NRK Meny
Normal

Demonstrasjonar mot Putin i Moskva

I Russlands hovudstad Moskva marsjerer no tusenvis av demonstrantar i gatene. Dei protesterer mot president Vladimir Putins styre.

Anti-Putin-demonstrasjonar i Russland

STORE DEMONSTRASJONAR: Moskvas gater fungerte som scene når titusenvis av demonstrantar møtte opp i hovudstaden for å protestere mot president Vladimir Putin.

Foto: MAXIM SHEMETOV / Reuters

Garry Kasparov ved demonstrasjon i Moskva

AKTIVIST: Garry Kasparov har engasjert seg i kampen mot det han meiner er eit undertrykkande regime.

Foto: KIRILL KUDRYAVTSEV / Afp

– Me har same agenda som før. Me syner at hundretusenvis av menneske i Russland ikkje er einig med det som skjer i landet vårt, seier Garry Kasparov.

Den tidlegare stormeisteren i sjakk og no politiske aktivisten siktar til president Vladimir Putins politikk. Han gjekk fremst i eitt av toga i dag, og i hovudstaden Moskva har han titusenvis av menneske med seg.

Demonstrantane ropte «Russland utan Putin!» og «Me er regjeringa!». Førebels er det meldt om få valdelege episodar. Fleire prominente russiske politikarar har delteke.

– Eg håpar regjeringa har fornuft nok til å høyre på folkets røyst, seier tidlegare statsminister Mikhail Kasyanov, og held fram:

– I fylge meiningsmålingar er halvparten av folket imot den retninga som landet tek no. Me er sikre på at me kan, på ein fredeleg måte, velte regjeringa.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Slåssing i Moskvas gater

USEMJE BLANT DEMONSTRANTANE: Protestane samla svært ulike politiske fraksjonar. Her går anti-fascistar (til høgre) til åtak på eit medlem av ei nasjonalistgruppering.

Foto: MAXIM SHEMETOV / Reuters

Mange forskjellige grupperingar

– Venstrevridde organisasjonar på venstre side av vegen, ropar politiet gjennom megafonar, og dirigerer folkemengdene gjennom gatene.

Det er ein miks av fleire forskjellige politiske grupperingar som har teke til gatene i Moskva i dag. Alt frå ekstreme venstreradikale grupper til sterkt høgrevridde nasjonalistar. Dette har ført til at organisatorane har kome under sterk kritikk for å ikkje klare å samle seg under ein parole.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Demonstrasjon mot Putin i Moskva

TITUSENVIS MØTTE OPP: Forskjellige fraksjonar deltek, men dei demonstrerer alle mot president Putins styre.

Foto: KIRILL KUDRYAVTSEV / Afp

Men det dei er samde om er at president Putin står for ein undertrykkande politikk som hindrar opposisjonen i å jobbe fritt.

Dagens demonstrasjon er den fyrste masseprotesten på tre månader. Harde forhandlingar mellom organisatorane og styresmaktene måtte til før dei fekk lov til å arrangere protestmarsjen.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt