NRK Meny
Normal

Demokratane vil etterforske Trump-donasjon

Demokratar i Kongressen ber om etterforsking av ein Trump-donasjon til politisk støtte av ein delstatsadvokat som gjekk vekk frå eit mogleg søksmål mot Trump University.

Campaign 2016 Clinton Trump University Donald Trump, Pam Bondi

Bondi og Trump, her på veg til eit kampanjemøte i Florida 24. august, nektar for at donasjonen har påverka avgjersla til Floridas påtalemyndigheit om å droppe rettssaka mot Trump-universitetet,

Foto: Gerald Herbert / Ap

Demokratar i Kongressens justiskomité bad tysdag om ei føderal etterforsking av det dei meiner er ein upassande donasjon på 25 000 dollar som Trump si velgjerdsstifting skal ha gitt ei politisk gruppe som støtta leiaren av Floridas påtalemyndigheit, Pam Bondi. Kontoret til delstatsadvokaten var i ferd med å vurdere søksmål mot det omstridde Trump University.

Samtidig kom det fram frå leiaren av påtalemyndigheiten i New York, Eric Schneiderman, at dei har etterforska Trump sin veledighetsorganisasjon for å avgjere om dei har følgt loven når det gjeld «ideelle organisasjonar».

Bondi støttar Trump som presidentkandidat

Bondi skal ha etterspurt pengane i ein telefonsamtale i 2013 etter at kontoret hennar tok imot klager frå studentar ved Trump University om at dei blei svindla av skulen som har marknadsført seg som ein rask måte å bli rik eigedomsmeklar.

Pengane kom berre dagar etter at Bondis kontor fortalde at dei såg på eit søksmål mot Trump University frå Schneiderman. Bondi saksøkte aldri Trump, men nektar at donasjonen skal ha spelt ei rolle. Ho seier at ho ikkje visste om brukarklagene kontoret hennar hadde fått frå elevar frå Trump University.

US-GOP-PRESIDENTIAL-NOMINEE-DONALD-TRUMP-HOLDS-RALLY-IN-JACKSONV

Pam Bondi har offentleg gitt si støtte til Trump sitt presidentkandidatur. Her på eit folkemøte i Jacksonville tidleg i august.

Foto: MARK WALLHEISER / Afp

Bondi har gitt Trump si støtte som presidentkandidat og har delteke på kampanjemøte for han.

– Dette indikerer at betalingane kan ha påverka Bondis avgjersle om ikkje å føre noko sak mot Trump, skriv John Conyer, demokratisk representant frå Michigan, i eit brev til justisdepartementet, og seier at fleire lover kan ha blitt brotne her.

– Dette er berre nok eit stunt frå venstresida

Trump har tidlegare skrytt av korleis han får tenester frå politikarar han har donert pengar til. Samtidig har han gått hardt ut mot Hillary Clinton og hennar og mannens veldighetsorganisasjon.

USA-ELECTION/FOUNDATION Former U.S. President Bill Clinton speaks during the Clinton Global Initiative's 2015 Winter Meeting in New York

Clinton-ekteparet si velgjerdsstifting Clinton Global Initiative har også fått mykje kritikk for å ha påverka Hillary Clinton sitt politiske virke.

Foto: BRENDAN MCDERMID / Reuters

– Eric Schneiderman er partisk, og har lukka auga for Clinton Foundation i fleire år og har gitt Hillary Clinton sin støtte som presidentkandidat. Dette er berre nok eit stunt frå venstresida for å distrahere oss frå «Kjeltringen Clinton»s katastrofale veke, seier Jason Miller frå Trump-kampanjen ifølge Washington Post.

Veledighetsorganisasjonen til Trump har fleire gonger kome i medias søkelys, og ifølge Washington Post er det fleire ankepunkt i etterforskinga, som går breiare ut enn berre donasjonen til Bondi-støttegruppa. Dei skal også undersøke saker der Trump har brukt stiftinga sine pengar til å kjøpe ein signert fotballhjelm til 12 000 dollar og eit portrett av seg sjølv til 20 000 dollar.

Trump skal allereie ha betalt ei bot for Bondi-donasjonen fordi den braut med amerikansk lov som seier at veledighetsorganisasjonar ikkje kan gi politisk pengestøtte.

Laster Twitter-innhold
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt