Del av sakna Malaysia-fly kan vere funnen

På øya Reunion i Det indiske hav vart det i dag funne ein del av eit fly. Ekspertar meiner delen kan høyre til flyet frå Malaysia Airlines som forsvann sporlaust i mars i fjor.

FRANCE-OVERSEAS-REUNION-ACCIDENT-AVIATION-INVESTIGATION

Politiet tek med seg flapsen som var skylt på land på La Reunion i dag. No skal dei finne ut om den tilhøyrar det sakna MH370. Sjå video frå funnstaden.

Ingenting er stadfesta, men mange spekulerer i om flydelen som vart vaska i land på den franske øya kan høyre til flyet frå Malaysia Airlines som har vore sakna sidan 8. mars i fjor.

Det er ein flaperon, ein del av ei flyvengje, som skal ha kome opp frå sjøen. På Twitter er det delt fleire bilete av flydelen. Det var nettstaden Zinfos974 som melde om funnet først.

FRANCE-OVERSEAS-REUNION-ACCIDENT-AVIATION-INVESTIGATION

Fransk politi har starta etterforsking for å fine ut opphavet til denne flydelen.

Foto: YANNICK PITON / Afp

Politiet på den franske øya undersøker no flydelen, som heilt tydeleg har vore i sjøen ei stund.

– Det er altfor tidleg å seie om delen høyrer til MH370. Me fann delen no på morgonen ved kysten av Saint Andre, seier ein tilsett i det franske luftforsvaret på Reunion til CNN.

Flyekspert har sett fleire hundre bilete

Ein tidlegare pilot og flyentusiast som den britiske avisa The Telegraph har snakka med har sett fleire detaljerte foto av vingen, og meiner at det kan høyre til det sakna flyet.

– Eg har sett på hundrevis av foto, og snakka med kollegaer. Og me trur alle at det kan vere ein vengje som tilhøyrar Boeing 777 – den same flytypen som MH370, seier Xavier Tytelman til Telegraph.

MH370 er namnet på flighten som ei heil verd har vore oppteken av. Signala frå flyet forsvann plutseleg på radarskjermane, og det har i ettertid kome mange teoriar om kor flyet forsvann. Dei villaste teoriane har gått på at flyet har landa på ei aude øy i Det indiske hav eller Nord-Korea.

MALAYSIA airlines MH370 savnet fly

Det er eit fly som dette som har vore sakna sidan mars i fjor. No meiner fleire at flyet er funne på øya Reunion.

Foto: STRINGER / Reuters

– Kan ha svar innan få dagar

Det har blitt gjennomført leiteaksjonar i enorme område, deriblant i Det indiske hav, kor Reunion ligg. Det var 239 menneske frå 15 ulike land om bord då flyet forsvann.

Fransk politi på Reunion har vore i kontakt med politiet i Australia, som er hovudansvarlege for etterforskinga etter flystyrten. Saman skal dei undersøke flydelen, men det er uvisst kor lang tid dette vil ta.

– Men om flaperonen verkeleg tilhøyrar MH370, så vil ein raskt kunne identifisere dette. Om nokre få dagar vil ein ha kome fram til eit klart svar, meiner Tytelman.

Laster kart, vennligst vent...

MH370 skulle frå Kuala Lumpur til Beijing. No kan ei vengje vere funnen på Reunion i Det indiske hav.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt