NRK Meny
Normal

Demonstrantar til angrep på afrikanske innvandrarar i Tel Aviv

Trass i streng grensekontroll har det kome fleire tusen afrikanske immigrantar ulovleg inn i Israel dei siste åra. Kravet om å få dei ut blir stadig sterkare.

Demonstrasjon mot afrikarar i Tel Aviv.

Demonstrasjonen i Tel Aviv onsdag kveld var særleg retta mot sudanske innvandrarar.

Foto: RONI SCHUTZER / Afp

I går kveld utarta ein demonstrasjon mot dei illegale innvandrarane i den fattige bydelen Hatikva i Tel Aviv seg til reine gatekampar. 20 personar vart pågripne for å ha gått laus på innvandrarar og for hærverk.

Rasande demonstrantar gjekk til angrep på bilen til denne mannen i Tel Aviv.

Rasande demonstrantar gjekk laus på bilen til denne afrikanske mannen.

Foto: Ariel Schalit / Ap

Dei rundt 200 demonstrantane sette fyr på søppelkasser og gjekk fysisk til angrep på sudanske og eritreiske immigrantar. Ingen vart alvorleg skadd, men ein sudansk bilførar fekk knust rutene i bilen sin. Fleire butikkvindauge vart knuste, melder den israelske avisa Haaretz .

Krav om deportasjon

Demonstrantane bar plakatar med krav om deportasjon av dei afrikanske innvandrarane, og med kritikk av statsminister Netanyahu for det dei meiner er manglande evne til å ta seg av problemet.

Innanriksministeren i Israel, Eli Yishai, har tidlegare sagt at det einaste rette er å deportere alle som har kome ulovleg inn i Israel til heimlanda sine. Han fekk spørsmål frå radiostasjonen til den israelske hæren om ikkje angrepa mot afrikanarane likna på angrepa på jødar i Russland på 1800-talet, dei såkalla pogromane.

Israels innanriksminister Eli Yishai.

Israels innanriksminister Eli Yishai vil deportere innvandrarar som har kome ulovleg inn i landet.

Foto: DAN BALILTY / AP

Den ultrakonservative statsråden avviste samanlikninga, og sa at tal frå politiet viser at sudanarar og eritrearar utgjer ein kriminell fare i Israel. Han seier i intervjuet at han ikkje kritisere ein far som opplever at dottera hans blir valdteken, eller ei kvinne som ikkje kan gå trygt i gatene.

Fleire tilfelle av uro

David Hez, ein høgtståande tenestemann i Tel Aviv-politiet, seier til nyheitsbyrået Reuters at uroa i at det har vore fleire tilfelle av anti-afrikansk uro i byen denne månaden.

Oscar Olivier, ein immigrant frå Kongo, seier at han har budd 18 år i Israel, og at stemninga under uroa onsdag minte han om stemninga rundt drapet på statsminister Yitzhak Rabin i 1995. Rabin vart skoten og drepen av ein ultranasjonalistisk israelsk jøde.

– Eg kjenner det som om vi står overfor ein tørrlagt alkoholikar som har byrja å drikke igjen. Spørsmålet er ikkje når dei vil drepe ein afrikanarar, men når det skjer, seier han i eit intervju med radiostasjonen til den israelske hæren.

– Lat domstolane avgjere

Demonstrasjon mot afrikanske innvandrarar i Tel Aviv.

– Afrika treng hjelp, ikkje ein stat, står det på dette banneret.

Foto: RONI SCHUTZER / Afp

Olivier vedgår at dei mange innvandrarane skapar problem for Israel, men legg til:

– Det er profesjonelle, seriøse og uavhengige dommar her i landet. Lat dei avgjere kva som skal skje og korleis det skal gjerast. Men det må skje utan valdsbruk, seier han.

Truleg har det kome så mange som 60.000 ulovlege innvandrarar frå Afrika sør for Sahara til Israel dei siste åra. Dei har i stor grad kome seg inn via grensa til Egypt i Sinai-ørkenen. Der opererer profesjonelle menneskesmuglarar i stor stil, og lokalkjende beduinar blir brukte til å føre immigrantane over grensa.

Mange av immigrantane hamnar i dei fattige bydelane i Tel Aviv, og ordføraren i Tel Aviv, Ron Huldai, seier at så mange som 15 prosent av innbyggjarane i storbyen er illegale innvandrarar. Han seier at talet er sterkt aukande.

Arbeidssøkjarar eller flyktningar?

Demonstrasjonen retta seg også mot statsminister Benjamin Netanyahu.

Demonstrantane bar plakatar med slagord mot statsminister Benjamin Netanyahu.

Foto: RONI SCHUTZER / Afp

Offisielle tal viser at 82 prosent av dei afrikanske innvandrarane er menn, 15 prosent kvinner og resten born.

Israelske styresmakter seier at dei fleste av innvandrarane er arbeidssøkjarar og ikkje flyktningar. Dette blir avvist av FN, og den uklare statusen gjer at desse menneska hamnar i ei juridisk gråsone.

Eit forsøk frå innanriksministeren på å utvise ei gruppe sørsudanarar i april, vart stansa av israelsk høgsterett etter at fleire israelske menneskerettsgrupper engasjerte seg i saka.

LES OGSÅ: Italia betaler erstatning til Libya

LES OGSÅ: - 18.000 ulovlige innvandrere

I fleire andre land

Demonstrasjonane og uroa i Tel Aviv i går liknar mykje på episodar i fleire europeiske land, blant anna i Italia. Fattige innvandrarar hamnar i fattige bydelar i storbyane, og det fører ofte til harde frontar.

LES OGSÅ: Spania sender tilbake flyktningar

LES OGSÅ: Innvandreres rettigheter svekket

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt