Hopp til innhold

Gir gratis øl til tenåringar

Viss ungdommane møter opp edru til utestaden, får dei gratis øl når dei kjem inn.

Øl og tequila på ein bar i London

EDRUMYNT: Balen kommune i Belgia vil få ned alkoholkonsumet blant unge før dei drar ut på byen.

Foto: DANIEL LEAL / AFP

I den belgiske byen Balen har kommunen, ungdomsrådet og serveringsbransjen gått saman om å gje unge vaksne gratis alkohol ute på byen.

Føresetnaden er at dei møter opp edru.

Målet med kampanjen «Sobercoin» er å gjera ungdommen merksam på sitt eige alkoholforbruk.

– Me ønsker at unge skal ha eit fornuftig og sunt forhold til alkohol. Me startar difor denne kampanjen mot vorspiel, skriv kommunen på sine heimesider.

Dei hadde merka seg at fleire og fleire unge møtte opp veldig fulle då dei var ute på livet.

– Det var fleire basketak. Folk spydde overalt, seier talsperson for kampanjen Jonas Willems til BBC.

Han seier at det både var eit problem inne på festar og ute på gata.

"Ikkje avslutt festen før han har starta". Plakat for kampanjen Sobercoin i Balen i Belgia.

«Ikkje avslutt festen før han har starta» er slagordet til kampanjen i Balen.

Foto: Gemeente Balen/Sobercoin

Tre gratis drinkar

Derfor kom dei opp med ideen om ei «edrumynt». Så langt har dei delt ut desse myntane på fire ulike ungdomsarrangement.

I Belgia er aldersgrensa for å kjøpa øl og vin 16 år. For brennevin er det 18 år.

Før gjestane går inn, kan dei ta ein promilletest. Er resultert under promillegrensa, får dei ein mynt.

Denne gir tre gratis drinkar inne på festen.

Kommunestyret har forsøkt jobba aktivt med alkoholpolitikken i byen sidan 2016. Dette er eit av dei siste tiltaka dei prøver ut.

Litt skeptisk

På spørsmål om ungdommane synest det er ein god ide, er mange positive.

– Det er eit godt prinsipp, seier ein av ungdommane til BBC.

– For meg er det ein fordel. Det er gratis drinkar, så eg liker det, seier ein annan.

Ein tredje er meir skeptisk.

– Eg veit ikkje. Eg trur ikkje det er den ideelle måten å fiksa problemet på.

Kampanje-materiell frå Sobercoin.

Kommunen har også laga ein kampanjebrosjyre, som dette bildet er henta frå.

Foto: Kampanjebrosjyre / Gemeente Balen

Starta samtalen

Arrangørane bak Sobercoin har ikkje som mål å få folk til å slutta å drikka.

– Det er berre for å få samtalen i gang, slik at folk kan anerkjenna at det er eit problem, seier Willems.

Ifølge han har det vore færre basketak og andre forstyrringar etter tiltaket.

– Det kan vera ei tilfelle, men eg trur framleis det er litt av effekten av vår sobercoin.

SISTE NYTT

Siste nytt