Hopp til innhold

Den fjerde største byen i USA er nær krise – sjukehusa blir fylte opp

Samtidig som Texas opna delar av samfunnet igjen, auka talet på koronasmitta. Guvernøren set gjenopninga på pause og meiner dei står overfor eit «massivt utbrot».

0t8InzZD8Pg

Ein helsearbeidar testar menneske for koronaviruset i Houston. Texas har nyleg gjenopna samfunnet, men som ei følgje opplever delstaten auke i talet på smitta.

Foto: CALLAGHAN O'HARE

Texas Medical Center (TMC) i Houston blir opp fylt, etter at stadig fleire blir smitta av koronaviruset i delstaten Texas.

TMC er ei klyngje av medisin- og helseorganisasjonar og består mellom anna av 21 sjukehus.

No melder sjukehuset at 97 prosent av alle sengene i intensivavdelinga er opptekne. Vanlegvis er opp mot 80 prosent av sengene i bruk, skriv Daily Mail.

Det er venta at innan to veker vil intensivavdelinga vere heilt full.

«Massivt utbrot»

Torsdag bestemde Guvernøren i Texas, Greg Abbot, at gjenopninga av Texas blir sett på pause, på grunn av auken i talet på smitta, ifølgje CBS News.

Abbot sa onsdag at delstaten står overfor eit «massivt utbrot» av koronaviruset, skriv CBS News.

I Texas er totalt 131.996 personar smitta av koronaviruset. Av dei har 2302 mista livet.

Dei siste to vekene har talet på tilfelle nesten vorte dobla, skriv CBS News.

jTPIr_Lb4_g

Texas Medical Center i Houston har snart ikkje plass til fleire pasientar i intensivavdelinga.

Foto: David J. Phillip / AP

Auka behov for personell

Ein lege ved Houston Health Authority, David Persse, meiner mange sjukehus har teke i bruk beredskapsplanar for å ta hand om alle pasientane, ifølgje Daily Mail.

Normalt har sjukehusa i Houston 1462 senger, men har auka talet til 2649.

Persse fortel at det ikkje er sannsynleg at sjukehusa klarer å halde oppe så mange pasientar over tid.

Med auke av pasientar, komme òg eit behov for fleire legar og sjukepleiarar. Til slutt trur han helsearbeidarar vil jobbe så mykje at dei sjølv blir smitta av viruset, skriv Daily Mail.

Ber om tiltak

Peter Hotez er vaksineforskar og ekspert på smittsam sjukdom. Han sa onsdag at det bør setjast i verk strenge tiltak med ein gong, for å få kontroll på viruset i Texas, skriv Houston Chronicle.

Hotez meiner det som skjer i delstaten er ein mareritt-situasjon. Han seier at masker bør vere obligatorisk, og at folk må halde avstand.

SISTE NYTT

Siste nytt