Dette kan vanskeleg tolkast som anna enn at partiet nå føler det begynner å haste, og at den eigentlege valkampen bør kome i gang snart.
Kjensla av at McCain blir den største vinnaren i det endelaus bikkjeslagsmålet som nominasjonsprosessen har utvikla seg til, nagar og plagar det demokratiske partiet stadig sterkare.
I dei beste familiar
Dei slåss i dei beste familiar, smiler demokratane tappert. Men dei fleste vil nå ha dette avgjort på denne sida av sommaren. Dei vil ikkje vente til landsmøtet i slutten av august. Dei vil unngå marerittet; at det er to og ein halv månad igjen til valet og dei framleis ikkje veit kven som er presidentkandidaten.
Dette var først nominasjonen som Hillary Clinton i fjor haust skulle vinne så enkelt og lett. Kampanjen var stinn av pengar, og alle utfordrarar var som myggar å rekne. Så kom Barack Obama og begeistra med utstråling og talegåver og lovnader om noe heilt nytt og var den som utover vinteren tok føringa og pengestøtten.
Men pendlar svinger nådelaust. Nå snakkar dei mindre om Obama som den nye Kennedy og lyttar meir igjen til Clinton, som spør om han er valbar. Det merkast til og med ein lett skuffelse over at Obama ennå ikkje har greidd å håve dette i land, trass i fleire sjansar. Mens Clinton vinn ny respekt for den utrulege evna til å reise seg igjen.
Legionærsjuka
Clintons comeback-fest foregjekk i eit forsamlingslokale i Philadelphia der verdas første utbrot av den dødelege legionærsjuka skjedde. Ein mystisk bakterie slo til og drap 34 av deltakarane på landsmøtet til krigsveteranane i American Legion i 1976. Derav namnet.
Enkelte i USA kan naturlegvis ikkje la vere å trekke parallellar ved å hevde at det demokratiske partiet nå er slått av ein like dødeleg smitte, som vil nekte dei nøkkelen til Det kvite huset igjen.
Situasjonen er unekteleg paradoksal. I fjor var Irak-krigen upopulær, økonomien på nedtur, presidenten håplaus og republikansk politikk utan løysingar. Vegen låg open for ein demokratisk kandidat. I dag er krigen og presidenten om muleg enda meir upopulær og det økonomiske stellet verre enn på tiår. Men da er det altså at uro og tvil får lov til å breie seg blant demokratane.
Stort frammøte
Samtidig er dei litt stolte også, partifolka. Dei ser ein entusiasme og begeistring som dei ikkje har opplevd på mange val. I Pennsylvania var frammøtet i nominasjonsvalet tysdag tre gonger større enn normalt. Det ikkje bare lovar godt for demokratane, men for heile det politiske systemet i USA.
Og det foregår politisk debatt, og begge kandidatane har energiske valkampapparat, topp trimma til møtet med John McCain.
Hillary Clinton ville ha leia nominasjonen stort om demokratane delte ut delegatar og stemmer på samme måte som republikanarane, der vinnaren tar alt.
I dag har ho tilnærma null sjanse til å hente inn igjen forspranget til Obama, verken i stemmetal eller delegatar. Og held ho lovnaden sin om å stå løpet ut, blir det superdelegatane som får oppgåva å utpeike den endelege kandidaten. Og det bør skje utan at alle dei som har deltatt i nominasjonsprosessen dei siste månadene, føler seg overkjørte.
Slaget om Indiana
Om halvanna veke er vi i gang igjen. Denne gongen i Nord-Carolina og Indiana. Det er liksom opplest og vedtatt at Obama tar Nord-Carolina, der det er mange svarte veljarar. Slaget kjem til å stå om Indiana, som er meir i Clintons gate.
I 40 år er det ingen som har brydd seg om nominasjonsvalet i denne vesle staten. Alt har vore avgjort før Indiana, som elles plar går til den republikanske kandidaten uansett. Lyndon B. Johnson er den einaste demokraten som har vunne her dei siste 80 åra. Men nå om dagen står det presidentkandidatar på kvart gatehjørne og vil så gjerne helse på.
Dette er staten der folk nærast gjorde opprør da guvernøren for noen år sidan innførte sommartid, som var normalt i resten av USA. Det er noe å ha i mente for Obama: Endring, slagordet hans, er ikkje noe ein vinn på i Indiana.