Hopp til innhold

Demokraten Mark Kelly vann senatsplassen frå Arizona

Med attvalet av senator Mark Kelly i Arizona, er Demokratane berre eitt sete frå å sikre fleirtal i Senatet i USA.

Mark Kelly

ASTRONAUT: Mark Kelly har vore fire gongar i verdsrommet som astronaut, og vart i natt vald på ny til Senatet i USA for ein ny seksårsperiode.

Foto: PATRICK T. FALLON / AFP

CNN og New York Times melde i natt at leiinga til Kelly i oppteljinga no er så stor at senatsvalet er avgjort i delstaten.

Kelly slo Republikanarane sin kandidat, Blake Masters med stor margin. Masters har hatt sterk støtte i valkampen frå tidlegare president Donald Trump.

Oppteljinga i Arizona har tatt lang tid, og det har hissa opp fleire republikanske valfornektarar. Framleis er ikkje alle poststemmene talte opp, men leiinga til Kelly har auka ettersom oppteljinga går framover.

Kelly ligg meir enn 5 prosentpoeng over Masters. Laurdag morgon norsk tid er tala 51,8 prosent til Kelly og 46,1 prosent til Masters.

Det skal vere meir enn Masters kan klare å ta att.

Vil ikkje godta tapet

Master varsla torsdag at han vil utfordre valresultatet i rettssystemet dersom han tapte, skriv BBC.

I ein e-post til støttespelarar skrev han at han hadde sett «urovekkande» ting under oppteljinga, og bad om pengebidrag.

Tre dagar etter valet står oppteljing av fleire hundre tusen poststemmer att. Alle stemmesetlar blir først talte maskinelt. Deretter blir dei talte for hand, under kontroll av minst ein observatør frå kvar parti. Det tar tid.

Tidlegare astronaut

Kelly er ein tidlegare astronaut som har vore fire gongar i verdsrommet.

Han er gift med tidlegare kongressrepresentant Gabby Giffords som i 2011 overlevde eit attentat. Ho vart livstruande skadd då ho vart skoten i hovudet av ein mann med ait halvautomatisk våpen mens ho dreiv valkamp i heimbyen Tucson. Seks menneske vart drepne.

Gabby Giffords og Mark Kelly 8 nov 2022

OFFER FOR ATTENTAT: Mark Kelly saman med kona Gabby Giffords på valdagen i Tuscon i Arizona.

Foto: Kevin Dietsch / AFP

Kelly vart først vald inn i Senatet i eit spesialval for fylle plassen etter den republikanske senatoren John McCain i 2020.

I valkampen har Kelly forsvart kvinner sin rett til abort. Saman med kona Gabby driv han ein organisasjon som kjempar for strengare våpenlovar i USA.

Demokraten Mark Kelly under mellomvalget for Senatet i 2022 i Arizona.

VALNATT: Mark Kelly helste tilhengjarane sine på valnatta i heimstaten Arizona.

Foto: Alberto Mariani / AP

Eit sete frå fleirtal

Demokratane og Republikanarane har no sikra seg 49 senatsplassar kvar. Det er to plassar som framleis ikkje er avgjorde, frå delstatane Nevada og Georgia.

Republikanarane treng 51 sete for å fleirtal i Senatet. Demokratane har fleirtal viss dei får ein plass til. Med 50 sete kan dei sikre fleirtal ved å bruke ekstrastemma til visepresidenten.

I Nevada tar demokraten Catherine Masto innpå den republikanske rivalen hennar, Adam Laxhalt, som framleis leiar. Også der står det att ei stor mengd poststemmer i oppteljinga. Vanlegvis er det demokratisk overtal blant poststemmer i USA.

I Georgia har ingen av kandidatane fått over 50 prosent av stemmene, så der blir det omval 6. desember.

Katie Hobbs

GUVERNØR: Katie Hobbs ligg best an til å bli den neste guvernøren i Arizona.

Foto: JIM URQUHART / Reuters

Demokratisk guvernørkandidat leiar

Når det gjeld guvernørvalet i Arizona, så har demokraten Katie Hobbs i natt auka leiinga over republikanske Kari Lake. I Maricopa fylke som er det mest folkerike i delstaten, har Hobbes no 667.000 stemmer, mens Lake har 607.000.

Ifølgje CNN er det framleis matematisk mogleg for Lake å vinne, men sjansen minkar. Framleis står det att mange poststemmer i delstaten.

Kari Lake har utmerka seg ved å støtta fleire konspirasjonsteoriar og påstandar om valjuks i samband med presidentvalet i 2020. Ho har og sett fram ugrunna skuldingar om at valet i Arizona i år er prega av juks.

Skuldingane om juks har vore tilbakeviste av leiaren for valstyret i Maricopa, Bill Gates, fleire gonger under oppteljinga.

Nye skuldingar om juks

Fredag kveld gjekk nasjonalkomiteen i det Republikanske partiet ut med nye skuldingar. På Twitter skriv dei at «Arizona fortener betre»:

– Valet i Maricopa har avslørt djupe feil i leiinga av valet. Vi ønsker transparent, trygg og effektiv oppteljing av stemmene, og viktigast av alt, ei presis og umiddelbar kunngjering av valresultatet som kan bli akseptert av alle veljarar, skriv dei.

Til CNN seier Gates at skuldingane frå toppleiinga i det Republikanske partiet ikkje har grunn i verkelegheita.

– La oppteljinga halde fram. Til slutt, viss dei har noko å klage på, kan dei ta saka til retten. Det har dei full rett til og vi vil akseptere at det skjer, sa Gates.

Det endelege resultatet i Arizona er ikkje venta å vere ferdig før måndag.

Kari Lakes supportere har forfektet valgfusk under mellomvalget i Arizona

PÅSTÅR VALJUKS: Kari Lakes supporterar har hevda at det går føre seg utstrekt valjuks frå Demokratane si side i valet. Dette bildet er frå valvaka til Kari Lake i Scottsdale i Arizona.

Foto: OLIVIER TOURON / AFP

SISTE NYTT

Siste nytt