Hopp til innhold

Dei vann valet - men makt er ikkje viktigast

Å danne regjering blir ingen enkel øving for Lars Løkke Rasmussen. Gårsdagens valvinnar og det største borgarlege partiet, Dansk Folkeparti, er nemleg ikkje så opptekne av ministerpostar.

Dansk Folkeparti

Kristian Thulesen Dahl er valets store vinnar. Spørsmålet er om Dansk Folkeparti no går inn i regjering.

Foto: Keld Navntoft / NTB scanpix

Dei borgarlege partia vann gårsdagens val, og er stort sett einige om at Lars Løkke Rasmussen er mannen som eventuelt skal bli statsminister for regjeringa. Men det er mange andre skjær i sjøen.

Lars Løkke Rasmussen

Mange lurer på om Venstre-leiar Lars Løkke Rasmussen bit over for mykje når han no skal forsøke å danne regjering med støtte frå Dansk Folkeparti.

Foto: DRAGO PRVULOVIC / SCANPIX / SCANPIX

Dansk Folkeparti er største blå parti

For sjølv om Løkke Rasmussen no kan få tilbake kontoret som han mista for fire år sidan, så vart partiet hans, Venstre, ein av valets taparar i går.

Valvinnar vart derimot Dansk Folkeparti (DF), som er Danmarks svar på det norske Framstegspartiet (Frp), og som på fleire punkt stiller seg endå lengre til høgre enn Frp. Partiet får 37 mandat, mot Venstres 34 mandat.

Dansk Folkepartis (DF) formann, Kristian Thulesen Dahl, har gjennom heile valkampen vore tydeleg på at det å få regjeringsmakt er ikkje det viktigaste for partiet.

«Påverknadskraft er viktigare enn makt», har vore mantraet. Og sjølv om det vert veldig vanskeleg å kome utanom regjeringsmakta etter det gode resultatet, så det framleis uklart om den soleklare valvinnaren og det største blå partiet i dansk politikk faktisk vil inn i regjering.

Då Thulesen Dahl haldt sin takketale framfor partiet i går kveld, så vart ikkje Venstre eller DF i regjering nevnt med eit einaste ord.

På leiarplass i Jyllands-Posten får redaktøren så langt som å kalle det eit totalsvik overfor DF sine veljarar om dei ikkje går inn i regjering.

– Der det er vilje, finst det ein veg

Partiet skil seg dermed frå Frp som ved stortingsvalet for to år sidan gjorde det klart at dei ikkje ville støtte ei regjering som dei ikkje var ein del av.

– Valresultatet skal bestemt gjerast om til påverknadskraft, og me har store ambisjonar om å få gjennomslag, sa Thulesen Dahl, då partileiarane møttest til debatt etter at DFs valsiger var eit faktum i går.

Heller ikkje i nattas debatt vart det sagt at DF skal i regjering. For først skal det snakkast, og praten startar no. Mykje tyder på at Lars Løkke Rasmussen vil få ei utfordring med å skaffe seg nok ryggdekning for å på ny kunne bli Danmarks statsminister på ny.

For i tillegg til Dansk Folkeparti og Løkke Rasmussens parti Venstre, så er det også to borgarlege parti med i dansen. Og dei to partia står eit stykke unna Dansk Folkeparti dei også.

– Det blir spennande. Det blir veldig, veldig interessant. Me er einige om at me vil ha Lars Løkke Rasmussen som statsminister. Og eg gler meg til å samarbeide. Sjølvsagt kan det la seg gjere å samarbeide. Der det er vilje, finst det også ein veg, sa Anders Samuelsen, som er leiar for den andre store vinnaren i gårsdagens val, Liberal Alliance.

Denmark Election Lars Loekke Rasmussen, Morten Oestergaard, Helle Thorning-Schmidt

– Uoversiktleg, seier Helle Thornings Schmidt om Lars Løkke Rasmussens borgarlege fløy. Her helsar dei to på kvarandre under den aller siste partileiardebatten onsdag kveld.

Foto: Unger Anthon / Ap

Thorning Schmidt: – Uoversiktleg

Også De Konservative er venta å delta i regjeringsforhandlingar. Men partiet er såpass små etter nok eit dårleg val, med 3,4 prosent av stemmene og seks mandat, at leiaren ikkje har særleg tru på regjeringsmakt.

– Når får me sjå. Me møter opp til dei forhandlingane som me blir bedne til, sa partileiar Søren Pape Poulsen, som innrømma at regjeringsmakt ville bli vanskeleg.

Blant dei største stridsspørsmåla er bruken av pengar i offentleg sektor. DF ønsker ein vekst på 0,8 prosent i året, medan Dansk Folkeparti vil ha nullvekst. I tillegg vil DF bruke meir pengar på trygdesystemet, ha ein strengare asylpolitikk, innføre grensekontroll på ny og reformere EU.

– Det er ein uoversiktleg borgarleg fløy, konstaterte avtroppande statsminister Helle Thornings Schmidt under nattas partileiardebatt, og sette med det kanskje ord på den politiske situasjonen i Danmark i dagane framover.

Rapport fra København om valget

NRKs reportarar i København snakkar om valet - dagen derpå.

SISTE NYTT

Siste nytt