Hopp til innhold

Store demonstrasjonar i Spania

Hundretusenvis av spanjolar demonstrerte i dag mot den konservative regjeringa sine nye arbeidsreformer i Spania.

Demonstrasjon i Seville, Spania

Fleire hundre tusen demonstrerte i spanske gater i dag.

Foto: Marcelo del Pozo / Reuters

To av dei største fagforeiningane i Spania, UGT og CCOO, har varsla fleire demonstrasjonar i framkant av ein planlagt generalstreik 29. mars.

Dei krev at myndigheitene droppar reformane, som mellom anna inneber kutt i trygda for arbeidslause og ein meir fleksibel arbeidsstokk, skriv NTB.

Finanskrisen i Europa har gjort at arbeidsløysa er rekordhøg i fleire land, og løysingane som regjeringane presenterer fell ofte ikkje i god jord hjå befolkinga.

Demonstrasjon i Spania

Demonstrantane marsjerte i gatene med store skilt.

Foto: Marcelo del Pozo / Reuters

LES: Demonstrasjoner i åtte spanske byer

Lettare å gje folk sparken

Demonstrantane meiner reformane vil føre til meir arbeidsløyse ettersom det vil bli lettare for bedrifter å gje folk sparken.

Ifølgje spanske fagforeiningar var det demonstrasjonar i seksti byar rundt om i Spania, mellom anna i Madrid, Barcelona, Valencia og Sevilla.

«Ubrukeleg, ineffektiv og urettferdig» stod det på eit banner som demonstrantar hadde hengt opp på ei bru i Madrid.

LES: Bill.mrk: Mirakelmann søkes

Titusenvis av menneske deltok i demonstrasjonane i byen, ifølgje journalistar som var der. Fagforeininga seier at opptil 500 000 demonstrantar var med på demonstrasjonane.

Håpar på nytt liv i økonomien

Myndigheitene håpar reformane skal bidra til å skape fleire arbeidsplassar og få nytt liv i økonomien.

LES: «Hele Norge» arbeidsledige i Spania

LES: Europas tapte generasjon

Arbeidsløysa i Europa er rekordhøg, og i Spania er arbeidsløysa på 23 prosent, medan den er nærare 49 prosent for folk under 25 år.

Også demonstrasjonar i Italia

Streik i Roma

I Italia gjekk arbeidarar til streik og demonstrerte mot nye reformer.

Foto: MAX ROSSI / Reuters

Fredag marsjerte også tusenvis av fagorganiserte i Italia mot myndigheitene sine planar om å gjere det enklare å gi folk sparken.

Statsminister i Italia Mario Monti har sagt at han vil reformere den italienske arbeidsmarknaden og gjere det meir fleksibelt, slik at fleire kvinner og unge får arbeid.

LES: Desperate portugisarar emigrerer til eks-koloniar i Afrika

LES: Dette kartet er dårlig nytt for Europa

Dei fagorganiserte hevdar at reformene i staden vil føre til at fleire mistar jobben.

– Ein løyser ikkje problemet med å gjere det enklare å sparke folk, seier Fiom-leiar Maurizio Landini. Med raude flagg og protestrop troppa fleire tusen Fiom-organiserte fredag opp framfor Laterankyrkja i Roma.

Protestane retta seg særleg mot bilgiganten Fiat, som prøvar å presse fagforeininga Fiom til å skrive under på ein ny kollektiv avtale som strammar inn arbeidstakarane sine rettar.

Den historiske plassen i Roma var også åstad for kraftige samanstøyt mellom politi og demonstrantar i oktober i fjor, då fleire titals personar blei skadde.

SISTE NYTT

Siste nytt