Hopp til innhold

Den siste overlevande frå Hitlers fall er død

Den siste overlevande av livvaktene til Adolf Hitler, Rochus Misch, døydde i dag i Berlin, 96 år gammal.

Hitlers livvakt Rochus Misch er død.

På dette biletet frå 2005 viser Rochus Misch fram bilete frå tida som livvakt for Adolf Hitler.

Foto: Herbert Knosowski / Ap

Misch var til stades i bunkeren i Berlin dei siste døgna av Adolf Hitlers liv. Han var ei av dei mest trufaste livvaktene til Hitler, og til sin siste dag var han stolt innsatsen under krigen, og han har aldri hatt anna enn gode ord å seie om den tidlegare sjefen sin.

Han nekta til det siste på at han nokon gong i Hitlers teneste hadde høyrt om holocaust eller jødeutryddingar.

– Ein normal mann

Rochus Misch viser fram bilete av seg som ung SS-offiser

Rochus Misch viser fram bilete av seg sjølv om som ung SS-offiser.

Foto: JOHN MACDOUGALL / AFP

I eit intervju med nyheitsbyrået AP i 2005 karakteriserte han Adolf Hitler som ein normal mann, som korkje var eit monster eller ein supermann.

Misch vart fødd 29. juli 1917 i Silesia, som i dag er ein del av Polen. Han vart tidleg foreldrelaus og vaks opp hos besteforeldra. I ein alder av 20 år gjekk han inn i SS, ikkje fordi han var overtydd nazist, har han fortalt, men fordi han var glødande antikommunist.

Han kom raskt inn i Leibstandarte SS, ei avdeling som var bygd opp for å sørgje for den personlege tryggleiken til Adolf Hitler. Som livvakt for Hitler hadde han blant anna ansvar for kommunikasjonen mellom Hitler og generalstaben.

Då Misch gifte seg i 1942, sende Hitler ei kasse vin som gåve, har han fortalt.

LES OGSÅ: Hitler-livvakt druknar i fanpost

– I inste sirkelen

– Eg hadde aldri noko med nazipartiet å gjere, eg var ikkje med i Hitlerjugend, og trass i dette, så var eg i den inste sirkelen rundt Hitler, både dag og natt. 22 steg forbi meg, og ein var i Hitlers soverom.

Adolf Hitler og Eva Braun

Adolf Hitler og Eva Braun i førarbunkeren i Berlin.

Foto: Eva Brauns fotografier / AP

Dette sa Rochus Misch til den britiske avisa Daily Express i 2010. Avisa intervjua den tidlegare Hitler-livvakte i heimen hans i Berlin i 2010, ikkje langt frå staden der førarbunkeren låg. Den gongen gjorde Misch det klart at det var siste gongen han stilte opp i eit intervju.

Han fortalde blant anna at det første oppdraget han fekk av Adolf Hitler, var å ta med eit brev til Hitlers syster Paula i Wien. Han fortel om kor strekkslått han var før sitt første møte med føraren, men at han stod fram som ein mild mann som var hyggjeleg å prate med.

Fredrik den store

Etter som krigen skreid fram lærte han sjefen sin å kjenne også meir personleg. Misch fortalde blant anna at Hitler hadde lett for å fryse, og at han ofte tok med seg ei varmeflaske til sengs.

Ei spesiell oppleving har brent seg i minnet hans:

– Det var midt på natta. Eg trudde Hitler var gått til sengs, og eg gjekk inn i stova hans for å hente noko. Då såg eg at han sat med ansiktet i hendene og stirde framfor seg, som i transe. Han stirde på eit oljemåleri av Fredrik den store gjennom flammane på eit stearinlys. Det var som om eg hadde forstyrra nokon som var midt i ei bøn, fortalde han i intervjuet.

Han la til at Hitler alltid hadde med seg dette måleriet på reisene sine.

LES OGSÅ: Hitlers "førerbunker" blir skiltet

Informasjonstavle over førerbunkeren til Adolf Hitler

Denne informasjonstavla er sett opp på staden i Berlin der Hitler hadde bunkeren sin.

Foto: Arnt Stefansen / NRK

– Visste ikkje om holocaust

Rochus Misch har heile livet nekta for å ha kjent til jødeutryddingane under andre verdskrigen. Det hadde aldri vore tema i dei telefonsamtalane han formidla vidare til Hitler.

Adolf Hitler

Adolf Hitler enda livet sitt i ein bunker i Berlin.

Foto: Heinrich Hoffmann

– Eg gjorde lojalt jobben min, og prøvde å gjere alt til punkt og prikke. Eg ville ikkje miste jobben. Eg var glad for å sleppe å vere ved fronten, og etter kvart vart Hitler som ein vanleg person for meg, sa han i intervjuet.

Misch opplevde attentatforsøket mot Hitler 20. juli 1944, og han var til stades i bunkeren dei siste timane før Hitler tok livet sitt. Han hugsar då Hitler sa farvel til alle, og han var i rommet ved sida av då Hitler til slutt skaut seg 30. april 1945.

– Det var lenge sidan han hadde trudd på siger, la Misch til.

Misch fortalde at han såg den livlause kroppen til Eva Braun ved sida av Adolf Hitler i sofaen, med hovudet vendt mot han. Han hugsa at ho hadde ein mørkeblå kjole med ein spesiell krage på seg.

Fangeleir i Russland

Etter Hitlers død spurde han Joseph Goebbels om det var noko meir han skulle gjere. Goebbels forlet han med desse orda:

– Vi har lært oss å leve, no må vi også lære oss å døy.

Rochus Misch vart teken til fange av russiske soldatar, og han vart raskt sendt til Moskva. Han var ni år i ein arbeidsleir nær Uralfjella i Kasakhstan, og i 1954 reiste han tilbake til Berlin. Han tok opp att samlivet med kona Gerda, og dei dreiv ein interiørbutikk saman.

SISTE NYTT

Siste nytt