Hopp til innhold

Demonstrasjonar på Wall Street fire dagar på rad

Fleire tusen demonstrantar har dei siste dagane samla seg sør på Manhattan i New York, for å protestere mot finansnæringa på Wall Street.

Demonstrasjon Wall Street

Ein politioffiser vert angripen av demonstrantane ved Wall Street i dag, der sju blei arrestert.

Foto: Robert Stolarik / Polaris

Det som starta som ein kampanje på nettet har no blitt til massive protestar i gatene i finansdistriktet på Manhattan. Gjennom nettstaden www.occupywallst.org har dei organisert demonstrasjonar som tydeleg er inspirert av dei store protestane i den arabiske verda det siste året.

– Som brørne og søstrene våre i Egypt, Hellas, Spania og Island, planlegg me å bruke dei revolusjonære taktikkane frå den arabiske våren for å rette opp att demokratiet i Amerika, står det på nettsida.

Twitter-storm

Likeins som med demonstrasjonane i Europa og Nord-Afrika så vert sosiale media hyppig brukt. Berre på ti minuttar tysdag kveld, vart det skrive nesten 200 twitter-meldingar med hashtaggen #occupywallstreet.

Dei som organiserar protestane oppfordrar folk å ta med telt, soveposar og kjøkkenutstyr. Det er kome meldingar om at fleire hundre av demonstrantane har overnatta i parkar på Manhattan.

Minst sju personar er arrestert i dagens demonstrasjonar, melder nyheitsbyrået AP. Protestane held fram på sin fjerde dag, og er retta mot finansnæringa i USA, og korleis dei store korporasjonane påverkar det amerikanske demokratiet.

(artikkelen held fram)

US-125628170 Protestors Occupy Wall Street As Traders Return To Work

Plakatar ligg klare til bruk til demonstrasjonane, som ikkje er venta å ta slutt med det første.

Foto: MICHAEL NAGLE / Afp

Høg studiegjeld – ingen jobb

26 år gamle Romeo er ein student og skildrar seg sjølv som den gjennomsnittlege demonstranten.

– Me har ein president som seier at me skal gjere det rette. Å gå på skulen, å få eit betre liv. Men eg får ikkje eit betre liv. Eg er ferdig på høgskulen med $50 000 dollar i gjeld. Men eg klarar ikkje å skaffe ein jobb for å betale ned gjelda, seier han til The Guardian.

– Sjå rundt oss. Chase, Citigroup, Goldman Sachs. Dei vart redda av staten, men kva med oss? Me har gode gradar og har jobba hardt, men klarar ikkje å få jobb.

Al Jazeera melder at hacker-gruppa Anonymous er blant dei som organiserar protestane. Dei skal ha lagt ut ein video på nettet der dei oppfordra folk til å dra ut til gatene 17. september.

Politiet skal ha stengt av enkelte område rundt Wall Street, og personar som jobbar der må vise fram gyldig legitimasjon for å kome gjennom sperringane. Sjølve gata skal no vere sperra heilt av, slik at demonstrantane ikkje kjem til.

Borgarmeister åtvara

Michael Bloomberg

New York-borgarmeister Michael Bloomberg ser likskapar mellom situasjonen i USA og opptøyane i Kairo.

Foto: GABRIEL BOUYS / AFP

Borgarmeister i New York, Michael Bloomberg, sa berre for nokre dagar sidan at han forventa store opptøyar i byen dersom arbeidsløysa ikkje vil betra seg.

– Folket er ikkje fornøgde. Dei veit det er noko galt i landet vårt, og det er det også. Folket er rett og slett sinte.

– Me har mange ungdom som går ut frå skulen utan å få seg jobb. Det var det som skjedde i Kairo. Det var det som skjedde i Madrid. Me vil ikkje ha slike opptøyar i New York.

Rett etter desse utsegna gjekk det altså troll i ord for borgarmeisteren.

Det er uvisst kor lenge demonstrasjonane kjem til å vare, men lite tyder på at dei vil bli mindre med det første.

US-125633887 Protestors Occupy Wall Street As Traders Return To Work

Demonstrasjonane vart intensivert måndag då børsane i New York opna.

Foto: MICHAEL NAGLE / Afp

SISTE NYTT

Siste nytt