NRK Meny
Normal

Den nye Cuba-krisa

Oppmjukinga i forholdet mellom USA og Cuba har ført til ei uventa innvandrarkrise i Mellom-Amerika.

CUBA-MIGRANTS/PANAMA A Cuban migrant looks at the sea after crossing the border from Colombia through the jungle into La Miel, in the province of Guna Yala

PÅ VEG: Ein ung mann ser utover havet etter å ha kryssa den colombianske jungelen og kome til Panama. På Cuba konkurrerer amerikanske flagg på klesplagg symboltungt med bileta av revolusjonshelten Che Guevara og tidlegare president Fidel Castro på veggene.

Foto: CARLOS JASSO / Reuters

Medan debatten går heitt føre seg på innvandringsfeltet i USA, toppa av Donald Trump si utsegn om mexicanarar som valdtektsmenn, er politikken når det gjeld cubanske innvandrarar eit unntak.

Cubansk unntak i innvandringspolitikken

Sidan 1966 har USA gjennom den såkalla Cuban Adjustment Act late alle cubanarar som har opphalde seg minst eitt år i USA får bli, og mellom 1965 og 1973 fekk 300.000 cubanarar kome til landet via «Freedom flights», spesielle chartra fly mellom Cuba og Florida.

MARIEL 25 YEARS

Vener og slektningar ventar i hamna i Key West sør i Florida i 1980. Dette året kom fleire enn 125.000 cubanarar med båtar sendt av den amerikanske regjeringa i den såkalla Mariel Boatlift.

Foto: Ap

I 1980 var det også ein organisert masseflukt frå øya organisert av den amerikanske og den cubanske regjeringa – The Mariel Boatlift.

Og sidan 1994 har den såkalla «wet foot/dry foot»-politikken gjort at alle som har kome seg over det smale sundet mellom den karibiske øystaten og Florida fått bli. Regelen har vore at dei som kjem seg tørrskodde til landet bli, medan dei som vert stoppa til havs må snu.

Men ettersom båtane dei cubanske migrantane har brukt stort sett har vore dårlege, og sjansen for å bli stoppa av den amerikanske kystvakta er stor, har tala vore kontrollerbare. Om lag 4000 kjem seg tørrskodd over årleg, medan 2–3000 må snu.

78 prosent auke på eit år

Likevel har den cubanske innvandringa sidan revolusjonen i 1959 gjort til at cubanarane i dag er den sjuande største innvandrargruppa i USA. I 2013 var talet på cubanske innvandrarar i landet 1,1 millionar, som utgjer 2,8 prosent av den totale innvandrarbefolkninga, ifølge Migration Policy Institute.

Den cubanske regjeringa har hevda at denne politikken oppfordrar til ulovleg innvandring og menneskehandel, og meiner at den lurer cubanarane ut av landet.

CUBA-USA/MIAMI Protesters demonstrate against the reopening of the U.S. embassy in Havana, in the Little Havana neighborhood in Miami

KRITISKE TIL NORMALISERING: Cubanarar i Miami protesterer mot opninga av den amerikanske ambassaden i Havana. Her er dei i Miamis Little Havana.

Foto: JOE SKIPPER / Reuters

Og sidan USA og Cuba starta ei normalisering av forholdet mellom landa sidan desember i fjor har talet på migrantar paradoksalt nok auka. Pew Research viser at talet på cubanske migrantar til USA har auka med 78 prosent frå 2014 når ein ser på årets ni første månader.

Cubanarane fryktar at det som ein konsekvens av denne normaliseringa snart vil bli slutt på USA sitt rause mottak. Og dei ser inga nær forbetring av situasjonen på Cuba, som er prega av eit halvt hundreår med eit kommunistisk diktatur og seinare ein blokade frå USA.

Strabasiøs ferd gjennom Mellom-Amerika

Difor tek dei no landvegen, via Sør- og Mellom-Amerika. 45.000 cubanarar har kome til USA det siste året. Dette var gjort mogleg etter at Cuba i 2013 oppheva dei tidlegare strenge restriksjonar på utanlandsreiser. Dei har sidan dette kunne flydd til land der dei ikkje treng visa, som Ecuador.

Turen kan vere billigare enn den til sjøs, men absolutt ikkje mindre farleg. 31 år gamle Perez fortel Los Angeles Times at han brukte 4000 dollar på turen, mindre enn dei 7000 det kostar for den tre timar lange båtturen til Florida.

Men frå han forlét Cuba tok det sju månader før han nådde USAs grense. På vegen vart han kidnappa, og måtte betale 500 dollar i løysepengar.

Ved hjelp av menneskesmuglarar og i den seinare tid smarttelefonar tek migrantane seg gjennom Colombia og vidare gjennom Mellom-Amerika med buss, båtar og småfly, før dei til slutt kjem til Texas der dei kan hevde sin rett til å bli mottekne i «tørrskodd»-kategorien.

