Hopp til innhold

Delar av Krim er utan straum

Delar av utbrytarrepublikken Krim vart utan straum søndag, noko som visstnok skuldast ein teknisk feil på ei kraftline frå Ukraina.

Ifølgje innbyggjarane på Krim-halvøya forsvann elektrisiteten fleire stader på søndag, blant anna i delar av hovudstaden Simferopol.

Det lokale energiselskapet Krimenergo seier det var brot på ein kraftline som vert operert av Ukraina sitt nasjonale energiselskap Ukrenergo.

Truga med tiltak

Straumbrotet skuldast visstnok ein feil på lina, og straumen måtte stengast av medan feilen vert utbetra, seier Krimenergo. Ukrenergo har ikkje kommentert feilen.

Onsdag tryga styresmaktene i Ukraina med passande tiltak, blant dei også tiltak av teknisk og teknologisk karakter, dersom det ikkje vart slutt på provokasjonane mot ukrainske styrkar på halvøya.

Styresmaktene på Krim, som etter ei folkeavstemming erklærte seg uavhengige frå Ukraina og søkte om å bli ein del av Russland, oversåg åtvaringa og russiske styrkar har dei siste dagane erobra dei fleste ukrainske militærbasane og installasjonane på halvøya.

Det er ikkje påvist at det er ukrainske styresmakter som har kutta straumen til Krim.

SISTE NYTT

Siste nytt