Hopp til innhold

Demonstrantane fylte gatene i Washington med god stemning

Rekordmange demonstrantar fylte i natt gatene i Washington. Bråket kom aldri. Det blei tvert om rapportert om feststemning.

Demonstrasjonsmarsj på Indepence Avernue i Washington

FREDELEG: To reservistar frå nasjonalgarden står og ser på demonstrantar på Independece Avenue i Washington.

Foto: Alex Brandon / AP / NTB Scanpix

Militære køyretøy og soldatar frå nasjonalgarden hadde stengd av området rundt Det kvite huset i god tid før den planlagde marsjen mot rasisme og politivald. Styresmaktene venta at opptil 200.000 ville delta i marsjen.

Demonstrantar marsjerer mot Dte hvite hus i Washingotn DC i USA

FOLKSAMT: Demonstrantane strøymer mot Det kvite huset.

Foto: Samuel Corum / AFP / NTB Scanpix

Storavisa Washington Post skriv at demonstasjonen er den største som har vore i byen til no, og kallar det «ein historisk augneblink».

Titusenvis av demonstrantar marsjerte med heimelaga plakatar som heidra avdøde George Floyd. Dei kravde stopp i politivalden og rasismen. Det heile gjekk roleg føre seg utan samanstøytar med politifolka som heldt seg i bakgrunnen.

Etter ei veke med mange valdelege samanstøytar og mange arrestasjonar, har det roa seg dei siste dagane. Portforbodet er oppheva.

Demonstrasjon ved Lincoln-monumentet i Washington 6. juni 2020

FOLKEHAV: Mange av demonstrantane samlar seg ved Lincoln-minnesmerket i den amerikanske hovudstaden.

Foto: CARLOS BARRIA / Reuters / NTB Scanpix

– Ei ny melding om håp

Ved National Mall var det sett opp gjerde, og uniformerte vaktar stansa demonstrantane før dei kunne gå opp trappene til Lincoln-minnesmerket. Akkurat på staden der borgarrettsforkjemparen Martin Luther King Jr.i 1963 heldt den ikoniske talen der han fortalde om sin draum om at rasismen måtte ende i USA.

– Som afroamerikanarar er vi her for å fortelje om håpet vårt, at dette vondskapsfulle systemet ikkje kjem til definere oss, sa 31 år gamle Deniece Laurent-Mantey, ei av mange i folkemassen.

– Martin Luther King sto her, og etter så mange år er vil tilbake med ei ny melding om håp, la ho til.

– Feststemning

Laurdag var politiet mindre synleg. Markeringane hadde nærast feststemning, melde nyheitsbyrået AP.

I det varme sommarvêret stimla folk saman ved Capitol, National Mall-parken og nabolaga rundt. Mange samla seg framfor Det kvite hus, der barrikadane var forsterka med nytt gjerde og ekstra sikkerheit.

Nytt gjerde rundt det hvite hus i Washington i USA

TRYGGLEIKSGJERDE: Gjerdet rundt Det kvite huset er forsterka.

Foto: Maya Alleruzzo / AP / NTB Scanpix

President Donald Trump tvitra i natt at det var langt færre demonstrantar utanfor Det kvite huset enn venta, og han takka politiet og nasjonalgarden for «ein fantastisk jobb».

Ba om 10.000 soldatar

Ifølgje CBS News hadde president Trump bede om at 10.000 soldatar skulle vere utplasserte i gatene i hovudstaden og andre amerikanske byar for å kvele protestane denne helga.

Forsvarsminister Mark Esper, justisminister William Barr og forsvarssjef Mark Milley skal ha protestert.

Møtet om dette på det ovale kontor på måndag, skal ifølgje CBS ha vore opphissa, men enda med at Trump måtte gje seg. Esper valde i staden å plassere 1600 soldatar i beredskap nær hovudstaden.

Hylla Floyd på hans siste reise

Laurdag var det minnestund for George Floyd som døydde for 12 dagar sidan, i fødebyen hans Raeford i Nord-Carolina.

Fleire hundre menneske møtte opp utanfor kyrkja der minnestunda vart halde. Fleire ropte antirasistiske slagord. Dei frammøtte fekk kome inn i små grupper for å sjå kista før minnestunda.

– Det kunne ha vore meg. Det kunne ha vore bror min, far min, kven som helst av dei svarte venene mine, seier ein av dei, Erik Carlos, til nyheitsbyrået AP.

Kista til Floyd skal til slutt til Texas der han skal bli gravlagt.

Sjå video frå minnemarkeringa i Raeford:

Kista til George Floyd vert bore inn i Cape Fear Conference B Church i Raeford.

Protestar i fleire land

Internasjonalt har det og vore store protestar og fleire demonstrasjonar dei siste vekene. Laurdag protesterte fleire tusen på Parliament Square i London.

Demonstrasjon på Parliament Sq i London

LONDON: Demonstrasjon på Parliament Square i London laurdag.

Foto: DANIEL LEAL-OLIVAS / AFP / NTB Scanpix

Det var og demonstrasjonar mot politivald og diskriminering i mellom anna Warszawa, Sydney, Paris, Marseille, Lisboa, Toronto, Basel, Köln, Berlin og Tunis same dag.

Rasisme-demonstrasjoin I Köln i Tyskland 6. juni 2020

KÖLN: Tusenvis av menneska var samla i den tyske storbyen Köln laurdag i protest mot rasisme og politivald.

Foto: Martin Meissner / AP / NTb Scanpix

Svarte mannlege amerikanarar er meir utsett for å bli drepne av politiet enn sine kvite landsmenn, viser ein studie omtalt av Los Angeles Times i 2019.

I studien kjem det fram at å bli drepen av politiet er den sjuande vanlegaste årsaka til at svarte mannlege amerikanarar mellom 25 og 29 døyr.

Over 1000 amerikanarar vert drepne av politiet kvart år, ifølgje ei oversikt frå den britiske avisa The Guardian. No krev stadig fleire amerikanarar eit oppgjer med rasisme og diskriminering.

I ein tidlegare versjon av denne artikkelen skreiv NRK at «Å bli drepen av politiet er ein av dei vanlegaste dødsårsakene blant unge, svarte i USA». Vi har presisert dette med at det er den sjuande vanlegaste årsaka, ifølgje ein studie omtalt i Los Angeles Times i 2019.

Protestene i USA

SISTE NYTT

Siste nytt