Hopp til innhold

Demokratar koplar kidnappingsplanar til Trump – får svar på Twitter

Presidentkandidat Joe Biden og Michigan-guvernør Gretchen Whitmer koplar bortføringsplanane mot henne til Donald Trump. Trump seier dei i staden burde takke han.

Michigan Guvernør Gretchen Whitmer

Den kidnappingstrua guvernøren i Michigan, Gretchen Whitmer har kopla trugslane mot henne til utsegner frå president Donald Trump.

Foto: AP/NTB

Presidentkandidat Joe Biden kopla i natt planane om å kidnappe Michigan-guvernør Gretchen Whitmer til ein tweet frå Donald Trump. Den demokratiske guvernøren viste sjølv til kva Trump sa i debatten mot Biden då ho talte til delstatsforsamlinga timar etter at kidnappingsplanane vart kjende.

Trump vart spurd om å ta avstand frå kvite ekstremistar, og svarte med å be gruppa «Proud Boys» om å tre tilbake og å «vere førebudd».

– Hatgrupper høyrde ordet til presidenten, ikkje som om han tok avstand frå dei, men som eit kamprop. Når leiarane våre snakkar, betyr orda deira noko, sa Whitmer, berre timar etter at FBI hadde arrestert 13 menn, sikta for planar om å bortføre guvernøren og utløyse ein borgarkrig.

Meiner Twitter-melding kan ha inspirert

Demokratane sin presidentkandidat Joe Biden seier det er mogleg mennene vart inspirerte av ein tweet frå Trump. I april i år tvitra presidenten «LIBERATE MICHIGAN».

– Trump må forstå at orda han ytra betyr noko, sa Biden då han kom til Arizona torsdag. På spørsmål om han trudde Trump si Twitter-melding kunne ha inspirert mennene som er sikta for kidnappingsplanane, svarte han «ja, det gjer eg».

Fråsegnene har fått Trump til å reagere sterkt på Twitter.

– Guvernør Whitmer i Michigan har gjort ein forferdeleg jobb, skriv Trump natt til fredag norsk tid.

Hus i Hartland i Michigan koblet til boirtføringsforsøk mot Gretchen Whitmer

FBI søkte gjennom blant anna dette huset i Hartland i Michigan i jakta på dei som planla å bortføre guvernøren i Michigan.

Foto: REBECCA COOK / Reuters/NTB

Vil bli takka

Han viser til at det var hans eige justisdepartement og føderale agentar som avslørte planane om å bortføre Whitmer.

– I staden for å seie takk, kallar ho meg ein tilhengjar av kvitt overherredømme, medan Biden og Demokratane nektar å fordømme Antifa, anarkistar, plyndrarar og bandittar som brenner ned byar som er styrte av Demokratane, skriv Trump.

– Eg tolererer inga form for ekstrem vald. Å forsvare alle amerikanarar, også dei som går imot meg og angrip meg, er kva eg alltid vil gjere som presidenten deira. Guvernør Whitmer, opne opp staten din, opne skulane og opne kyrkjene, skriv presidenten.

SISTE NYTT

Siste nytt