Hopp til innhold

Delte ut gratis operabillettar til forbipasserande – få stoppa opp

For å understreke temaet i stykket «Forkledd Gud» prøvde Folkoperan i Stockholm ein ny type distribusjon av billettar – via tiggande romfolk.

– Vil ville gjere folk merksame på førestillinga og det den handlar om – å usynleggjere migrantar som kjem til Sverige, seier Josefin Richards, kreativ direktør i reklamebyrået INGO som samarbeider med det svenske operahuset Folkoperan.

Med stykket «Forkledd Gud» vil dei gi folk sjansen til å sjå og bli kjend med menneske vi har gjort usynlege i samfunnet, seier ho til NRK.

Tolv timar før nokon stoppa opp

Fleire av EU-innbyggarane som er med i stykket blei i januar plassert rundt i byen på stader der folk har blitt vande med å haste forbi, saman med skjulte kamera.

Først etter tolv timar var det ein som stoppa for å lese skiltet, og kunne gå derifrå med to billettar til oppsetjinga.

Josefine Richards

Josefin Richards i reklamebyrået INGO seier at dei ville få folk til å sjå dei som for mange blir usynlege i ein hektisk kvardag.

Foto: Timo Orre

Richards fortel at dei heller ikkje venta at mange skulle stoppe opp. Det var nettopp litt av poenget med stuntet.

– Ein stoppar jo ikkje opp sjølv heller. Ein har blitt så vane med det. Vi ville minne folk om at dette er menneske med like varierte historier som det vi har.

Ho fortel at reaksjonane har vore blanda, som forventa, og at dei går langs dei vanlege skiljelinjene i debatten om tigging. Richards er likevel nøgd og fortel at mange har blitt nysgjerrige på stykket.

PR-stunt for "Forkledd Gud"

At ikkje mange tek seg tid til å lese kva som står på plakaten fekk folka bak stykket "Forkledd Gud" erfare då dei prøvde å gi vekk gratis operabillettar på gata.

Foto: Georg Bungard

«Forkledd Gud» i ny drakt

Stykket er ein lyrisk suite komponert i 1940 av komponist Lars-Erik Larsson til tekstar av Hjalmar Gullberg. Stykket handlar om den greske guden Apollon som er tvunge til å vere på jorda forkledd som eit vanleg menneske.

I den nye oppsetjinga er Apollon ei rom-jenterom vi følger via ein skjerm frå frodige grøne landskap til den kalde betongen i byen, ifølge Aftonbladet si melding av stykket. «Vakkert, roleg og veldig vemodig på same tid», er deira dom.« Vår tids forkledde Gud?» spør Dagens Nyheter, som ikkje synest dei har lukkast heilt i forsøket på å aktualisere stykket frå andre verdskrig.

Frå stykket "Forkledd Gud" på Folkoperan
Foto: Foto Markus Gårder

Hovudrollene i årets oppsetjing er besett av blant anna Lill Lindfors, Björn Kjellmann og Astrid Assefa. Dei får selskap på scena av EU-innbyggarar som fortel sine livshistorier og den serbiske trekkspelartisten Lelo Nikas.

«Forkledd Gud» hadde premiere 15. februar og går til 26. mars.

SISTE NYTT

Siste nytt