det litt om korleis norske born feirar 17. mai, sjølv om dette var seint på kvelden.
Mange hadde store banner med skrivne bodskap på, som Velkomen Europa og liknande. Stemninga steig ut over kvelden, og ved midnatt var atmosfæren elektrisk. Eit gigantisk fyrverkeri lyste opp nattehimmelen over Warsawa, som det gjorde over dei andre hovudstadane i dei nye EU-landa.
Folk omfamna kvarandre, kjende og ukjende, det var tydeleg at dette var eit kjensleladd augneblink for mange. Fleire gret av glede, her var både høgstemt sentimalitet og meir rølpete måter å vise glede på. Det gjekk med nokre liter vodka, men det høyrer med når polakkane feirar.
Artistane vart små på den gedigne scena.
Mange hadde laga seg eigne banner med sin bodskap på.
Song og dans
Festen heldt fram ut over natta. Mange heldt seg på festplassen i gamlebyen, medan andre heldt fram festen på nattopne restaurantar og kafear. Det var song og dans i gatene, det var humør og glede.
Det var folk frå heile Polen og frå mange europeiske land som deltok på den historiske festen i Warsawa natt til 1. mai. Det svirra i mange tungemål, og det var også nordmenn med.
På dagen 1. mai var det også mykje folk ute i gatene, spesielt i gamlebyen og i den vakre Saski-parken. Fargeprakta i denne parken, som er som ein stor hage, var flott denne maidagen.
Her er også det kanskje viktigaste nasjonale monumentet i Polen, grava til den ukjende soldat. På alle viktige dagar i Polen bllir det halde markeringar her.
1. mai-toget i Warsawa var langt frå slik det var i gamle dagar.
Kommunistar
1. mai var den store nasjonaldagen for kommunistane, også i Polen. Det ein gong så eineveldige kommunistpartiet hadde også i år 1. mai-tog. Men det var ikkje mykje att av gammal pomp og prakt. Det var ikkje meir enn 50 deltakarar i toget, mest middelaldrande og eldre menn.
Toget hadde politiekskorte, og det var om lag ein politimann per demonstrant. Det store militærkorpset som brukte å leie 1. mai-toget i Warsawa var erstatta av ein
einsleg trompetist. Eit godt synleg bevis på den politiske utviklinga i Polen og andre tidlegare Sovjet-satellittar dei siste åra.
Når det er sagt så skal ein vere klar over at EU-saka er kontroversiell i Polen. Det er langt sterkare motstand mot EU i Polen enn til dømes i dei baltiske landa. Sjølv om kommunistane meir eller mindre er borte, så var det store demonstrasjonar mot EU 1. mai.
Det var globaliseringsmotstandararane som stod for denne demonstrasjonen, som samla fleire tusen menneske i sentrum av Warsawa.