Laster kart, vennligst vent...

Den mest populære ruta er å fly til Ecuador og deretter ta seg landevegen gjennom Colombia, Panama og resten av landa i Mellom-Amerika, til slutt Mexico, før dei når Texas.

– Mange døyr undervegs, fortel Rodnaisy Cherilson (38) til Los Angeles Times. Ho overlevde også ei kidnapping i Colombia på vegen til USA.

– Vi vel å ta risikoen for å betre liva våre. Vi kjem oss hit med Guds nåde.

Ho forlét Camaguey, Cubas tredje største by, der ho tente 20 dollar i månaden som lege.

Fleire stenger grensene

Men no har fleire mellomamerikanske land sett seg på bakbeina, og ein ser ein dominoeffekt av stengde grenser liknande den vi har sett på Balkan for flyktningane som kjem via Tyrkia til Europa.

Etter at Nicaragua i november stengde den sørlege grensa si har tusenvis av cubanarar vore «stranda» i Costa Rica. Dei mellomamerikanske landa er leie av forskjellsbehandlinga av sine eigne innbyggarar og cubanarane, som har «fritt leie» til storebroren i nord.

Og no har Guatemala følgt etter.

– Mexico må garantere skriftleg at dei vil ta imot cubanarane før Guatemala kan sleppe dei gjennom, sa utanriksminister Carlos Raul Morales til tv-stasjonen Telemundo onsdag.

Nabolandet Belize har også nekta gjennomreise, så foreløpig er vegen til Mexico og USA blokkert.

CUBA-MIGRANTS/PANAMA Cuban migrants help a child as they walk down crossing the border from Colombia through the jungle into La Miel, in the province of Guna Yala, Panama

Cubanske migrantar hjelper eit barn idet dei kryssar grensa til Le Miel i Panama etter å ha teke seg gjennom den colombianske jungelen. 100 til 150 menneske passerer her kvar dag ifølge lokale myndigheiter.

Foto: CARLOS JASSO / Reuters

Republikanarane vil endre Cuba-politikken

Obama-administrasjonen har til no nekta for at dei planlegg ei endring av politikken i næraste framtid. Dei får ikkje uventa kritikk frå Republikanarane, som er kritiske til det dei omtalar som «dusty feet»-migrantar, dei som flyktar frå Cuba av økonomiske, ikkje politiske, grunnar.

CUBA-USA/ U.S. Senator Rubio questions Assistant Secretary of State Jacobson on U.S.-Cuba relations during hearing on Capitol Hill in Washington

KRITISK: Presidentkandidat for Republikanarane, Marco Rubio, har sagt at om han vert president vil han fryse forholdet til Castro-regimet. Rubio er sjølv ein av dei mange innbyggarane i Florida med cubansk bakgrunn.

Foto: JIM BOURG / Reuters

Marco Rubio, ein av dei republikanske presidentkandidatane, som sjølv har cubanske røter, sagt at han vil revurdere dagens politikk for å hindre at cubanske innvandrarar utnyttar amerikanske velferdsordningar samstundes som dei reiser tilbake for å besøke familie, skriv Pew Research.

Mange er samde med han, og meiner at ein bør stille strengare krav til at cubanarane som får bli verkeleg er forfølgt av regjeringa. Phil Peters, leiar for Cuban Research Center, meiner at ein må stille same krav til økonomiske migrantar frå Cuba som frå andre mellomamerikanske land.

Den politiske leiinga i Miami har også oppfordra Kongressen til å endre the Cuban Adjustment Act, som dei meiner er med på å styrke det cubanske regimet i si noverande form.

Miami, som berre ligg i underkant av 400 kilometer frå Havana, er den staden i USA der det bur flest med cubanske røter; 46 prosent av alle cubanar-amerikanarar i USA bur i Miami-Dade County ifølge Pew Research – og om ein ser på heile delstaten, Florida, er talet 68 prosent.

– Ei migrasjonskrise i sakte film

Ecuador, som er allierte med Castro, har no trekt tilbake den visafridommen for cubanarane, men let framleis cubanarar som allereie har kjøpt billettar kome.

Costa Rica har forsikra om at dei ikkje vil returnere migrantane til Cuba mot deira vilje. No forsøker dei å forhandle med dei andre landa i regionen om ei luftbru eller andre tiltak, men har så langt ikkje fått gehør for dette.

William M. LeoGrande, professor ved American University i Washington, meiner at det er på tide at USA gjer noko med dette han kallar ei migrasjonskrise i sakte film.

I mellomtida kjem rundt 200 cubanarar til Costa Rica kvar dag, fortel NPR.

COSTA RICA-NICARAGUA-CUBA-MIGRANTS

STRANDA I COSTA RICA: 300 cubanarar ventar her, i La Cruz på grensa til Nicaragua, på at landa i regionen skal verte samde.

Foto: EZEQUIEL BECERRA / Afp
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt