Hopp til innhold

Ekteparet som deler Afrika mellom seg

Frå Nairobis forstad Karen, der den danske forfattarinna Karen Blixen hadde sin afrikanske farm, dekker ekteparet Christine Præsttun og Sverre Tom Radøy saman Afrika for NRK.

Created by InfoDispatcher

BLI MED HEIM TIL KORRESPONDENTANE: Mykje skal gjerast før live-sending på Søndagsrevyen. Foto/redigering: Katarina Theis-Haugan

– Det folk ikkje ser, er alt det administrative arbeidet, seier Christine Præsttun. Ho og ektemannen Sverre Tom Radøy deler på jobben som Afrika-korrespondent.

Christine Præsttun i Abuja, Nigeria

AFRIKAKORRESPONDENT: Det har vorte fleire turar til Nigeria for Christine Præsttun, her i hovudstaden Abuja.

– Den som er «av vakt» fungerer ofte som sekretær. Det tek tid og arbeid å kome seg rundt på dette kontinentet. Vi har opplevd å måtte søke fem gonger på eit og same visum. Alt skal stemme, både stempel og riktig brevpapir er viktige for at prosessen skal gå smertefritt, seier Præsttun.

Dei har i alle fall kome seg til Oslo, i anledning korrespondentveka, då alle NRK sine korrespondentar møtest på Marienlyst. I tillegg til eit felles møte med publikum på onsdag i Store Studio, er dei også å treffe i Urix tysdag kveld.

Møt våre korrespondenter - i kveld Christine Præsttun og Sverre Tom Radøy. Aktualitetsmagasin fra NRKs utenriksredaksjon. Programleder er Gry Blekastad Almås.

Møt Christine Præsttun og ektemann og kollega Sverre Tom Radøy i Urix.

Ikkje berre svart

Tysdag kveld er det Afrika-spesial, og det er mykje å ta tak i. Etter ebola-krisa har Boko Haram og deira herjingar i Nigeria vore langt framme i nyhendebiletet, ikkje minst kidnappinga av hundrevis av skulejenter, ein sak som Præsttun har følgt tett. Og dei siste vekene har det vore store protestar i Burundi mot president Pierre Nkurunziza som vil stille til ein tredje periode.

– Men vi er opptekne av å også fortelje dei positive historiene, seier Sverre Tom Radøy.

Rodney Sieh og Sverre Tom Radøy

AFRIKAKORRESPONDENT: Sverre Tom Radøy saman med redaktøren av FrontPage Africa, liberiske Rodney Sieh.

Foto: NRK

– Det er viktig for oss å dekke dette kontinentet som eit kvart anna kontinent. Ikkje berre svartmåle, men heller ikkje forgylle. Afrika har alt. Det beste er kor opne folk er. Folk har ei utruleg evne til å takle dei verste ting, for så å reise seg og leve vidare, fortel Radøy.

Gjer kvarandre betre

Dei har no budd i Kenya i snart eitt år, med to døtrer på 5 og 8 år som har lagt seg til ein imponerande britisk aksent, fortel Radøy. Kontor deler ekteparet med journalistar frå andre land, noko som er nyttig for å knyte kontaktar. Men den viktigaste kollegaen er den andre.

– Alt vi gjer vert betre fordi vi er to. Vi går gjennom kvarandre sitt manus. Vi støttar kvarandre, og ikkje minst drodlar vi idear saman, fortel Christine Præsttun til Katarina Theis-Haugan i ein «Heime hos»-reportasje i anledning korrespondentveka.

Afrikanske musikarar kritiske til Bob Geldof sitt Band Aid-prosjekt.

FRÅ SØNDAGSREVYEN: Afrikanske musikarar gir ut ebola-song og kritiserer Band Aid.