Demonstrantar storma presidentkontor i Kirgisistan

Rasande demonstrantar har storma nasjonalforsamlinga og presidentkontora i Kirgisistans hovudstad og sett fri ein tidlegare president som var arrestert.

Storming av statlig bygning i Bishkek i Kirgisistan

Demonstrantar storma natt til tysdag fleire statlege bygningar i Kirgisistans hovudstad Bishkek.

Foto: Vladimir Voronin / AP/NTB

Bilete som er sende ut av Radio Free Europe, syner demonstrantar som vandrar rundt inne i regjeringsbygningane. Andre bilete viser store mengder brennande papir og dokument som er strødde på gata.

Eit vitne seier at ingen var på vakt då demonstrantane braut ned porten og storma bygningane utan å møte motstand.

Samtidig melder nyheitsbyrået Tass at nokre demonstrantar har sett fri tidlegare president Atambajev som har sete i arrest i bygninga til statskomiteen for nasjonal tryggleik.

Store protester mot valget i Kirigisistan mandag 5. oktober

Tusenvis av menneske protesterte måndag i Bishkek mot valresultatet.

Foto: Vladimir Voronin / AP/NTB

Store protestar

Storminga av kontora fann stad etter store demonstrasjonar og eit døgn med protestar mot valresultatet.

Etter eit møte måndag som vart organisert av partia som ikkje vant mandat i valet til ny nasjonalforsamling, var mange sinte. Då gjekk folk til åtak på portane til fleire statlege bygningar.

Opprørspoliti i Bishkek i Kirigisistan

Opprørspoliti brukte tåregass og vasskanonar mot demonstrantane som var samla i Bishkek måndag.

Foto: Vladimir Voronin / AP/NTB

Skuldingar om valfusk

Dei to partia som støtter president Sooronbaj Jeenbekov, vant valet med 24 prosents oppslutning kvar, medan fleire opposisjonsparti fall under sperregrensa og ut av nasjonalforsamlinga.

Det vart meldt om stemmekjøping fleire stader. Det er og komme rapportar om at medlemmer av kriminelle grupper har pressa veljarar, ifølge Radio Free Europe/Radio Liberty.

SISTE NYTT

Siste nytt